Spør ein bibliotekar

Har du spørsmål om litteratursøking og kjeldebruk eller treng hjelp med referansar, Zotero eller EndNote? Kom på rettleiing!

Alle rettleiingsenester er stengt for semesteret. Opnar att måndag 13. januar.

Rettleiing på nett

Det er fleire bibliotekarar på jobb, og du får snakke med oss enkeltvis. I Zoom brukar vi venterom om det er stor pågang.

Problem med nettlenka? Installere Zoom på PC-en og opne møtet via appen
(Møte-ID: 622 6815 6099 / Passord: 376222).

Rettleiing på campus

Bergen - Søkeakutten: Drop in-rettleiing tysdagar kl. 9-11 på rom D130 og onsdagar kl. 13-15 i skrankeområdet.
Førde: Henvend deg i skranken for rettleiing.
Haugesund: Henvend deg i skranken for rettleiing.
Sogndal - Studieverkstaden: Drop in-rettleiing onsdagar kl. 13.15-15 på Kjernehuset.
Stord:
Henvend deg i skranken for rettleiing.

Rettleiing etter avtale (hovudsakleg ved master)

Det er forventa at studentar i første omgang nyttar eitt av våre drop-in-rettleiingstilbod. Dersom du som masterstudent likevel har behov for vidare søkehjelp, er det mogleg å avtale éin-til-éin-rettleiing med din kontaktbibliotekar. Dette gjer du anten ved å bruke vårt bestillingsskjema for rettleiingshjelp eller ved å ta direkte kontakt med din kontaktbibliotekar
  
Ver merksam på at denne tenesta ikkje erstattar vanleg klasseromsundervisning frå biblioteket. Masterstudentar som ønsker rettleiing frå bibliotekar, må ha formulert ei (foreløpig) problemstilling, gjort nokre innleiande søk med relevante søkeord og fått ei viss oversikt over temaet sitt i forkant.  

For tips og råd til korleis du går i gang med søkeprosessen, sjå Søk & Skriv eller kunnskapsbasertpraksis.no