Slik finn du informasjon som student ved HVL

Vi vil at du skal ha lett tilgang til den informasjonen du treng. Som student er det viktig at du lærer deg kor du kan finne informasjon for alle studentar og kva kanalar du må bruke for å holde deg oppdatert.

Informasjon om reglar, rettar og plikter

Du finn alt du treng å vite om reglar, rettigheiter og pliktene dine som student på studentsida hvl.no/student. Her finn du for eksempel informasjon om eksamen, praksis, timeplanar og pensum.

Informasjon frå forelesar eller institutt/fakultet om faget mitt

Dette finn du i Canvas. Canvas er kanalen for kommunikasjon mellom deg og faga/faglærarane dine. Her finn du informasjon knytt til det enkelte studiet, du kan kontakte faglærar, levere oppgaver og kommunisere med andre studentar i kullet ditt.

Nokre institutt og fakultet vil også legge ut viktig informasjon i Canvas. For eksempel gjeld dette dersom du skal i praksis.

Sikkerheitsinformasjon til studentar

Alle studentar skal kjenne seg trygge og sikre på våre campusar. Gjennom sikresiden.no kan vi gje deg og andre informasjon når noko skjer eller har skjedd. Noko av informasjonen vil vere tilpassa oss på HVL, så første gang du går inn på sikresiden.no er det viktig at du vel HVL som studiestad.

Kor kan eg melde meg opp til eksamen, eller semesterregistrere meg?

Dette gjer du i Studentweb. Du finn lenke på hvl.no/student, eller du kan gå rett til studentweb. Studentweb er kanalen for den formelle kommunikasjonen om studiet ditt. Her skal du semesterregistrere deg, melde deg til eksamen og få eksamensresultata dine. Du vil også få viktig informasjon om eksamen og eksamensavviklinga her.

Finst det studentorganisasjonar eller andre aktivitetar eg kan bli med på?  

Ja! HVL har mange studentorganisasjonar på alle campusar. Du finn meir informasjon på studentliv-sidene til kvar campus.

Kva med ting som skjer på campusen min?

Det skjer mykje på campus og på studiestaden som har tilknyting til studentmiljøet. Informasjon om dette finst i ulike kanalar. Mykje finn du i kalendaren på hvl.no/student og hvl.no/studentliv, i tillegg til Facebook-gruppa for campusen din. Det dukkar også opp på informasjonskjermane på campus.

Må eg sjekke student e-posten min?

Ja. HVL sender e-post til din student e-post om viktige avgjerder som gjeld ditt studieløp. Du må sjekke e-posten med jamne mellomrom.

Du finn informasjon om pålogging og lenke til student e-posten på hvl.no/student.

Kan eg få tekstmelding frå høgskulen?

I nokre tilfelle vil vi sende tekstmelding for å gi deg viktig informasjon. Dette skjer for eksempel første gong du skal semesterregistrere deg, eller i beredskapssituasjonar.

Liste over dei ulike kanalane

Studentsida på hvl.no

Studentsida på hvl.no er HVL sin hovudkanal for informasjon til alle studentar. Her finn du all fast informasjon om studiet ditt. Du finn mellom anna informasjon om eksamen, oppgåveskriving, utveksling, praksis, studieplanar, emneplanar, timeplanar, tilrettelegging og rådgiving. Du finn og lenke til alle dei andre kanalane våre her. 

Canvas

Canvas er plattforma for kommunikasjon mellom deg som student og faglærar, instituttet og fakultetet ditt. Her finner du informasjon knytt til det enkelte studiet, og får beskjedar om studiet og forelesningar. Her kan du kontakte faglærarar, levere oppgåver og kommunisere med dei andre studentane i kullet ditt.

StudentWeb

StudentWeb er kanalen for den formelle kommunikasjonen om dine studium. Her skal du semesterregistrere deg, melde deg opp til eksamen og få eksamensresultata dine. Du vil også få viktig informasjon om eksamen og eksamensavvikling her.

E-post

HVL sender e-post til din student-e-post om viktige avgjerder som gjeld ditt studieforløp. Du må sjekke studente-posten med jamne mellomrom. HVL sender vanlegvis ikkje e-post til den private e-postadressa di (f.eks. hotmail, gmail osv). 

Her finn du student e-posten din.

SMS

I nokre tilfelle vil vi sende tekstmelding for å gi deg viktig informasjon. Dette skjer for eksempel første gong du skal semesterregistrere deg, eller i beredskapssituasjonar.

Informasjonsskjermar på campus

På informasjonsskjermane på campus får du f.eks. informasjon om arrangement på campus, studentorganisasjonar eller annan nyttig informasjon. 

Sosiale medium

Gjennom HVL sine offisielle kanalar i sosiale medium får du informasjon om arrangement og eit innblikk i korleis studentane har det på HVL. Kanalane er ikkje sjølvstendige informasjonskanalar, og alle studentar må bruke nettsidene og canvas for å holde seg oppdatert. Det finst også ei rekke kontoar som blir drivne av og for studentane sjølve. Her finn du informasjon om arrangement, organisasjonar og studentdemokratiet.