Fare for ikkje bestått praksis

På denne sida finn du informasjon til praksisfelt, studentar og ansatte ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett om rutinar ved tvil om studenten består praksis og rutinar ved ikkje bestått praksis.

Skjema som skal brukast

Lenke til skjema kjem:

  • Varsel om fare for ikkje bestått praksis
  • Mal referat samtale om varsel
  • Skjema for rettleiingssamtale etter varsel

Varsel om fare for ikkje bestått praksis

Oppstår det tvil om studenten vil nå måla for læringsutbytta og bestå praksis skal praksislærar fylle ut skjemaet "Varsel om fare for ikkje bestått praksis". Dette skal skje så tidleg som mogleg og seinast halvvegs i praksisperioden.

Varselet skal presisere kva delar av læringsutbytta studenten ikkje har oppnådd så langt i praksis. I varselet skal det kome fram kva studenten særskilt må jobbe med for å bestå praksis.

Studenten skal få tilbod om samtale med praksisstaden og høgskulen der studenten får svar på spørsmål knytt til varselet og konsekvensar av ikkje bestått praksis. Samtalen skal gjennomførast på eit tidspunkt som gir studenten høve til å vise tilfredsstillande praksis, og seinast tre veker før praksisperioden er slutt. Ved praksisperiodar på fem veker eller mindre skal samtalen haldast halvvegs i perioden.

Rutinar ved fare for ikkje bestått praksis

Forskrift: § 10-7.Ved tvil om studenten består praksis

  • Dersom praksislærar er i tvil om ein student vil få vurderinga «bestått»  i praksisperioden, må profesjonsrettleiar/faglærar og praksiskoordinator ved HVL, i tillegg til eigen leiar, kontaktast på eit tidleg tidspunkt.
  • Praksislærar fyller ut skjema «Varsel om fare for ikkje bestått praksis». I varselet skal det kome tydeleg fram kva studenten må forbetre for å bestå praksis. 
  • Praksislærar gir studenten tilbod om samtale med praksisstad og høgskulen. I samtalen skal det ut frå mål og læringsutbytte for perioden forklarast kvifor studenten står i fare for å få vurderinga «ikkje bestått» praksis. Det skal skrivast referat frå møtet og studenten har rett til å levere merknad til referatet. Dersom studenten ikkje møter skal det noterast i referatet.
  • Praksislærar sender skjemaet «Varsel om fare for ikkje bestått», undervegsvurdering og referat frå samtalen til HVL via Praksisportalen.
  • Praksislærar og profesjonsrettleiar/faglærar held vidare kontakt gjennom resten av praksisperioden.
  • Praksislærar gjennomfører jamlege rettleiingssamtalar med studenten der studenten får munnleg og skriftleg tilbakemelding på eiga utvikling etter motteke varsel. Praksislærar skriv punktvis tilbakemelding til studenten på «Skjema for rettleiingssamtale etter varsel om fare for ikkje bestått praksis» og deler dette med profesjonsrettleiar/faglærar.
  • Praksiskoordinator ved HVL:
    • arkiverer varsel, undervegsvurdering, møtereferat og skjema for rettleiingssamtale
    • sender brev til studenten med kopi av varsel og informasjon om konsekvensar dersom praksisperioden vert vurdert til ikkje bestått

Konsekvensar av ikkje bestått praksis

Når praksis vert vurdert til ikkje bestått, har studenten brukt eitt forsøk og heile praksisperioden må takast om att neste gong praksisperioden vert arrangert ordinært. Dette kan få konsekvensar for studieprogresjonen.

Studenten kan ikkje klage på sluttvurdering i praksis, men har høve til å klage på eventuelle formelle feil i samband med praksis.

Rutinar ved sluttvurdering ikkje bestått praksis

  • Det skal vere to sensorar som vurderer studenten. Dette vil normalt vere praksislærar og profesjonsrettleiar/faglærar ved HVL. Sensorane har eit felles ansvar for den endelege vurderinga av studenten.
  • Dersom praksisperioden vert vurdert til «ikkje bestått» melder praksislærar frå til eigen leiar, profesjonsrettleiar/faglærar og praksiskoordinator ved HVL. (Etter at rutinar ved «fare for ikkje bestått praksis» er følgt)
  • Høgskulen og praksisstaden vurderer saman om det er grunnlag for å sende tvilsmelding knytt til skikkavurdering.
  • Siste dag i praksis gjennomfører praksislærar sluttsamtale med studenten der dei går gjennom sluttvurderinga. Studenten vert også informert om å ta kontakt med praksiskoordinator ved HVL for vidare oppfølging.
  • Praksislærar sender sluttvurderinga via Praksisportalen til HVL.
  • Studenten lastar opp sluttvurderinga i Wiseflow.
  • Profesjonsrettleiar/faglærar registrerer endeleg sluttkarakter i Wiseflow.
  • Praksiskoordinator arkiverer sluttvurderinga i HVL sitt dokumentsystem.
  • Praksiskoordinator sender brev til studenten med informasjon om konsekvensar av at praksisperioden er vurdert til ikkje bestått.

Når kan praksis verte vurdert til ikkje bestått utan varsel?

Praksis kan i enkelte tilfelle verte vurdert til ikkje bestått utan varsel på førehand. Då skal særlege kriterium vere oppfylte, sjå forskrift: