Active Learning Norwegian Preschool(er)s (ACTNOW)

ACTNOW er eit storskala forskings- og utviklingsprosjekt knytt til kompetanseutvikling for fremming av fysisk aktivitet i barnehagen. I tett samarbeid med barnehagane som deltek i prosjektet, er målet å utvikle gode og bærekraftige modellar for meir og betre fysisk aktivitet i barnehage. Samtidig vil me utvikle meir kunnskap om korleis fysisk aktivitet påverkar barn si utvikling, læring og helse.

Fysisk aktivitet i barnehagen

Fysisk aktivitet er viktig for å fremme barn si utvikling og helse. Det er imidlertid aukande bekymring knytt til lågt fysisk aktivitetsnivå hjå barnehagebarn. Ettersom 97% av 3-5 år gamle barn i Noreg går i barnehagen og får mesteparten av sin daglege fysiske aktivitet i barnehagen, er barnehagen ein unik arena for fremming av fysisk aktivitet, helse og utvikling, for å gi alle barn den beste starten i livet.

Mål

Målet med ACTNOW er å utvikle og gjennomføre ein effektiv og bærekraftig modell for kompetanseutvikling for personale i barnehagen for å auke fysisk aktivitet i barnehagen, fremme fysisk aktivitet i samfunnet, betre barn si helse og utvikling og redusere sosial ulikhet i helse og utvikling gjennom tidleg innsats. Gjennom denne tilnærminga ynskjer me å fremme innovasjon i offentleg sektor, å forme framtidig folkehelse, oppvekst og utdanningspolitikk, og leggje grunnlaget for eit fysisk aktivt, likeverdig og bærekraftig samfunn.

Informasjonsvideo til barnehagar og foreldre

Kompetanseutvikling

Tilsette i barnehagar i tiltaksgruppa gjennomfører ei 7 månadars kompetanseutvikling, med muligheit for å oppnå 15 studiepoeng, med vidare samarbeid og oppfølging i eitt år. Tiltaket vil såleis totalt gå over ein periode på 18 månadar. Prosjektet gjennomførast i to bølgjer, 2019-2021 og 2020-2022, med ulike barnehagar. Kompetanseutviklinga fokuserer på fysisk aktivitet, leik, helse, utvikling og læring hjå barnehagebarn og utviklingsarbeid i barnehagen. Tiltaket vil bli utvikla i tett samarbeid med barnehageeigarar og relevante aktørar for å sikre utvikling av relevante og bærekraftige modellar for kompetanseutvikling i barnehagesektoren.

Evaluering

Prosjektet vil bli evaluert på to nivå, for barnehagar og for barn, i eit stort utval av barnehagar på Vestlandet. På barnehagenivået vil me undersøke korleis tiltaket påverkar praksis knytt til fysisk aktivitet. Hjå barn vil me undersøke verknaden av tiltaket på fysisk, motorisk, sosio-emosjonell og kognitiv utvikling.

Tiltaksforsking for tidleg innsats

Gjennom ACTNOW har me mål om å byggje eit nasjonalt og internasjonalt leiande tverrfagleg forskingsmiljø innan tiltaksforsking knytt til integrering av fysisk aktivitet, folkehelse, oppvekst og utdanning, som kan vere eit springbrett for innsats når det gjeld fremming av fysisk aktivitet og menneskeleg kapital hjå små barn.

Publikasjonar

Aadland KN, Lervåg A, Ommundsen Y, Aadland E. Structural validity of the Norwegian version of the Strengths and Difficulties Questionnaire in children aged 3-6 years. Frontiers of Psychology 2022, https://doi.org/10.3389/fpsyg.2022.1024918

Krogager Albertsen H, Aadland KN, Johannessen K, Jones R, Aadland E. Associations between the movement environment and preschooler’s physical activity and sedentary time in Norwegian preschools. European Early Childhood Education Research Journal 2022, https://doi.org/10.1080/1350293X.2022.2147562

Aadland E, Nilsen AKO, Haugland ES, Vabø KB, Aadland KN. The multivariate physical activity signatures associated with body mass index and waist-to-height ratio in 3–5-year-old Norwegian children. Preventive Medicine Reports 2022: 29: 101930 https://doi.org/10.1016/j.pmedr.2022.101930

Aadland KN, Nilsen AKO, Lervåg AO, Aadland E. Structural validity of a test battery for assessment of fundamental movement skills in Norwegian 3–6-year-old children. Journal of Sports Sciences 2022, https://doi.org/10.1080/02640414.2022.2100622

Vabø KB, Aadland KN, Howard SJ, Aadland E. The multivariate physical activity signatures associated with self-regulation, executive function, and early academic learning in 3–5-year-old children. Frontiers in Psychology 2022: 13: 842271. https://doi.org/10.3389/fpsyg.2022.842271  

Aadland E, Tjomsland HE, Johannessen K, Nilsen AKO, Resaland GK, Glosvik Ø, Lykkebø O, Stokke R, Andersen LB, Anderssen SA, Pfeiffer KA, Tomporowski PD, Størksen I, Bartholomew JB, Ommundsen Y, Howard SJ, Okely AD, Aadland KN. Active Learning Norwegian Preschool(er)s (ACTNOW) – design of a cluster randomized controlled trial of staff professional development to promote physical activity, motor skills, and cognition in preschoolers. Frontiers in Psychology 2020: 11:1382, https://doi.org/10.3389/fpsyg.2020.01382

Deling av data

Data frå ACTNOW-prosjektet kan delast med andre forskarar for å undersøkje nye forskingsspørsmål. Data som blir delt er avidentifisert og framstår dermed som anonyme for forskarar som mottek data då dei ikkje kan kople opplysningane til deltakarar i prosjektet (pseudonymisering). All deling av data avklarast med personvernombodet ved HVL.

Oversikt over ny bruk av data:


bilde av Eivind Aadland

Eivind Aadland

Prosjektleiar

Prosjektgruppe

Eksterne medlemmar

  • Professor Sigmund Alfred Anderssen, Norwegian School of Sport Sciences, Professor II HVL
  • Associate Professor Jostein Steene-Johannessen, Norwegian School of Sport Sciences
  • Professor Yngvar Ommundsen, Norwegian School of Sport Sciences
  • Professor Ingar Morten Holme, Norwegian School of Sport Sciences
  • Professor Arne Lervåg, University of Oslo, Professor II HVL
  • Associate Professor Elisabeth Bjørnestad, Oslo Metropolitan University
  • Professor Ingunn Størksen, University of Stavanger
  • Professor Anthony (Tony) Okely, University of Wollongong, Australia
  • Professor Caterina Pesce, University of Rome, Italy
  • Professor Phillip Tomporowski, University of Georgia, USA
  • Associate Professor Karin Pfeiffer, Michigan State University, USA
  • Associate Professor Steven Howard, University of Wollongong, Australia
  • Professor John Bartholomew, University of Texas, USA
  • Professor Bryan A McCullick, University of Georgia, USA
  • Professor Miranda Thurston, Inland University of Applied Sciences
  • Associate Professor Line Olesen, University of Southern Denmark, Denmark
  • Professor Jorge Mota, University of Porto, Portugal