Studierett

Når du får opptak til eit studieprogram, får du studierett for den normerte studietida for programmet. Normert studietid for til dømes eit heiltids bachelorstudium er 3 år.

Dersom du av ulike grunnar treng lenger tid til å fullføre studiet ditt, kan du etter avtale justere utdanningsplanen din og bruke lenger tid på studiet ditt, innanfor rammer definert i forskrift om studium og eksamen ved HVL.

Studieretten din fell automatisk vekk når tida for tildelt/avtalt studierett er ute, eller du har fullført studieprogrammet.

Merk at viss du ikkje følgjer normert progresjon for studieprogrammet, må du rekne med å følgje den studieplanen som gjeld til ei kvar tid, og dei eksamensordningane som går fram av denne. 

Ta kontakt med studiekonsulent eller karriererettleiar for å få justert utdanningsplanen din. Her finn du kontaktinfo for studierettleiing på din campus.