Arbeid med kvalitet i utdanningar innan språk, litteratur, matematikk og tolking
På denne sida finn du informasjon om arbeid med kvalitet i studieprogram, kvalitet i emne og kvalitet i praksis.
Informasjon om studieprogram
FLKI tilbyr bachelorutdanning innan teiknspråk og tolking ved campus Bergen. Les meir om studietilbodet her.
Sentrale funksjonar for kvalitet i programmet
Studieprogramleiar
Studieprogramleiar: Osvald Lykkebø
Studieprogramleiar har overordna ansvar for studieprogrammet, har hovudansvar for oppgåver i linje frå prodekan og er leiar for leiargruppe for utdanningar i Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking (ISLMT, inkldert bachelor i Teiknspråk og tolking. Studieprogramleiar leiar arbeidet med kvalitet i programmet og sørgjer for at dette er i tråd med HVLs system for arbeid med kvalitet i utdanningane.
Leiargruppe
Leiargruppa for Teiknspråk og tolking består av studieprogramleiar og assisterande instituttleiar ved ISLMT med felles heilskapleg ansvar for å leie studieplanlegging, studiegjennomføring og studieutvikling i utdanninga.
Gruppa har ansvar for studieleiing og utdanningskvalitet. Døme på ansvar og oppgåver er godkjenning av emne og studieprogram, dokumentasjon og utvikling av utdanningskvalitet overordna ansvar for læringsmiljø og planlegging av utdanningsarrangement som studiestart, studentavslutningar med meir.
Leiargruppa lager årshjul med plan for oppgåvedeling. I tillegg samarbeider leiargruppa om å finne gode løysingar for ansvars- og oppgåvedeling undervegs i studieåret.
Medlemmer
- Osvald Lykkebø, studieprogramleiar
- Kjetil Sønnesyn, assisterande instituttleiar ISLMT
- Mona Straume Selstø, administrativ utdanningskoordinator
Administrativt utdanningsteam
Det administrative utdanningsteamet har saman eit felles ansvar for utdanninga i tillegg til å drive campusretta studierettleiing og praksiskoordinering. Teiknspråk og tolking ein del av utdanningsteamet for utdanningar ved ISLMT. Administrativ utdanningskoordiantor sit i leiargruppa og er sekretær for studieprogramrådet.
- Administrativ utdanningskoordinator: Mona Straume Selstø
Studierettleiar sine hovudoppgåver er knytt til rettleiing av studentar, kvalitetsarbeid og sakshandsaming. Studentane kan kontakte studierettleiar med spørsmål om studium, utdanningsplan, tilrettelegging, val av fagfordjuping, innpass av utdanning frå andre utdanningsinstitusjonar, eller andre ikkje-faglege problemstillingar.
- Studierettleiar: Mona Straume Selstø
Praksiskoordinator administrerer praksisopplæringa i utdanninga og er i tett kontakt med studentane, praksisstadane og fagmiljøet på fakultetet. Praksiskoordinator informerer om praksis i samarbeid med praksisansvarleg ved utdanninga. Koordinatoren har også særleg ansvar for å organisere og legge til rette for praksisopplæringa, og for å rekruttere praksisstader og fordele studentane på dei ulike praksisstadane.
- Praksiskoordinator: Jørgen Stangeland Bach
Studieprogramråd
Studieprogramrådet er eit rådgivande organ for studieprogramleiar og fakultetsleiing om utvikling av kvaliteten i studieprogrammet og læringsmiljøet.
Sjå mandat og medlemmar for studieprogramråd via denne lenkja
Studentmedverknad
Kvar klasse (1., 2. og 3. klasse) skal velje 1 studenttilitsvald og 1 vararepresentant. Oversikt over tillitsvalde skal vere tilgjengeleg i Canvas og Sharepoint for tilsette. Studieprogramleiar avklarer kven som har ansvar for å gjennomføre valet i dei ulike klassane og når valet skal gjennomførast. Dei tre studenttillitsvalde og dei tre vararepresentantane utgjer utdanninga si referansengruppe. To studenttillitsvalde sit i studieprogramrådet.
Meir informasjon om val av tillitsvalde og innmeldingsskjema finn du via denne lenka.
Årshjul for møter
Faglærarar og utdanningsteamet har utdanningsmøte ein gong kvar månad. Referansegruppa har møte to gonger i semesteret.
