Brukarrettleiing for Online Learning Agreement (OLA)
Skal du reise på utveksling med Erasmus+ må du fylle inn Online Learning Agreement (OLA). OLA er ein avtale mellom student, HVL og partnarinstitusjon som skildrar innhaldet i utvekslinga og er ofte ein del av søknaden til partnarinstitusjonen.
Kven skal fylle ut ein OLA?
Studentar som skal ta emner eller praksis på utveksling gjennom ein Erasmus+ avtale må fylle ut ein OLA (Online Learning agreement).
Viktig informasjon før du startar
Gå til www.learning-agreement.eu for å logge inn i systemet. Vel log in with your academic credentials (eduGAIN). På neste side søkar du opp Feide som er den sikre løysinga HVL bruker. Bruk studentepostadressa di som brukarnamn for å opprette eit passord.
Det er viktig at du ikkje brukar Internet Explorer.
Du kan óg nytte Erasmus+ appen.
Ikkje alle felt er obligatoriske, du kan lagra dokumentet undervegs og fortsette seinare. Vi rår deg til å prøva deg fram i god tid slik at dokumentet er klart før du reiser på utveksling. Personvern og vilkår og betingelsar finn du på nettsida om OLA og Erasmus+ appen.
Om du har tekniske vanskar, ta kontakt med din sakshandsamar på HVL. Veit du ikkje kven din sakshandsamar er, kan du kontakte AFII. For spørsmål av fagleg art, kontakt fagleg kontaktperson.
Brukarrettleiing til utfylling av OLA for studie / praksis
Vi tilrår å ha denne sida open når du fyllar inn din OLA. Rettleiinga følger stega i skjema. Utvekslingsplanen din frå appen HVL Utveksling er og nyttig.
1. Student information
Fyll inn opplysningar om deg sjølv og ditt studie. Academic Year er det skuleåret du skal vere på utveksling, dobbeltsjekk at dette er riktig. Heile skoleåret skal vere fylt inn sjølv om du berre skal vere borte eit semester.
ISCED koder for Fakultet for helse og sosialfag
Ergoterapi, Fysioterapi, Vernepleie og Sosialt arbeid:
Therapy and Rehabiliation 0915
Radiografi
Medical diagnostic and treatment technology 0914
Sjukepleie:
Nursing and midwifery 0913
Barnevern, Psykisk helse og rusarbeid, Samfunnsarbeid og Healhy Agening and Rehabilitation (MA):
Therapy and Rehabilitation 0915
ISCED koder for Fakultet for Ingeniør og Naturvitenskap
Kjemi
Chemistry 0532
Branningeniør
Interdisciplinary programmes involving broad field 07 0788
Kvalitets og HMS-ingeniør og Brannsikkerhet (MA)
Engineering and engineering trades 071
Landskapsplanlegging og landskapsarkitektur (BA)
Architecture and town planning 0731
Landmåling og Eiendomsdesign, Byggfag og Areal og eiendom (MA)
Building and Civil Engineering 0732
Dataingeniør, Cyberingeniør og Informasjonsteknologi
Computer Use 0611
Elektronikkingeniør og Automatisering med robotikk
Electronics and automation 0714
Programvareutvikling (MA)
Software and applications development and analysis 0613
Bioingeniør
Biology 0511
Maskiningeniør, Produksjonsteknikk og Marinteknikk
Mechanics and metal trades 0715
Havteknologi og Undervannsteknologi
Engineering and engineering trades 071
Energiteknologi og Elkraftteknikk
Electricity and energy 0713
Fornybar energi
Environmental Sciences 0521
Geologi og geofare
Natural environments and wildlife 0522
Climate Change Management (MA)
Environmental Sciences 0521
Innovasjon og entreprenørskap (MA)
Engineering and engineering trades 071
ISCED koder for Fakultet for økonomi og samfunnsvitenskap
Historie
History and archaeology 0222
Økonomi og Administrasjon, Økonomi og jus, Organisasjon og ledelse (MA), Innovasjon og ledelse (MA) og Eiendomsmegling
Management and administration 0413
Natur og opplevingsbasert reiseliv og Reiselivsledelse
Travel, tourism and leisure 1015
Nautikk
Transport services 1041
Maritime Management og Maritime Operations
Management and administration 0413
Sosiologi/Ungdomssosiologi
Sociology and cultural studies 0314
ISCED koder for Fakultet for lærerutdanning, kultur og idrett
Barnehagelærer
Training for pre-school teachers 0112
Grunnskolelærer
Teacher traning with subject specialisation 0114
Friluftsliv, Idrett, fysisk aktivitet og helse, Idrett og kroppsøving og Kroppsøving og Idrettfag
Sports 1014
Drama (ikke lærer) og Musikk (ikke lærer)
Music and performing arts 0215
Folkehelsearbeid med vekt på kosthald og fysisk aktivitet (BA)
Therapy and Rehabiliation 0915
2. Sending Institution
3. Receiving Institution
Ta kontakt med vertsuniversitetet for å finne ut kven som er rett kontaktperson der. På position for kontaktperson kan du skriva N/A om du ikkje veit med sikkerhet kva stilling personen har.
