Klage på formelle feil

Dersom du har tatt eksamen og meiner det er gjort feil frå HVL si side, kan du klage på formelle feil. Du kan klage på formelle feil ved alle typar eksamenar.

Formelle feil etter universitets- og høyskoleloven § 5-2 kan vere:

  • Feil ved oppgåva som kan ha hatt innverknad for resultatet.
  • Feil under avvikling av eksamen som kan ha hatt innverknad for resultatet.
  • Feil ved gjennomføring av sensur som kan ha hatt innverknad for resultatet.

Merk at dersom du får medhald i at det har vore ein formell feil på eksamen, vil karakteren din på eksamen bli oppheva. 

Frist for å klage på formelle feil er tre veker etter at du vart kjend med eller burde vere kjend med det eller dei forholda som ligg til grunn for klagen. Dersom du har bedt om grunngjeving eller klaga på karakteren er klagefristen tre veker etter at du har mottatt grunngjevinga eller klagesensuren. Dersom feilen har skjedd i eksamenslokalet på skuleeksamen er det lurt å sende klagen så snart som mogleg, medan situasjonen er friskt i minnet til alle involverte. 

Her kan du lese om klage på formelle feil knytt til praksis. 

Sakshandsaming av klage på formelle feil

Dersom du får medhald i klagen

Dersom klagen blir tatt til følgje etter handsaming av Eining for eksamen, skal feilen rettast. Kva som blir utfallet, avheng av kva som må til for å rette opp feilen.

Karakteren din frå eksamen blir i alle tilfelle oppheva. 

  • Dersom feilen kan rettast ved ny sensur, blir oppgåva di sendt til ny sensur. Den opphavelege sensuren blir oppheva. Dersom du allereie har klaga på karakteren blir klagesensuren òg oppheva. Den nye karakteren blir ståande uavhengig av om den er betre, lik eller dårlegare enn den opphavelege karakteren. Det er mogeleg å klage på denne karakteren, slik som på ordinær karakter. 

  • Dersom feilen ikkje kan rettast med ny sensur, skal det arrangerast ny eksamen. Alle som har tatt eksamen der det blir fatta vedtak om formell feil vil få tilbod om å ta ny eksamen, ikkje berre dei som har klaga. For dei som har klaga på formell feil og får medhald i dette, vil resultatet frå eksamen bli oppheva og eksamen vil ikkje telje som eit forsøk. Andre som også meiner dei er påverka av den formelle feilen, og ynskjer å ta ny eksamen, må gi beskjed om dette til eksamen@hvl.no. Dei vil få moglegheit til å ta ny eksamen, og det opprinnelege sensurvedtaket blir oppheva på same måte som for dei som har klaga på formell feil.

  • Dersom det ligg føre ein formell feil som kan ha gitt ein eller fleire studentar ein fordel ved eksamen kan høgskulen bestemme at alle studentane ta ny eksamen og resultatet frå den opprinnelege eksamen blir oppheva.

Utfallet av medhald er aldri at sensor gir ei mildare vurdering av eksamen på grunn av formelle feil. Sensor kan berre vurdere den eksamensoppgåva som faktisk ligg føre og ikkje kva du kunne ha prestert om feilen ikkje hadde skjedd. 

Dersom klagen ikkje blir tatt til følge: Oversending til nemnd for studentsaker

Dersom klagen ikkje blir tatt til følge av Eining for eksamen, blir saka sendt til nemnd for studentsaker ved HVL som gjer endeleg vedtak i saka. 

Dersom nemnda gir deg medhald i at det er begått formell feil frå HVL si side, skal sensurvedtaket opphevast og feilen rettast som beskrive i fana over.

Korleis klagar du på formelle feil ved eksamen?

Klage på formelle feil skal vere skriftleg og sendast til post@hvl.no. I klagen må du forklare kva formelle feil som er gjort ved eksamen og korleis du ønskjer at feilen skal rettast.

Studenten kan trekke klagen fram til den er avgjort. 

Dersom det ikkje er gjort ein formell feil ved eksamen, men du er misnøgd med noko

Dersom det ikkje er begått ein formell feil ved eksamen, men du er misnøgd med karakteren du fekk, kan du klage på karakteren.

Dersom det ikkje er begått ein formell feil ved eksamen, men du er misnøgd med undervisningsopplegget eller har tilbakemeldingar til fagtilsette kan du sende ei melding til sei ifrå eller sende ein e-post til instituttet.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med eksamenskontoret, så svarer vi deg så fort vi kan. Du kan også sjekke om du finn svaret hjå Mime, den virtuelle assistenten som du finn nede til høgre på sida.

Fyll ut kontaktskjema