Hydrogengass kjemisk symbol

Kurs i hydrogenteknologi

Vidareutdanning på bachelornivå

Vil du lære meir om hydrogenteknologi? HVL tilbyr ei kurspakke for leiarar og tilsette i næringsliv og offentleg sektor som ønskjer å heve hydrogenkompetansen. Pakka består av fleksible modular som ein kan ta på deltid, ved sidan av jobb.

Nettstudium

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Du søker opptak på eitt og eitt kurs. Trykk knappen «Søk studieplass» eller gå inn via Søknadsweb. Velg rad for «Vidareutdanning og halvtårsstudium». Etterpå velger du frå lista «Videreutdanning høst 24». Trykk «Legg til» før du sender søknaden.

    Du kan velge om du vil gå opp til eksamen og få studiepoeng for kurset, eller få tilsendt kursbevis om du ikkje tar eksamen. Om du ønsker kursbevis må du har fått godkjent obligatorisk læringsaktivitet. 

    Opptakskrav

    Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

    HYD802 har krav om fullført HYD801.

    Om å søke opptak til HVL

    Kvifor ta kurs i hydrogenteknologi? 

    Vi følger opp regjeringa sitt mål om å bli eit berekraftig og hydrogenbasert samfunn. Ei av dei mest aktuelle løysingane er å bruke hydrogen som energiberar for fornybare energikjelder. Denne kurspakka skal gi deltakarane ei innføring i produksjon, distribusjon og bruk av hydrogen som energiberar.

    Kurspakke

    HVL har utvikla ein kurspakke som består av tre kurs. Kvart kurs går på deltid over ca. 3 månadar. Du søker og får opptak til eitt og eitt kurs, men det er tilrådde bakgrunnskunnskapar/opptakskrav for kvart kurs. Vi tilbyr eitt kurs med eit meir generelt fokus, og to kurs som går meir teknisk i djupna.

    Informasjon om kurstilbodet

    Innføring i hydrogenteknologi - HYD800 - vår 2025

    Kurset passar for deg som ønsker generell kunnskap om hydrogenteknologi, for eksempel om du er leiar, politikar, økonom, eller tilsett i administrativ stilling. Du treng ikkje å ha teknisk eller realfaglig bakgrunn.

    I kurset blir det gjort reie for produksjon, distribusjon og bruk av hydrogen, til dømes prosessane i dampreformering og PEM elektrolyse/brenselcelle. I tillegg blir det satt fokus på sikkerheit og korleis sosial aksept påvirkar utviklinga av teknologien. Emne vil dekke bruk av hydrogen både i landbasert, maritim og industriell sektor.

    Målet med kurset er å gje deg som deltakar eit helheitleg bilete av kvar teknologien er i dag og kva som er vegen vidare. 

    Les meir i emneplan for Innføring i hydrogenteknologi

    Våren 2025 vert søkjarar frå maritim sektor prioritert ved opptak for HYD800, men vi rådar likevel andre å søke. 

    • 5 studiepoeng
    • Kursavgift: Ingen kursavgift, då emne er ein del av bransjeprogram for maritim næring og finansiert av HK-dir.
    • Søknadsfrist: Blir publisert i løpet av hausten 2024
    • Opptak: Sjå meir informasjon øvst på sida
    • Undervisingsform: Kurset blir undervist digitalt
    • Fagleg overlapp:
      HYD802 - Hydrogenteknologi 2 - Reduksjon 2,5 studiepoeng
      HYD801 - Hydrogenteknologi 1 - Reduksjon 2,5 studiepoeng
      MAS307/MAS539 - Hydrogenteknologi - Reduksjon: 5 studiepoeng

    Samlingar
    Planlagt oppstart februar 2025, med digital undervising torsdagar 15:15 - 18:00. Datoar vert publisert i løpet av hausten 2024.

    Vi tar atterhald om tilstrekkeleg tal søkarar for gjennomføring av kurset.

