Korona og praksis våren 2021
Student ved helse og sosialfag og skal ut i praksis? Her finn du informasjon knytt til koronasituasjonen.
Oppdatert 12. februar 2021
Saman med praksisstadane planlegg vi å gjennomføre praksis våren 2021 som normalt, og innan dei til ein kvar tid gjeldande retningslinjene. Så lenge du ikkje høyrer noko anna, skal du møte opp i praksis som planlagt.
Studentar i helse- og sosialfagutdanningane som er i praksis, defineres som helsepersonell (jf. helsepersonelloven § 3). De skal følge praksisstaden sine smittevernreglar, som vil seia same reglar som for de tilsette i tenestene.
Unngå unødvendig reise
Vi oppmodar alle studentar som er eller skal i praksis om å unngå unødvendig reise til område med høg smitte både før og under praksisperioden, og at du til ei kvar tid føl gjeldande smittevernråd frå styresmaktene.
Generelt reknast reise til praksis som ei nødvending arbeidsreise.
Hald deg oppdatert
Situasjonen knytt til koronapandemien og retningslinjene frå myndigheitene er stadig i endring. Du må difor halde deg oppdatert på informasjon i Canvas og på denne nettsida, og følge med på praksisplassen sine nettsider.
Om det blir endringar ved praksisplassen din, får du beskjed frå praksisplassen eller høgskulen. Spør din kontaktlærar ved høgskulen og din praksisrettleiar på praksisplassen om du lurer på noko.
- Følg også med på FHI si nettside om korona
- Sjå temaside frå Helsedirektoratet om koronavirus med anbefalingar og informasjonsmateriell for helsepersonell
Fråvær knytt til korona
Obligatoriske læringsaktivitetar: Covid19-relatert fråvær blir handtert som gyldig fråvær, enten med tilrettelegging, gjennomføring etter at du er tilbake på campus eller ved å sette opp ekstra ferdigheitstrening.
Praksis: Det er krav til å vere 90 prosent til stades i praksis. Om du ligger an til å få eit Covid-19 relatert fravær frå praksis utover 10 prosent, må du så snart som mulig melde frå til kontaktlæraren din.
Digital rettleing og evaluering
Fyrst og fremst skal det vere fysiske møter mellom student, praksisrettleiar og kontaktlærer. Digitale praksismøte gjeld dersom smittesituasjonen tilseier at det er utfordrande at praksislærar kan vere til stades på praksisplassen.