Campus Bergen
Velkommen til campus på Kronstad! Her finn du praktisk info om campus og kart.
Fleire av husa på campus var tidlegare verkstadar for jernbanen. Eit av husa er no campusbiblioteket vårt, eit anna er kantine, og eit tredje blitt til studenthuset med Kronbar.
Lurer du på noko?
Servicetorget kan hjelpe med det meste. Dei finn du i 1. etasje i K1 (ved hovedinngangen). Servicetorget kan hjelpe deg med praktiske gjeremål, som bl.a. studentkort, bokskap og innlevering av søknader.
Er du student kan du og ta kontakt med studentrådgivinga. Dei finn du i 1. etasje i K2. Dei hjelper deg med spørsmål som angår studia dine. Her kan du få rettleiing om t.d. utveksling, praksis og eksamen. Du kan komme innom, eller du kan bestille tid for individuell rettleiing.
Servicetorget kan óg hjelpe deg med tilkobling til det trådlause nettverket på høgskulen. I tillegg har vi IT-hjelp for studentar, som både kan hjelpe deg med dette og med andre IT-spørsmål.
Vakttelefon:
- Nokas beredskapstelefon: 333 98 971
- Vakttelefon i Bergen: 480 66 868
Opningstid og tilgang
Finn fram på campus
I appen Mazemap får du kart over campus og hjelp til å finne fram til rom. Du kan laste ned appen på App Store og Google Play.
Mazemap finn du også på denne nettsida.
Ta ein digital rundtur på campus!
Klikk her for å sjå deg rundt på campus i Bergen
På campus er det mange spesialrom for utdanning, som laboratorium for ingeniørstudentar, øvingsrom for musikk og dans, og eit minisjukehus. Vi har eit nytt læringslaboratorium og ein idrettspark utstyrt med friidrettsanlegg. Men campus er ikkje laga berre for studia dine. I pausane kan du og vennene dine ta ein pust i bakken i ei av kantinene, i kaffibaren, eller berre sige ned i ein av godstolane i det flotte biblioteket vårt.
Studere
Lesesalar, studentarbeidsplassar og grupperom
I Bergen finn du studentarbeidsplassar i hovedbygget Kronstad 1 (K1) og nybygget Kronstad 2 (K2/M-bygget). På Kronstad 1 er studentarbeidsplassane i vrimleområda, på biblioteket, i sosiale soner utanfor undervisningsrom og i fellesområda. Desse studentarbeidsplassane kan du ikkje reservere. På Kronstad 2 (K2/M-bygget) er det sju lesesalar med til saman 348 plassar. Fire av desse er til fri bruk for alle studentar, og kan ikkje reserverast. Dette gjeld lesesalane:
- M406: 52 plassar
- M407: 48 plassar
- M506: 52 plassar
- M507: 48 plassar
Studentar som er innvilga tilrettelagt lesesalsplass, har fast plass på lesesalen M206 (54 plassar).
I alle lesesalar gjeld prinsippet om «clean desk». Det betyr at du ikkje kan oppbevare noko på plassen om du ikkje bruker han. Forlet du plassen i meir enn 2 timar, må du rydde plassen slik at andre kan bruke han.
Ubrukte seminarrom og auditorium i begge bygga kan også nyttast som studentarbeidsplassar. Desse romma kan ikkje reserverast, men du kan bruke dei fritt ved behov. Bruk TimeEdit for å få oversikt over ledige rom. Vel inngangen «Student» i TimeEdit.
Det er satt av to lesesalar til mastergradsstudentar i Kronstad 2:
- M302: 48 plassar
- M306: 46 plassar
Lesesalsplassane i M302 er frie plassar, mens lesesalsplassane i M306 kan bookast i TimeEdit (max 4 reservasjoner per 14 dagar). Begge romma er låst og du må kontakte kortsenteret på rom B202 for tilgang. Opningstida til kortsenteret er kl. 08:00-10:00, mandag til fredag. Hugs å ta med studentkortet ditt.
Treng du å reservere ein studentarbeidsplass, kan du reservere grupperom i TimeEdit.
Book grupperomBokskap
Vil du ha ditt eige bokskap på campus? Ta kontakt med Servicetorget. Bokskapa blir tildelt for eitt studieår om gangen. Det er ikkje tillate å henge opp andre hengelåsar enn dei som HVL sel. Andre hengelåsar vil bli klippa. Var vennleg å ikkje merke skapa med namn og andre kjenneteikn.
Ein hengelås kostar 130 kroner. Du kan bruke same hengelås gjennom heile studietida. Når studieåret går mot slutten, må du husge å fjerne hengelåsen din. Blir ikkje dette gjort, blir hengelåsen klipt opp og innhaldet fjerna.
Mat og drikke
Hovudkafeen i Bergen ligg i K1, og det same gjer kaffibaren Stasjonen. Kafeen Sidesporet finn du i K2.