    Hydrogenteknologi I - HYD801 - vår 2025

    Dette emnet passar for deg som har teknisk eller realfagleg bakgrunn, og jobbar i ei verksemd som er involvert i hydrogenteknologi.
    På kurset lærer du om hydrogen sine eigenskapar, og korleis hydrogen kan både produserast, lagrast og brukast. Emnet gir ein enkel innføring i hydrogensikkerheit og regelverk knytt til bruk av hydrogen. Emnet vil dekke bruk av hydrogen både i landbasert, maritim og industriell sektor.

    Manglar du teknisk eller realfagleg bakgrunn oppfordrar vi deg sterkt til å søke «Innføring i hydrogenteknologi» (HYD800). 

    Her kan du lese meir om emnet Hydrogenteknologi I.

    • 5 studiepoeng
    • Kursavgift: 6000 NOK
    • Søknadsfrist: informasjon kjem
    • Opptak: Sjå meir informasjon øvst på sida
    • Undervisingsform: Kurset vert undervist digitalt.
    • Fagleg overlapp:
      HYD800 - Innføring i hydrogen - Reduksjon: 2,5 studiepoeng
      MAS307/MAS539 - Hydrogenteknologi - Reduksjon: 5 studiepoeng

    Samlingar
    Det vert digital undervisning onsdagar kl. 15.15-18.00. Det vert og lagt opp til ein fysisk, obligatorisk endags-samling. 

    Oppstart februar 2024.

    Oppdatert dato-oversikt for vidare samlingar kjem.

    Vi tek atterhald om nok søkarar for at kurset skal kunne gjennomførast.

    Hydrogenteknologi II - HYD802 - våren 2024

    Planlagt oppstart 6. mars 2024
    Vi tek atterhald om tilstrekkeleg antall påmeldte for gjennomføring av kurset.

    Det vert ingen prioritering på bakgrunn av bransjetilhøyrlse ved opptak til HYD802 våren 2024.

    • 5 studiepoeng
    • Kursavgift: 6000 kr
    • Forkunnskapskrav: HYD801
    • Søknadsfrist: 25. feburar 2024
    • Opptak: Sjå meir informasjon øvst på sida.
      Hugs å oppgi bransjetilhøyrsle i søknaden.
      Koden i Søknadsweb er 5519
    • Undervisingsform: Kurset vert i hovudsak undervist digitalt
    • Samlingar og tidspunkt: informasjon kjem
    • Fagleg overlapp:
      MAS307/MAS539 - Hydrogenteknologi - Reduksjon: 5 studiepoeng
      HYD800 - Innføring i hydrogen - Reduksjon: 2,5 studiepoeng

    Samlingar
    Oppstart, digital forelesing: onsdag 6.mars 15:15-18:00.
    Meir informasjon kjem.

    Innhald
    Dette kurset rettar seg mot deg som har teknisk eller realfagleg bakgrunn, og jobbar i ei verksemd som er involvert i hydrogenteknologi.

    Det er eit krav at du har gjennomført Hydrogenteknologi I for å søke opptak til Hydrogenteknologi II.

    På kurset lærer du meir om lagring i form av ulike hydrogenberarar, transport av hydrogen og konkrete bruksområde for hydrogen. Du vil og lære om bruk av hydrogen i brenselceller. Emnet gir ei grundig innføring i hydrogensikkerheit og regelverk knytt til bruk av hydrogen.

    Her kan du lese meir om emnet Hydrogenteknologi 2

     

    Hydrogenkursa kan enkelte gonger bli køyrt med ekstra fordjupning i spesifikke tema. Dette vil i så fall bli annonsert her på informasjonssidene til etter- og vidareutdanningskursa i hydrogen, men vil ikkje påverke innhaldet i eller omfanget av kurset i stor grad.

    Målgruppe

    Desse emna passar for deg som jobbar i, har tilknytning til, eller har interesse for maritim næring, til dømes deg som seglar for rederi, jobbar landbasert, offshore, eller jobbar opp mot maritim næring. Du kan òg søke på desse emna om du er permittert eller arbeidsledig fra næringen. Om du ikkje har tilnytning til maritim næring, men interesse for hydrogenteknologi, kan du òg søke.