Oppgåvesamarbeid
Har du ein idé som du gjerne skulle vidareutvikla, men mangler tid i ein travel kvardag? Då kan eit oppgåvesamarbeid mellom våre studentar, HVL og di bedrift vere noko for deg!
Ved Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap, har vi ei rekkje område der samarbeid mellom bedrift og høgskule kan vere relevant.
Oppgåvesamarbeid er kostnadsfritt og er eit godt høve til å:
- få tilgang på fersk og oppdatert kunnskap
- få nye perspektiv og bli utfordra
- kunne løyse oppgåver som har vore på vent og ikkje er tid til i det daglege
- marknadsføre eiga verksemd som framtidig arbeidsgjevar og rekruttere gode kandidatar
- forme nye nettverk innanfor eit relevant fagmiljø
Alle studentane våre løyser oppgåver på ulike nivå, og då er samspelet med næringslivet spesielt viktig.
Å samarbeide om ulike prosjekt er ein vinn-vinn-situasjon: Studentane får verdifull erfaring gjennom å løyse interessante og relevante oppgåver, medan bedrifta di blir tilført kapasitet og kompetanse til å løyse utfordringar. Kanskje er det din framtidige medarbeidar som hjelp deg?
Her finn du oversikt over utdanningane våre.
Ulike former for oppgåvesamarbeid
Prosjektoppgåver
Prosjektoppgåver er av kortare varigheit, knytt til eit spesielt fag eller eit definert fagleg prosjekt. I samarbeid med bedrifta kan studentane løyse avgrensa problemstillingar.
Konkrete, kortsiktige prosjekt er også godt eigna som fagleg relevant deltids- eller sommarjobb. For studentane er det svært viktig å skaffe seg fagleg relevant praksis, ikkje minst for å ha referansar å vise til når dei seinare skal søke jobb.
Bacheloroppgåver
Bachelorstudentane skriv bacheloroppgåver i sjette og siste semester. Studentane skal gjennomføre eit sjølvstendig metode- og problemorientert prosjekt med utgangspunkt i ei realistisk problemstilling, der det blir krevd kunnskapar og ferdigheiter frå sentrale område i studiet.
Arbeidet blir normalt utført i grupper (inntil tre studentar) og er som regel eit samarbeid med ei bedrift eller ein offentleg etat, eller den kan inngå i utdanninga si satsing på forsking og utvikling.
Det er venta at kvar student legge ned i overkant av 500 arbeidstimar i prosjektet. Med inntil tre studentar i gruppa, representerer studentane over eit årsverk tilført bedrifta. I tillegg kjem vår interne rettleiar sine timar i prosjektet, som blir brukt til samarbeid med studenten og bedrifta.
Når er studentane på jakt etter oppgåver?
For å sikre seg dei klokaste hovuda, lønner det seg å vere tidleg ute. Arbeidet med bacheloroppgåva blir normalt utført i vårsemesteret. Om du har ei aktuell oppgåve for våre studentar, løner det seg difor å ta kontakt med oss i løpet av tidleg haust.
Masteroppgåver
Masterstudentane skriv masteroppgåve i siste, eller dei to siste semestera av masterutdanninga. Studentane er då i ferd med å fullføre ei femårig utdanning, og har god fagleg ballast.
Arbeidskravet i eit masterprosjekt er stipulert til omtrent 800 timar. Masteroppgåva er eit sjølvstendig vitskapeleg arbeid der studenten skal synleggjere innsikt i aktuell forsking, relevant teori og metodar som er sentrale for problemstillinga i oppgåva.
Arbeidet med masteroppgåva skal kvalifisere studenten for forskings- og utviklingsarbeid. Masteroppgåva kan skrivast som eit samarbeidprosjekt mellom fleire studentar.
Ph.d.-prosjekt
Ph.d.-prosjekt er prosjekt utført av doktorgradsstipendiatar, på eit svært høgt fagleg nivå. Stipendiatane jobbar ein del ut mot næring, og kan brukast inn i prosjekt bedrifter måtte ha.
Ein annan variant av ph.d.-prosjekt er ordninga nærings-ph.d. Her går høgskulen og ei bedrift saman om eit doktorgradsprosjekt. Doktorgradsprosjektet blir utført av ein tilsett i bedrifta og skal vere relevant for bedrifta si verksemd. Den tilsette får ei forskarutdanning med spesialkompetanse i bedrifta sine behov og utfordringar.
Stillinga blir finansiert ved eit spleiselag: Bedrifta dekker 50 prosent og den resterande delen blir dekka av Forskningsrådet.
Våre doktorgradsprogram:
Konfidensalitet
Kanskje har bedrifta di ei problemstilling som krev konfidensialitet? Då blir det signert eit eige skjema om konfidensialitet som gir juridiske retningslinjer for behandling av innhaldet i oppgåva.
Så langt det er mogleg oppfordrar vi elles om at delar av innhaldet blir gjort ope og tilgjengleg.
Praksis
Praksissamarbeid
I fleire av utdanningsretningane innan teknologi kan studentane kan velje valfag som inneber praksis. Studenten skal då vere skal utplassert hos oppdragsgjevar på faste dagar i veka. Studenten søkjer på praksisplass gjennom CV, søknad og intervju hos aktuell bedrift. Bedrifta innvilger praksisplassen i samråd med emneansvarleg ved høgskulen.
Kontakt
Ønskjer bedrifta di oppgåvesamarbeid eller ønskjer du å tilby praksis til våre studentar? Ta kontakt med oss!
Er du i tvil om kven av instituttleiarane du skal kontakte? Vi vil uansett sørge for at henvendelsen blir vidareformidla til rette vedkommande.