Nasjonal VideoKorpus med undervisningseksempler for å styrke profesjonsopplæringen i lærerutdanningen (NAVIKO- LU)

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet

Prosjekttype

Utviklingsarbeid

Prosjektperiode

Januar 2023 - Desember 2025

Prosjektsamandrag

Dette HKDir-prosjektet har som siktemål å bidra til nasjonal systematisering og deling av autentiske videobaserte undervisningseksempel mellom norske lærarutdanningsinstitusjonar. Bak prosjektet står tre av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i Noreg: Universitetet i Oslo (UIO), Universitetet i Stavanger (UIS) og Høgskulen på Vestlandet (HVL). Prosjektaktivitetane skjer i samarbeid med Sunnfjord kommune.

Styrke praksisopplæringa

Sjølv om lærarstudentane gjennom utdanninga si får praktisere og reflektere rundt eiga rolle i klasserommet, tyder forskinga på at mange nyutdanna lærarar opplever å ikkje vere tilstrekkeleg førebudd på den komplekse lærarrolla når dei sjølve står med ansvaret i klasserommet. Norsk lærarutdanning er også på generelt grunnlag kritisert for manglande samanheng mellom teori- og praksisdelen av studiet.

Blant anna for å møte denne kritikken har ein ved nokre institusjonar, UIO, UIS og HVL medrekna, i fleire år arbeidd systematisk med å ta i bruk videoeksempel frå autentisk undervisning som element i det didaktiske arbeidet i lærarutdanning og i etter- og vidareutdanning av lærarar. Dette er i stor grad grunngjeve med at slik systematisk bruk av autentiske videobaserte undervisningseksempel kan bidra til auka relevans og læringsutbytte i utdanningane.

Metode

Modell for kategorisering av undervisningsvideoar

Gjennom prosjektet skal det utviklast modellar for kategorisering av undervisningseksempel og utforming av metadata. Dette for å legge til rette for deling av slike ressursar. Slik vil NAVIKO-LU bidra til nasjonal kvalitetsutvikling av praksis i lærarutdanningane ved å styrke det didaktiske grunnlaget for det praksisførebuande arbeidet, og for samarbeidet mellom student og lærarutdannarar på praksis- og UH-institusjonane.

Forskingsetikk og personvernomsyn

Forskingsetiske perspektiv og -omsyn står sentralt i prosjektet.  Spesielt omfattar dette å ivareta sentrale personvernomsyn knytt til videoopptak og deling av videoressursar. Dei tre involverte UH-institusjonane har sterk forskingsetiske kompetanse og NAVIKO-LU bidreg til å styrke samarbeidet mellom desse miljøa inn i mot dei faglege aktivitetane.