Retningslinjer for praksis LUPE musikk 2.studieår

Praksis 2.studieår vert gjennomført på fleire arenaer. I haustsemesteret vert praksisen gjennomført hovudsakleg på grunnskulen sitt ungdomstrinn, medan ein i vårsemesteret gjennomfører praksis innanfor fritidsmusikklivet og vidaregåande opplæringsarenaer. Emnet LUPEMP200 vil bestå av 4 ulike delpraksisar.

Innhald i emnet LUPEMP200

Praksis i dette emnet vil fokusere på å gi studentane erfaring i å planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning i musikk, i tverrfagleg arbeid og utvikling av læringsmiljø. Det vert lagt vekt på lærar og elevrolla i ulike opplæringskontekstar, mangfald og læringsfremjande vurdering. Studenten skal ta meir sjølvstendig ansvar for planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning, men og som aktiv observatør i ulike praksiskontekstar.

Studenten skal ha kunnskap om læring, læreprosessar, arbeidsmåtar, læremidlar og vurderingsformer som særpregar musikkfaget og skal nytte denne kunnskapen til å leggje til rette for utvikling av elevane sine grunnleggjande ferdigheiter i arbeidet med musikkfaget. Musikkfaget er tradisjonelt eit lite undervisningsfag i grunnskulen, men i emneplanen for emnet er det og vektlagt at studenten skal utvikle kunnskap om samspelet mellom elevar og mellom elev og lærar, om skuleleiing, klasseleiing, teamarbeid og skule-heimsamarbeid. Denne type kunnskap og kompetanse kan ein tileigne seg gjennom å øve på klasseleiing og relasjonsbygging i ulike undervisningssamanhengar – også utover musikkfaget, og studentane vil difor verta utfordra på å delta i undervisningsaktivitetar også i andre undervisningsfag enn musikk.

For meir informasjon om innhald og læringsutbytte, sjå emneplanen for praksis 2.studieår.

 

P1: 15 dagar ungdomsskulepraksis - haust

Omfang og organisering

  • Digitalt praksisførebuande møte to veker før praksisstart
  • 5 dagar samanhengande observasjonspraksis 
    • Praksisgruppa observerer primært sin praksislærar gjennom veka. Dersom det er mogleg er det ynskjeleg at dei kan få observere fleire klassar/lærarar, og mest mogleg musikkundervisning. Føremålet er å gi eit variert og heilskapleg bilete av mangfaldet i arbeidsoppgåver for ein musikklærar på ungdomstrinnet
  • 10 dagar samanhengande undervisningspraksis 
    • Praksisgruppa føl praksislærar sin arbeidsdag. Kvar student må delta i undervisningsaktivitetar gjennomsnittleg 3 klokketimar per dag som eit minimum (observasjon eller undervisning). Resten av praksisdagen skal nyttast til rettleiing, møte, førebuing, vurderingsarbeid og skule-heim samarbeid.
    • Som ein hovudregel skal ein etterstrebe at minst 50 % av undervisningsaktivitetane studentane deltek i, er musikkrelatert. Ein kan og opne opp for å observere/delta i andre lærarar si musikkundervisning om det er vanskeleg å få tilstrekkeleg musikkundervisning. Me oppmodar praksislærar og praksisstudentar til å vere kreative og tenke tverrfagleg, for at studentane skal få mest mogleg trening i klasseleiing og det å organisere og leie musikkfaglege aktivitetar. Valfag som sal og scene, musikkproduksjon, dans i kroppsøvingsfaget kan gjerne nyttast som undervisningspraksis.
    • For at studentane skal få mest mogleg mengdetrening i klasseleiing og utvikling av relasjonskompetanse, kan dei og verta utfordra på å leie undervisning og aktivitetar i andre skulefag – men praksislærar kan ikkje forvente at studentane sjølv skal planlegge undervisningsinnhaldet i slike økter
    • Studentane skal observere når praksislærar og medstudentar underviser og bli trekt inn som medlærarar når andre har undervisningsansvar, t.d. ved gruppedeling eller i elevrettleiing
    • Saman med medstudentane og praksislærar skal studenten lage ein grovplan for heile praksisperioden. I tillegg skal studenten lage undervisningsplan for kvar time, enten saman med medstudentar eller åleine –alt etter kva som er avtalt med praksislærar. 
    • Studenten skal levere planleggingsskjema til praksislærar i god tid før undervisninga, slik at du kan få rettleiing før undervisningsøkta. Skjemaet skal vere så klart og detaljert at andre skal kunne gjennomføre undervisninga ut frå det. I 2. studieår er det forventa at ein enten aleine eller saman med medstudentar kan ha ansvaret for tilnærma ein heil undervisningstime åleine, men at praksislærar skal hjelpe til med rettleiing i førebuing og planlegginga av timen.
    • Studentane skal få erfaring med vurderingsarbeid i musikkfaget på ungdomstrinnet i løpet av praksisperioden.

Rettleiing

Studenten skal ha rettleiing før og etter all undervisning. Praksislærar har ansvar for at praksisgruppa får minimum ein time rettleiing i grupper per dag. I løpet av praksisperioden skal praksislærar også ha ein-til-ein samtale med kvar student minst 3 gonger. Praksislærar har ansvar for at dette blir fulgt opp. Rettleiinga skal ha fokus på at studenten får reflektere rundt eigen praksis, vere knytt til måla for praksisperioden og sikre progresjon for kvar enkelt student.

Studenten skal stille førebudd til alle rettleiingsøkter og levere planleggingsdokument i god tid i forkant av undervisning eller musikkaktivitet, slik at dei kan få rettleiing på dette. Konkrete avtalar rundt korleis og tidspunkt for slike dokument, må avtalast med kvar einskilde praksislærar. Rettleiinga kan gjennomførast med ein eller fleire praksislærarar, eller faglærar ved behov.

Plan for praksis

I løpet av observasjonsveka skal praksislærar og praksisgruppe utforme ein plan for resten av praksisperioden. Denne skal skriftleggjerast, og det skal kome fram tidspunkt,  aktivitetar, kven som har ansvaret og evt. andre merknadar. Denne planen skal synleggjere for både praksislærar og studentar avtalar og forventingar knytt til oppmøte og ansvarsområde, samt å gi eit totalbilete som er med på å sikre at studentane får ei hovudvekt av erfaringar knytt til musikkfaget og musikkfaglege aktivitetar. Tidspunkt for rettleiing skal avtalast og timeplanfestast i forkant av praksisperioden og inngå i planen. Ein kopi av denne skal innan vekeslutt sendast til faglærar ved HVL som har ansvar for praksisoppfølging.

P2: 5 dagar folkehøgskulepraksis - vår

Omfang og organisering

  • Digitalt praksisførebuande møte
  • Studenten skal som utgangspunkt vere til stades på praksisskulen 37,5 timar fordelt på fem dagar. På grunn av praksisen sin eigenart må studenten rekne med noko praksis på kveldstid/ettermiddagstid, og det kan verta aktuelt å gjennomføre praksisen meir intensivt og ha lengre, men færre dagar.
  • Praksisen skal bestå av observasjon, undervisning, sosialpedagogisk arbeid og rettleiing.
  • Studenten skal følgje praksislærar sin arbeidsdag så langt det let seg gjere, men skal og delta på aktivitetar som er særeigne for folkehøgskulen for å få eit heilskapleg innblikk i kvardagen som lærar på folkehøgskule (til dømes morgonsamling).
  • Kvar student skal delta i musikkundervisning gjennomsnittleg 3 klokketimar pr dag som eit minimum (observasjon eller undervisning).
  • Som ein del av praksisen skal studentane inkluderast i sosialpedagogisk arbeid, utover ordinær musikkundervisning, som er ein del av folkehøgskulens eigenart.
  • Studentane skal observere når praksislærar og medstudentar underviser og bli trekt inn som medlærarar når andre har undervisningsansvar t.d. ved gruppedeling eller i elevrettleiing
  • Saman med medstudentane og praksislærar skal studenten lage ein grovplan for heile praksisperioden. I tillegg skal studenten lage undervisningsplan for kvar time, enten saman med medstudentar eller åleine –alt etter kva som er avtalt med praksislærar.
  • Studenten skal levere planleggingsskjema til praksislærar i god tid før undervisninga, slik at ein kan få rettleiing før undervisningsøkta. Skjemaet skal vere så klart og detaljert at andre skal kunne gjennomføre undervisninga ut frå det. I 2. studieår er det forventa at ein enten aleine eller saman med medstudentar kan ha ansvaret for tilnærma ein heil undervisningstime åleine, men at praksislærar skal hjelpe til med rettleiing i førebuing og planlegginga av timen.

Rettleiing

Studenten skal ha rettleiing før og etter all undervisning. Praksislærar har ansvar for at praksisgruppa får minimum ein time rettleiing i gruppe per dag. I løpet av praksisperioden skal praksislærar også ha ein-til-ein samtale med kvar student på avsluttande vurderingssamtale. Rettleiinga skal ha fokus på at studenten får reflektere rundt eigen praksis, vere knytt til måla for praksisperioden og sikre progresjon for kvar enkelt student.


Studenten skal stille førebudd til alle rettleiingsøkter og levere planleggingsdokument i god tid i forkant av undervisning eller musikkaktivitet, slik at dei kan få rettleiing på dette. Konkrete avtalar rundt korleis og tidspunkt for slike dokument, må avtalast med kvar einskild praksislærar. Rettleiinga kan gjennomførast med ein eller fleire praksislærarar, eller faglærar ved behov.

I tillegg skal gruppa gjennomføre ein fagsamtale med praksislærar i løpet av praksisveka der ein reflekterer over blant anna følgjande spørsmål:

  • Korleis skil det sosial-pedagogiske arbeidet ved ein folkehøgskule seg frå andre praksisarenaer du har vore på? Korleis kan musikk inngå som ein del av dette arbeidet?
  • Kva krav stiller graden av metode -og innhaldsfridom i folkehøgskulen til deg som lærar og korleis skil dette seg frå andre praksisarenaer du har vore på?

Grad av refleksjon, aktiv deltaking i rettleiing og refleksjonssamtalar/drøfting inngår som ein del av den heilskaplege vurderinga praksislærar gjer av studenten. Om studentane ikkje møter førebudd og deltek aktivt, vil dette verke inn på sluttvurderinga.

Plan for praksis

På praksisførebuande møte skal studentar og praksislærar i lag utforme ein skriftleg plan for resten av praksisperioden. Planen skal innehalde tidspunkt, aktivitetar, kven som har ansvaret for undervisning, rettleiingstidspunkt og evt. andre merknadar. Den skal synleggjere for både praksislærar og studentar avtalar og forventingar knytt til oppmøte og ansvarsområde. Tidspunkt for rettleiing skal avtalast og timeplanfestast i forkant av praksisperioden og inngå i planen.

P3: 5 dagar vidaregåandepraksis - vår

Omfang og organisering

Observasjonspraksis på vidaregåande inneber ei veke med observasjon på utdanningsprogrammet Musikk, dans og drama og programområdet musikk. Studenten skal vere til stades 7,5 timar kvar dag (vanleg arbeidsdag = 1 praksisdag). Studentane vert delt i praksisgrupper på 3-5 studentar pr. gruppe.

  • Praksisgruppa skal saman eller delt observere 5 samanhengande dagar på sin praksisskule.
  • Studentane skal i størst mogleg grad observere musikkundervisning, men kan og dersom det er anna relevant undervisning observere andre fag (til dømes ergonomi og rørsle).
  • Studentane skal få observere både eigen praksislærar og andre faglærarar i løpet av veka
  • Det er ynskjeleg at studentane får observere mest mogleg variert undervisning, både med tanke på fag, alderstrinn og gruppestorleik. Dersom det er 1-1 undervisning, eller undervisning i mindre grupper så kan gjerne praksisgruppa delast opp.
  • Kvar student skal få observere minst ein undervisningstime på eige fordjupingsinstrument i løpet av praksisveka.
  • Praksislærar/skule lagar ein timeplan for observasjon og rettleiing i forkant av praksisperioden.

Rettleiing

Rettleiinga i denne praksisen vil gå føre seg som fagsamtalar eller refleksjonssamtalar i gruppe med praksislærar. På grunn av praksisen sin eigenart (intensiv praksis, utan eigen undervisning), skal studenten i denne praksisperioden førebu refleksjonar knytt til utvalde problemstillingar i forkant av rettleiing/refleksjonssamtalar/fagsamtalar med praksislærar. Det skal leggjast til rette for 1 time med rettleiing kvar dag. Denne kan gjennomførast på slutten av praksisdagen, eller ved ledig høve i løpet av dagen. Rettleiinga skal vere timeplanfesta i forkant av praksisperioden.

Studentane skal gjennom praksisen ta notat som kan nyttast i refleksjonar med praksislærar. Praksislærar er ansvarleg for å sjå til at studenten har notert undervegs. HVL vil i forkant av praksisperioden presentere nokre refleksjonsspørsmål ein ynskjer at skal vere grunnlag for 1 av samtalane gjennom veka, i tillegg står sjølvsagt praksislærar fritt til å styre samtalen i forhold til relevant tematikk. Som ein del av praksis skal kvar student også presentere minst ein problemstilling knytt til observasjonane som er gjort som skal drøftast med praksislærar og praksisgruppa. Studenten som er ansvarleg for å presentere problemstilling, er og ansvarleg for å leie drøftinga og ha ein fagsamtale rundt dette. Fordelinga av kven som er ansvarleg for å presentere problemstillingar dei ulike dagane må avklarast før praksisperioden startar.

