Timeplan

Du finn timeplanen din i timeplansystemet TimeEdit.

Du kan søkje opp timeplanen for ditt studieprogram eller dine emne både i open inngang og i studentinngangen for din campus. Studentinngangen krev innlogging med Feide. I studentinngangen kan du òg finne din personlege timeplan for emna du har i utdanningsplanen din.
Timeplanen frå TimeEdit-kalenderen blir òg eksportert til Canvas-kalenderen. Andre timeplanoppsett enn timeplanen i TimeEdit er ikkje gjeldande.

Finn timeplanen din i TimeEdit


Slik loggar du på for å finne din personlege timeplan:

  1. I TimeEdit vel du studentinngangen for din campus.
  2. Logg på med Feidepålogginga di.
  3. Du får no opp ein timeplan med alle emna du har i utdanningsplanen din. Merk at du må vere semesterregistrert i Studentweb for å kunne søke med studentnummer. Det vil gå nokre dagar frå du har registrert deg, til du får tilgang til timeplanen din.

Ny student? Har du ikkje semesterregistrert deg ennå, kan du likevel sjå timeplanen. Då vel du «Open inngang HVL». Denne krev ikkje pålogging. Så kan du søke opp studiet du skal starte på. 

Når blir timeplan publisert?

  • Timeplan for haustsemesteret blir publisert 15. juni.
  • Timeplan for vårsemesteret blir publisert 15. desember.

Undervisningsfri onsdag frå klokka 14

Onsdagar mellom kl. 14.00 og 17.00 er satt av til «demokratitid» for studentar og tilsette. I denne perioden skal det ikkje foregå undervisning. Regelen gjeld ikkje for etter- og vidareutdanning og praksis, og det kan òg gjerast avvik frå regelen om «demokratitid» i særskilte tilfelle.