Multilektal skrivekunne i opplæringa
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet
Prosjekttype
Grunnforsking
Prosjektperiode
Oktober 2020 - Mars 2026
Prosjektsamandrag
MultiLit-prosjektet skal undersøke om - og i så fall korleis - det å meistre og bruke ulike nærståande skriftspråk bidrar til læring, både språklæring og læring meir allment. Prosjektet tek utgangspunkt i den norske språksituasjonen, der mange elevar utviklar høg kompetanse i begge dei norske skriftspråka og der også svært mange jamleg skriv dialektnært i private samanhengar. Vidare skal den norske situasjonen sammenliknast med situasjonen for frisisk i den nederlandske provinsen Frisland.