Campus Førde
Velkommen til SimArena Førde! Du finner oss i 2.etg.
SimArena ved campus Førde byggje opp som ein sengepost med opne og moderne løysningar og speisialseringslaber, kor studentane kan tileigne seg ferdighetier i tryggje omgjevnader som tilleta prøving og feiling.
Våre Laboratorier
Akuttrom
På akuttrommet har me samla det mest avanserte utstyret og overvakingsapparata. Her vil du mellom anna finna anestesiapparat, heime respiratorar og respirator. Simulatorene Svanhild og Simonette har mange funksjonar som aukar spenninga under øvingane.
Skyllerom med kirurgisk vask er knyta til akuttrommet.
Akuttrom blir mest brukt av studentar frå Master i spesialsjukepleie og Master i klinisk allmennsykepleie, men er òg tilgjengeleg til grunnutdanning med lærar til stades under simulering/ferdigheitstrening.
Sengepost
Ved campus Førde er SimArena byggje opp som ein sengepost med opne og moderne løysningar, kor studentane kan tileigne seg ferdighetier i tryggje omgjevnader som tilleta prøving og feiling. Samman med moderne utstyr brukar vi pedagoiske metodar som demonstrasjon, ferdigheitstrening, rettleiing, rollespel, simulering ved utanninga.
Kontrollrom
Frå kontrollrommet styres dei avanserte simuleringsdokker av ein operatør. I lag med ein fasilitator i simuleringsrommet, kommuniserer operatøren gjennom dokka, ut i rommet eller til fasilitatoren. Med avansert audiovisuelt utstyr er det også mogleg å ta opp video av simuleringsaktiviteten, som studentane kan sjå i debrifing.
Virtual Reality
Ved Simarena Førde har vi fleire trådlause Virtual Reality sett som er mulig å brukes til undervisning i anatomi og andre aktuelle enmar.