Institutt for kunstfag
Institutt for kunstfag (IK) er basert i Bergen, Sogndal og Stord. Dei om lag 55 tilsette ved instituttet tilbyr ein brei portefølje av utdanningar til fleire hundre studentar. Utdanningane består av bachelor, master, årskurs, og etter- og vidareutdanningstilbod innan kunst og handverk, drama, musikk, grunnkulelærarutdanning (1-7 og 5-10), community arts og barnehagelærarutdanning.
Institutt for kunstfag er proaktiv i nasjonale og internasjonale forskingsaktivitetar, innovasjon innanfor virksomhetsområdet til instituttet, og formidling av både aktivitetar og resultat. Desse er integrert i både utdanningane og veksemda til dei tilsette. Institutt for kunstfag har dermed som mål å vere ei drivkraft for utvikling av kunstfagundervisning av høg kvalitet i norsk og internasjonal skule.