Kvåle skule

På denne sida kan du lese meir om kva som skjer på lærarutdanningsskulen Kvåle skule.

Kvåle skule er ein 6-10 skule med tre parallellar på kvart trinn. Skulen arbeider målretta for å ta vare på elevane sin eigenart og gi dei faglege og sosiale utfordringar som dei meistrar og veks på. For skuleåret 2024/25 er det 400 elevar på skulen, 46 lærarar og 16 miljøterapeutar. Skuleadministrasjonen består av ein rektor, to avdelingsleiarar og ein leiande miljøterapeut. Skulen ligg vakkert til på Kvåle i Sogndal, tett på både fruktgardar, idrettsanlegg og eit pulserande høgskule- og næringsmiljø ved Fosshaugane Campus.

Kontaktpersonar

LU-kontakter ved Kvåle skule: Runa Buene og Magni Stenehjem

FoU-kontakt ved Høgskulen på Vestlandet: Reidun Nerhus Fretland

Hospitering 24/25

Matthew Peter Shaw og Øystein Lerum

Forskings- og utviklingssamarbeid 

Kvåle skule har i perioden 2022-2024 vore med på Læringsmiljøprosjektet i regi av Utdanningsdirektoratet. Etter at prosjektet vart avslutta har skulen valt å arbeide vidare med utvikling av profesjonsfellesskapet. Som eit ledd i dette ligg det å utvikle organisasjonen slik at den er rigga for å drive ein framtidsretta skule, med kapasitet til å møte forventningane som ligg i både LK20 og den nye opplæringslova. Etter kvart vil skulen sjå nærmare på korleis ein kan drive vurdering i fag på ein måte som verkar fremjande for eleven sin læring.

Kvåle skule ynskjer at samarbeid og kommunikasjon knytt til masterprosjekt skal koordinerast via Fou-kontakt ved HVL. Skulen er positive til å stille opp for masterprosjekt, og då særleg i prosjekt der dei kan vere med å utvikle noko saman med masterstudentar.

Samarbeid mellom fag- og forskingsgruppe i matematikk og Kvåle skule

Det er inngått ulike former for samarbeid mellom fag- og forskingsgruppe i matematikk ved HVL, Campus Sogndal v/Lene Hayden Taraldsen og Frode Olav Haara og Kvåle Skule

Forskingsprosjektet Matematikklærarar si tilrettelegging for utvikling av problemløysingskompetanse i matematikk

Samarbeidet omhandlar gjennomføring av datainnsamling til dette prosjektet der to lærarar frå Kvåle skule deltek. Datainnsamlinga finn stad i vårsemesteret 2025. Det forskingsretta føremålet med prosjektet er å sjå på ulike måtar matematikklærarar i grunnskulen legg til rette for arbeid med problemløysing, og å få tilgang til grunnar for metodiske val. Dette prosjektsamarbeidet vert og nytta som del av innhaldet i eit emne 4. årsstudentar i matematikk i GLU-utdanningane ved Campus Sogndal gjennomfører i vårsemesteret 2025. Studentane vert ansvarlege for datainnsamlinga, og kan nytta data frå prosjektet til eigne framtidige masterprosjekt som har opphav i hovudprosjektet sitt formål.

Etablering av årlege økter der matematikkstudentar frå HVL, Campus Sogndal, som del av obligatoriske læringsaktivitetar, har undervising med elevar på mellom- og/eller ungdomstrinnet som kjem til våre lokale ved høgskulen og deltar i studentstyrt undervisning. Denne ordninga, som er knytt til 2GLU 5-10, og 3GLU 1-7, har vi hatt i nokre år, og den er no ein del av samarbeidet vårt med Kvåle skule som LU-skule.

I veke 3 våren 2025 er forskargruppa Research in Pedagogical Entrepreneurship (RiPE) vertskap for ei studievitjing der representantar for det danske partnarskapet Playful Learning vitjar HVL, Campus Sogndal. Som ein del av programmet skal Kvåle skule vere vertskap for dei danske representantane der dei vil observera ei undervisningsøkt med elevar frå Kvåle skule som deltakarar i ei undervisningsøkt med lærarstudentar. I tillegg vil nokre lærarar frå Kvåle skule få høve til å observera ei undervisningsøkt med lærarstudentar, der ein av representantane frå Playful Learning gjennomfører eit undervisingsdøme knytt til undervisings- og læringsprosessen Novel Engineering.

Samarbeid om inkluderande kroppsøving (IMPRATO)

Nokre lærarar ved Kvåle skule har hausten 2025 delteke i eit fokusgruppeintervju der dei har samtala om erfaringar og tankar knytt til utfordringar og moglegheiter for tverrfagleg samarbeid om kroppsøving i skulen. Fokusgruppeintervju er del 1 i Anne Skaar (tilsett ved HVL, vernepleieutdanninga) sitt forskingsprosjekt som stipendiat. Hennar prosjekt har til hensikt å utforske og utvikle samarbeidspraksisar mellom kroppsøvingslærarar, fysioterapeutar og eventuelt andre relevante aktørar. Her kan du lesa meir om IMPRATO