Praksisrettleiar for studentar?

Her finn du nyttig informasjon for deg som er praksisretteleiar for studentar ved Fakultet for helse- og sosialvitskap.

Kvar utdanning har ein fagleg og administativ ansvarleg for praksisen. Kvar student får ein kontaktlærar frå HVL som er bindeledd med praksisfeltet og praksisrettleiar.

Kurs og kompetanse

Ønskjer du fagleg påfyll før du tek fatt på oppgåva som praksisrettleiar? Alle praksisrettleiarar og andre eksterne er velkommen til å melde seg på basiskurs i studentrettleiing.

Kurset er organisert i modular med sentrale tema som:

  • Førebuing
  • Rettleiing
  • Den utfordrande studenten
  • Samarbeidslæring
  • Bruk av Kunnskapsbasert praksis (KBP) i rettleiinga

Kurset er digitalt, og du kan gjennomføre det når det passer for deg. Ved konsentrert studie tar det ca 2 timar. Kurset er opent for alle.

Praksisseminar

Vi tilbyr med jamne mellomrom praksisseminar og samlingar for praksisrettleiarar. Her finn du ein oversikt når noko skjer.

Nyttig informasjon

Du finn oversikt over praksisperiodar og informasjon om praksis i dei ulike utdanningane på studentsidane:

Reiserekning

Skal du sende inn reiserekning til Høgskulen i samband med praksisseminar?

Slik sender du inn reiserekning

Reiseutgifter refunderes etter at reiserekning er sendt inn med kvitteringar. Reiser du med fly, må du legge ved boardingcard. Du må sjølv bestille reise og forskotera kostnadane. Ingen reiser eller eventuelt opphald skal bli fakturert Høgskulen. Dersom det er behov for overnatting må dette være avklart på førehand.

Rimelegaste reisemåte skal nyttas i staten. Skjema finn du på Statens fellesblankett. Kvitteringar limes på et A4 ark og skannes eller tas bilete av.

Reiserekninga sendes til FHS-reiseregninger@hvl.no.

Høgskulen har gjennom Universitets- og høgskulerådet inngått hotellavtalar med desse hotellkjedane:

  • Thon Hotels AS
  • Scandic Hotels AS
  • Nordic Choice Commercial Services AS
  • Rezidor Hotels Norway AS

Når du bestillar må du oppgi bestillingskoden: «Universitet og høgskoleavtalen» (UH-avtalen) og «Høgskulen på Vestlandet» for å få riktig pris.

Kontaktinformasjon

Lurer du på noko? Vi vil gjerne svare deg!
Praksisadministrasjonen ved FHS