Fysisk aktivitet og folkehelse
Forskinga vår er retta mot fysisk aktivitet i helsefremjing, førebygging og behandling gjennom heile livet.
Me arbeider med eit bredt spekter av tema og forskingsprosjekt, med hovudvekt på å forstå og fremme fysisk aktivitet blant barn og unge. Forskinga vår fokuserer på
- Fysisk aktivitet hjå barn: Me undersøker fysisk aktivitetsnivå og korleis fysisk aktivitet påverkar barn si helse, utvikling, læring og trivsel. Undersøking av samanhengar mellom fysisk aktivitet, fysisk form, motorikk, kognisjon, sjølvregulering er sentrale fokusområde
- Intervensjonsforsking i barnehage og skule: Me gjennomfører store studiar av kompetanseutviklingstiltak for å fremme fysisk aktivitet blant barn i barnehage og skule. Evaluering inkluderer effektevaluering knytt til barn si utvikling og prosessevaluering for å forstå kva som fungerer, for kven, og under kva omstende.
- Utvikling og kvalitetsvurdering av måleinstrument: Me arbeider med å utvikle og vurdere måleeigenskapar for måleinstrument for måling av fysisk aktivitet, fysisk form, motorikk, sosial-emosjonell fungering og trivsel.
- Utvikling av observasjons- og kartleggingsverktøy for barnehagen: Me utviklar verktøy som kan nyttast for å kartlegge fysisk aktivitet i barnehagen til bruk i forsking og pedagogisk utviklingsarbeid.
- Utvikling av analysemetodar for fysisk aktivitetsdata: Me arbeider med å utvikle multivariat mønsteranalyse for bruk med akselerometerdata på best mogleg måte. Dette inkluderer praktisk bruk, tolking av resultat og utvikling av programvare.
- Helseeffekten av sykling: Me undersøker korleis sykling, både med tradisjonelle syklar og el-syklar, påverkar fysisk helse og livskvalitet.
- Doping i idrett: Me studerer korleis astmamedisin kan påverke fysisk prestasjonsevne og korleis bruk av desse medisinane kan avdekkast. Me studerer også haldningar til doping, med sikte på å førebygge dopingbruk og fremme rein idrett.
Pågåande forskingsprosjekt
Forskargruppeleiar
Medlemmer
- Ada Kristine Ofrim Nilsen
- Amund Riiser
- Ane Kristiansen Solbraa
- Anna Chalkley
- Anthony David Okely
- Birte Barsnes Frøyd
- Bjarne Martens Nes
- Einar Ylvisåker
- Elisabeth Straume Haugland
- Ellen Eimhjellen Blom
- Hege Eikeland Tjomsland
- James Robert Rudd
- Katrine Nyvoll Aadland
- Kjersti Johannessen
- Lars Bo Andersen
- Michael Grasdalsmoen
- Silje Blindheim
- Solveig Nordengen Hatlevoll
- Thomas Mountjoy
- Torunn Herfindal
- Tracey Joyce
- Turid Skrede
- Øystein Lerum
- Øyvind Hansen Hamre