Masterstudentane Maria og Camilla laga teater med fengselsinnsette

– Å jobbe med teater i fengselet var utfordrande og utviklande, seier kunstfagstudentane Maria Lillestøl og Camilla Trosterud. Praksisperioden innanfor murane resulterte i ei førestilling saman med dei innsette på HVL sin campus på Kronstad.

Teater i fengsel er eit internasjonalt fenomen, der innsette frivillig tek del i drama- og teaterprosessar for å utforske mellommenneskelege dilemma og lage ein produksjon i lag.

Maria Lillestøl og Camilla Trosterud går på deltidsutdanninga i master i kunstfag ved HVL. Dei er del av eit internasjonalt prosjekt, der innsette i Noreg, Italia og Hellas har dykka ned i Shakespeare sitt univers om Romeo og Julie.

Respekt, humor og tolmodigheit

Praksisperioden som dei gjennomførte i Bjørgvin fengsel, og det etterfølgjande førestillinga,  har sett sine spor.

– Vi var spente på kva som venta oss første dagen vi møtte opp i fengselet, og vi var spente på å møte dei, seier Maria Lillestøl.

– Då vi jobba saman med dei innsette, opna dei seg opp for oss. Dei gjekk inn i arbeidet med respekt, engasjement, humor og tolmodigheit. Det var ei flott erfaring, fortel Camilla Trosterud.

Sin eigen versjon av Romeo og Julie

Gjennom samarbeidet med dei to masterstudentane og faglærar Astrid Koppen Mjanger, skreiv to av dei innsette i Bjørgvin fengsel sin eigen versjon av Romeo og Julie. Deltakarane sine eigne historier og opplevingar blei på denne måten ein del av plottet.

– Deltakarane i prosjektet ønska å sette søkelys på den doble straffa som ligg i det å sone, sidan dette får store konsekvensar både for den innsette og dei pårørande, fortel Mjanger.

I den nye forteljinga var Romeo fengsla og sat innanfor murane, medan Julie levde utanfor murane. Problemet var komplekst: Julie blei hardast ramma av fengslinga fordi ho sat åleine utanfor murane. Aleine med saknet, smertene, skamma og sorga. I eit uuthaldeleg liv.

Romeo søkte om permisjon for å ta seg av kjærasten som blei sjukare og sjukare, men søknaden blei gløymt. Det gjorde også Romeo sjølv. På utsida av murane, måtte det uunngåelege skje. Då Romeo endeleg fekk permisjon, var det for å gå gravferda til Julie.

Søkelys på ulike sider av livet

Dosent Mette Bøe Lyngstad er leiar for emnet anvendt teater sammen med Katrine Heggstad. Ho påpeikar at teaterforestillinga set historia på spissen, men at delar av scenarioet dessverre er gjenkjenneleg for fleire av dei innsette.

– Å ta i bruk teater for å sette søkelyset på ulike sider av livet er ikkje berre mogleg, men også nødvendig, seier ho.

HVL-studentar har tidlegare vore involvert i prosjekt i fengselet, men dei har aldri blitt vist utanfor murane. Det gjorde årets førestilling.

Nært og ærleg

Når dei innsatte blei invitert til Høgskulen på Vestlandet for å spele førestillinga var det nettopp for å la fleire studentar og tilsette både sjå førestillinga og ta del i samtalen etterpå under leiing av Astrid Koppen Mjanger.

Dei som var med fekk oppleve noko unikt på ei scene. Innsette som delte meiningane sine, «beskytta» av kunsten.  

– Skodespelarane formidla innhaldet nært og ærleg. Det er sjeldan vare, seier forskingsprogramleiar Tiri Bergesen Schei.

For masterstudentane Camilla og Maria har teaterarbeidet både i og utanfor murane, vekt interesse for eit felt innan kunstfaget som dei visste lite om før dei gjekk inn i det.

– Vi ønskjer å kome tilbake til fengselet for å jobbe med teater der igjen, seier dei.