Grad av refleksjon, aktiv deltaking i rettleiing og refleksjonssamtalar/drøfting inngår som ein del av den heilskaplege vurderinga praksislærar gjer av studenten. Om studentane ikkje møter førebudd og deltek aktivt, vil dette verke inn på sluttvurderinga.

P4: 15 timar praksis ensembleleiing innan fritidsmusikkliv - vår

Omfang og organisering

I denne praksisen skal studenten vere i praksis hos eit ensemble innan fritidsmusikklivet. Våren 2024 vil dette vere ulike barnekor i Bergen og omegn. Praksisen vert gjennomført som ei punktpraksis og vil gå føre seg på ettermiddag/kveldstid. Tidsperioden praksisen strekk seg over kjem ann på kor lange øvingar dei ulike ensembla har kvar veke, men studenten skal vere i eit ensemble heile praksisperioden og praksisen skal tilsvare ca. 35 timar praksis. I dette er det inkludert tid til før -og etterarbeid, samt rettleiing. Praksisen vert gjennomført i grupper på 2-3 studentar.  

  • Praksisførebuande møte 
  • Praksisen skal bestå av observasjon, ensembleleiing, tilpassing av repertoar, etter -og førarbeid, samt rettleiing 
  • Studenten skal aktivt observere praksislærar og medstudentar når han/ho ikkje sjølv leier ensemblet og bistå undervegs i ensembleøvinga der det er naturleg.  
  • Studenten skal vere til stades heile korøvinga, inkludert førarbeid og etterarbeid 
  • I denne praksisen skal studenten møte ein jamn og tydeleg progresjon, frå observasjon, til å leie oppvarmingar og fram mot å ta ansvar for å planlegge og leie lengre deler av ei øving.  
  • Studenten basert på samtalar med praksislærar og observasjon av ensemblet, lage eit arrangement av ein sjølvvald song som er tilpassa praksisensemblet og innstudere dette med ensemblet.    
  • I løpet av praksisen skal kvar student:  
  • Observere etter gitte retningslinjer og delta i samtale med praksislærar 
  • Ha ei oppvarming med ensemblet 
  • Leie ein mindre sekvens av repertoar ensemblet kjenner frå før 
  • Dirigere eit stykke i heilskap som ensemblet har på sitt repertoar frå før 
  • Innstudere stoff som studenten sjølv har tilrettelagt for ensemblet på grunnlag av sine observasjonar 
  • For våren 2024:  
  • På grunn av ulike øvingslengde kvar veke, vil lengda på praksisperioden variere noko. For dei som har praksiskor med 1,5 time øving i veka, vil praksisperioden strekke seg over 6 gonger. For dei som har praksiskor med 1 time øving i veka, vil praksisperioden gå over 7 veker.  
  • For kvar øving studentane deltek, er det knytt 3 timar før- og etterarbeid der studentane skal lære seg ensemblets repertoar, arrangere sitt eiget innstuderingsstykke, førebu aktivitetar og innstudering.

Rettleiing

Studenten skal ha rettleiing før og etter all undervisning. Praksislærar har ansvar for at praksisgruppa får minimum ein time rettleiing i grupper per veke. I løpet av praksisperioden skal praksislærar også ha ein-til-ein samtale med kvar student. Rettleiinga skal ha fokus på at studenten får reflektere rundt eigen praksis, vere knytt til måla for praksisperioden og sikre progresjon for kvar enkelt student. 

Studenten skal stille førebudd til alle rettleiingsøkter og levere planleggingsdokument i god tid i forkant av ensembleøving slik at dei kan få rettleiing på dette. Konkrete avtalar rundt korleis og tidspunkt for slike dokument, må avtalast med kvar einskilde praksislærar.

Plan for praksis

På praksisførebuande møte skal studentar og praksislærar i lag utforme ein plan for resten av praksisperioden. Denne skal skriftleggjerast og det skal kome fram tidspunkt, aktivitetar, kven som har ansvaret, rettleiingstidspunkt og evt. andre merknadar. Denne planen skal synleggjere for både praksislærar og studentar avtalar og forventingar knytt til oppmøte og ansvarsområde. Tidspunkt for rettleiing skal avtalast og timeplanfestast i forkant av praksisperioden og inngå i planen.