Rulleringsplan for periodisk studieprogramevaluering
A60TEG, TST207, TST407, TST103: 2019, 2022, 2025 og 2028
A60TEG205, TST307, KFK, TST104: 2020, 2023, 2026 og 2029
TST101, TST102, TST507: 2021, 2024, 2027 og 2030
Kvalitet i emne
Emneansvarlege
- TST111, 1.år, 20sp: Giorgia Zorzi
- TST113, 1.år, 10sp: Giorgia Zorzi
- TST112, 1.år, 30sp: Giorgia Zorzi
- TST211, 2.år, 25sp: Gro Hege Saltnes Urdal
- TST212, 2.studieår, 15sp: IS
- TST213, 2.studieår, 10sp: Kjersti Skagen
- TST214, skrivetolking, 5sp: Gro Hege Saltnes Urdal
- TST311, 3.studieår, 25sp: Kjersti Skagen
- TST312, 3.studieår, 5sp: Kjersti Skagen
- TST313, 3.studieår, 15sp: Kjersti Skagen
- TST350, 3.år, 15sp: Giorgia Zorzi
- KFK NTS805: Camilla Bøe.
- KFK NTS806: Camilla Bøe
- TOS101: Gro Hege Saltnes Urdal og Åse Johnsen (UiB)
- TOS201: Gro Hege Saltnes Urdal og Åse Johnsen (UiB)
- TOS301: Gro Hege Saltnes Urdal og Jessica Pedersel Belisle Hansen (HiØ)
Evaluering og oppfølging
Med utgangspunkt i det systematiske arbeidet med kvalitet i utdanningane for HVL er det utarbeida retningslinjer og malar for referansegruppene, og rulleringsplanar for ekstern sensur og anonyme undersøkingar i emne:
- Retningslinjer for referansegrupper
- Mal møtereferat midtvegsmøte
- Mal møtereferat sluttmøte
- Mal emnerapport
- Rulleringsplan ekstern sensur
- Rulleringsplan anonyme undersøkingar
- Årshjul emnerevisjon
- Årshjul referansegruppe
Kvalitet i praksis
Medverknad frå praksisfelt og arbeidsliv
Ansvar: Studieprogramleiar
- Innspel gjennom studieprogramråd
- NAV tolketjenesten deltar i møta i referansegruppene
- Tett dialog med praksisfeltet gjennom årlege seminar og oppfølging i praksis
- Godt samarbeid med Bergen Døvesenter, Bergen Døvekirke og Bergen Akademiske og Sosiale Tegnspråkforum
Administrativt utdanningsteam har også en rolle her.
Evalueringar i praksis
Praksiskoordinator
Praksiskoordinator er ein del av administrativt utdanningsteam, organiserer og legg til rette for praksis og informerer om praksis i samarbeid med fagmiljøet.
Praksiskoordinator har eit særleg ansvar for å administrere praksisopplæringa og for å rekruttere praksisstader og fordele studentane på dei ulike praksisstadane. Praksiskoordinatorane utarbeider og evaluerer gjeldande retningslinjer og rutinebeskrivingar for praksisgjennomføringa. Praksiskoordinator samarbeider tett med fagmiljøet om gjennomføring av praksis i utdanninga.
Oppfølging av kvalitetsarbeidet i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking
- Dokumentasjon av kvalitetsarbeidet til TST-utdanningane blir lasta inn i kvalitetsmapper i Sharepoint. Desse er tilgjengelege for alle tilsette. SharePoint-lenka er òg lagt i Canvas slik at alle studentar har lesetilgang til mappene.
- Kvaliteten i studieprogram og emne blir evaluert gjennom periodisk studieprogramevaluering, studieprogramråd, referansegruppemøter og emnerapportar i tillegg til studiebarometeret.
- Resultat frå studiebarometeret blir tatt opp på utdanningsmøter årleg.
- Faglærararane og utdanningsteamet har månadlege utdanningsmøter.
- Kvart semester har studieprogrammet fagdag i lag med instituttleiinga kor ein diskuterer ulike tema som handlar om kvalitet i utdanninga.
- Kvalitetsarbeid blir tatt opp som sak i studieprogramrådet
- Studiebarometeret blir nytta i dette arbeidet
- Gjennomstrømming i studiet har spesielt fokus
- Studieprogramrådet gir råd om eventuelle endringar/tiltak