4. Proposed Mobility Programme
Bruk den faglege førehandsgodkjenninga di frå HVL som utgangspunkt når du fyller ut emne både ved vertsuniversitetet og HVL.
Planned period of the mobility
Legg inn månad og år for utreise og heimreise. Dette skal ikkje inkludere reising før eller etter opphaldet.
Table A: Study programme at the receiving institution
Under Table A skal du leggje til faga du skal ta ved vertsuniversitetet. For kvart emne du ynskjer å legga inn vel du Add Component to Table A.
Bruk vertsinstitusjonen si nettside for å eventuelt finne emnekode/-namn, semester og ECTS (studiepoeng) om du ikkje har dei i førehandsgodkjenninga di. Nokre universitet er seine med å legge ut emne for komande semester. Då kan du sjå til fjorårets emnekatalog om den er tilgjengeleg. Dersom du ikkje finn rett informasjon på nettsida, kontaktar du vertsinstitusjonen.
Du må legge inn emne tilsvarande like mange studiepoeng som det står i den faglege førehandsgodkjenninga di (1 studiepoeng = 1 ECTS).
Legg inn nettsida til universitetet sin emnekatalog om den er tilgjengeleg. Dersom det ikkje finst ein samla emnekatalog kan du lenke til emneskildringa etter kvart kurs.
Language competence of the student
Fyll inn språket du skal ha hovuddelen av undervisninga på, og det språknivået du reknar med å ha når utvekslingssemesteret startar. Bruk CEFR (Common European Framework of Reference for Languages).
Table B: Recognition at the sending institution
Legg inn dei emna ved HVL som utvekslingsfaga erstattar. Her kan du òg nytta den faglege førehandsgodkjenninga di som utgangspunkt.
For kvart emne du ynskjer å legga inn vel du Add Component to Table B. Bruk HVL si nettside for å finne emnekode/-namn, semester og ECTS (studiepoeng).
Legg inn lenke til emneskildring frå HVL.
5. Virtual Components
Skal ta heildigitale emne som del av utvekslinga di, fyller du og ut denne delen.
6. Commitment
OLA skal signerast av deg, fagleg kontaktperson og vertsinstitusjonen.
Signèr i ruta og trykk knappen for å sende OLA vidare. Dokumentet er då sendt til signering hos fagleg kontaktperson ved HVL. Du kan ikkje gjera endringar i skjemaet etter at du har signert og sendt.
Du får melding når dokumentet er godkjent ved HVL og sendt vidare til vertsuniversitetet. Til slutt får du melding når vertsuniversitetet har godkjent det. Du kan logge på og sjekke status i prosessen.
Om nokon av dei som skal signere har forslag til endringar får du og epost om det. Gjer då endringane og signer på nytt.
Endringar i OLA
Treng du å gjere endringar i OLAen din etter at alle har signert kan du logge inn att å gjere det. Dokumentet må signerast på nytt av alle partar.
OLA for studier / praksis: Slett fag / praksis du ikkje skal ta, og/eller legg inn nye fag / praksismodular på same måte som når du oppretta OLA.