Mann foran infotavle på flyplass.

Finansiering, reise, helse og sikkerheit

Legg grunnlaget for ei god utvekslingsperiode så snart du har svart ja på tilbodet frå vertsinstitusjonen.

Økonomisk

Lånekassen

Søk lån og stipend frå Lånekassen så snart du får opptaksbrev frå vertsinstitusjonen. Viss du skal betale skulepengar dokumenterer du det ved å laste opp opptaksbrevet som inneheld skulepengesummen som vedlegg til søknaden.

Du vil få same støtte frå Lånekassen som når du studerer i Noreg. I tillegg kan du søke om støtte til reise til og frå landet du skal på utveksling til. Ved nokre institusjonar i utlandet må du betale skulepengar. Lånekassen kan gi lån og stipend til å dekke dette.

På Lånekassens nettsider kan du lese meir om kor mykje støtte du kan få

NB: Du må betale semesteravgift til HVL for å få lån og stipend frå Lånekassen i utvekslingsperioden.

 

Erasmusstudent?

Dersom du skal på studie eller praksis gjennom ein av våre Erasmus+ avtalar kan du få ekstra stipend til reise og opphald frå HVL. Gjennom Erasmus-programmet betalar du ikkje skulepengar til universitetet eller høgskulen du reiser til. Her kan du lese meir om Erasmus-programmet, og få meir informasjon om korleis du går fram for å søke om Erasmusstipend.

Det er mogleg å få tilleggsstipend for studentar med særskilde behov. Les meir om dette på sidene om Erasmus. 

Nordplus

Stipend frå Nordplus er først og fremst aktuelt for deg som skal ha praksis i utlandet. Viss fagmiljøet ditt deltar i eit nettverk med nordiske partnarar, kan du få støtte på inntil 200 euro per månad, i tillegg til reisestøtte. Du betalar ikkje skulepengar til universitetet eller høgskulen du reiser til.

Legat

Legathandboka og legatsida gir oversikt over ulike norske legat og informasjon om tilhøyrande fristar og prosedyrer. For legat er det ofte spesifikke kriterium for å få støtte.

Reise og bustad

Visum og pass

Enkelte land krev visum for studentar på utvekslingsopphald. Du må sjølv ordne med dette. Du søker om visum etter at du har fått opptak til studiet, eller når praksisopplegg er stadfesta av vertsinstitusjonen i utlandet. Ta kontakt med det aktuelle landet sin ambassade i Noreg så tidleg som mogleg, gjerne før du har fått opptaksbrev, for å få informasjon om kva dokumentasjon dei krev.

I nokre land må du i tillegg til visum også ha opphaldsløyve. Ambassaden gir deg meir informasjon om dette. 

Sjekk at du har pass som er gyldig i minst 6 månader etter at du er tilbake i Noreg.

Har du statsborgarskap i eit anna land enn Noreg kan det vere andre reguleringar som gjeld. Sjekk då med andre kjelder.

Forsikring

Er du bustadsregistert i Noreg har du grunnforsikring gjennom folketrygda, men dette inkluderer ikkje reise- og ulukkesforsikring, innbuforsikring, heimtransport ved sjukdom med meir.

HVL rår alle studentar som skal på utveksling å skaffe seg nødvendig forsikring utover det folketrygda tilbyr. ANSA og Norsk Student Organisasjon (NSO) tilbyr studentforsikring, men du står fritt til å velgje den forsikringsleverandøren du ønskjer.

Er du helse- eller sosialfagstudent og skal ha praksisopphald i utlandet bør du undersøke om du treng ansvarsforsikring som dekker erstatningsansvar om du påfører andre skade under praksisopphaldet. ANSA og dei fleste fagforbunda tilbyr slik forsikring til medlemmane sine.

Bustad

Dei fleste av HVLs partnarar tilbyr hjelp til å finne bustad. Du finn informasjon om dette på nettsidene deira eller ved å ta kontakt med internasjonalt kontor på lærestaden.

Helse og sikkerheit

Ta vare på deg sjølv og medstudentane dine medan du er på utveksling. Les meir om tryggleik og beredskap.

Vaksiner

Kontakt fastlegen din eller ditt lokale vaksinasjonskontor for å undersøke kva vaksinar du treng. Nokre vaksiner bør tas i god tid før du reiser, så vær tidleg ute. På Folkehelseinstituttet kan du lese meir om reisevaksinar. 

NB! Skal du ta praksis på utveksling? Ved nokre lærestadar krev dei at du tek særskilde vaksiner før du startar praksisopphaldet ditt. Ta kontakt med lærestaden din i god tid for meir informasjon.

Europeisk helsetrygdkort

Skal du på utveksling til Europa anbefalast det at du bestiller Europeisk helsetrygdkort. Dette gir deg rett til behandling og stønad på lik linje med innbyggarane i landet du skal opphalde deg i. Dette gjeld innan heile EØS-området. Du bør i tillegg ha teikna reiseforsikring.

Registrer reisa

Så snart du har fått deg bustad i vertslandet, bør du oppdatere opplysingane dine i Studentweb. Utenriksdepartementet (UD) ønskjer og at norske statsborgarar registrerer seg hos dei slik at UD kan sende deg informasjon på SMS eller e-post om det skjer ein alvorleg hending i landet.

Registrering gjer du online via reiseregistrering.no.

Eigenerklæring

Før avreise bør du gjere deg kjend med eigenerklæring for utveksling. Du godkjenner denne i appen i søknadsprosessen. Der bes du og om å fylle inn din kontaktperson. Denne informasjonen blir berre brukt dersom det skulle skje noko uventa medan du er på utveksling. 

Beredskap

Høgskulen på Vestlandet har ei beredskapsavtale med Sjømannskirken. Dei kan bistå våre studentar i krise- og beredskapssituasjoner over heile verda.  Sjømannskirken sitt beredskapsnummer er: +47 951 19 181

Sjømannskirken har også utvikla ein app som heiter "Nødnummer". Denne er nyttig å ha på telefonen når du er på reise generelt og på utveksling spesielt. I appen finst det fleire funksjonar, som reiseregistrering, kontaktinformasjon til ambassade, kopling til reiseforsikringa di osb.