Servicetorget
Servicetorget er førstelinjetenesta til HVL, og her er du alltid velkommen. Du kan spørre om det meste, og kan vi ikkje hjelpe deg, veit vi som oftast kven som kan.
Servicetorget er tilgjengeleg for studentar, tilsette og eksterne gjennom sentralbord, e-post og i skranken på kvar campus. Når du ringer 55 58 58 00, kjem du til oss.
Våre åpningstider er 08:00 til 15:00 (Frå 15. september-14.mai.: 08:00-15:30).
Kva kan vi hjelpe med?
Til dømes svarar vi på spørsmål knytt til politiattest, adgangskort, stadfestingar, karakterutskrifter og vitnemål, godkjenning av utdanningsplan og betaling av semesteravgift, Feide-konto, Studentweb, Canvas m.m.
Vi formidlar også kontakt til studierettleiarane.
Send inn spørsmål til servicetorget
Kor finn du servicetorget?
Velg din campus og søk i Mazemap.
Chat med HVL
HVL har fleire chat-funksjonar – både døgnopen virtuell assistent MIME og manuell chat som er open til visse tider. Chat finn du nedst på alle nettsidene på hvl.no. Les meir om HVL sine chat-funksjonar.