Råd og utval
Fakultetsråd ved FLKI
Fakultetsrådet er rådgivande organ for dekan ved fakultetet om det systematiske arbeidet med kvalitet i emne, studieprogram og studieportefølje, den utdanningsfaglege kompetansen og læringsmiljøet ved fakultetet. Liste over medlemmer, sakslister og referat finn du her.
Studieprogramråda ved FLKI
Studieprogramråda er rådgivande til studieprogramansvarleg og fakultetsleiing om utvikling av kvaliteten i studieprogramma og læringsmiljøet.
Studieprogramrådas mandat
Studieprogramråd skal gje dekan, institutt- og studieprogramleiing råd om:
- kvalitetsutvikling av studieprogramma slik at desse held høg kvalitet og relevans, har god rekruttering og gjennomstrøyming og tilfredsstiller forskrifter og rammeplanar,
- korleis kontaktflatene til ulike eksterne aktørar som har relevans for korleis studieprogramma kan vidareutviklast,
- utvikling av det overordna læringsmiljøet ved studieprogrammet,
- val av oppfølgingsform for studieprogrammet.
Her finn du informasjon om kven som er medlemmer i studieprogramråda ved FLKI.
Ph.d.-programutval – Studier av danning og didaktiske praksisar
Programutvalet for ph.d.-utdanninga Studiar av danning og didaktiske praksisar er eit rådgivande organ til dekanatet i spørsmål som gjeld ph.d.-utdanninga.
Utvalet blir oppnemnt for fire år om gongen, unntatt stipendiatrepresentant, som blir oppnemnt for to år.
Les meir om programutvalet for ph.d.-utdanninga her.