Dokumentasjon

Kva er dokumentasjon?

Dokumentasjon er dei papira vi treng for å behandle søknaden din om opptak til eit studium eller eit emne. Dokumentasjon er som regel vitnemålet ditt, men det kan også vere kompetansebevis, karakterutskrifter, attestar eller liknande.

Kva dokumentasjon skal eg legge ved søknaden?

Alle opptakskrav må dokumenterast. Kva opptakskrav som gjeld finn du under kvart enkelt studium på studietilbodssidene våre, eller i emne-/studieplan. Du skal ikkje sende inn dokumentasjon på andre ting enn opptakskrava og eventuelle ting som gir tilleggspoeng i opptaket.

Kva er godkjent dokumentasjon?

Dersom du søker opptak til studium gjennom Samordna opptak, finn du informasjon om dokumentasjon her. 

Utdanning dokumenterer du med vitnemål. Dersom du ikkje har vitnemål brukar du kompetansebevis (frå vidaregåande skule) eller karakterutskrift (frå høgare utdanning). Til masterutdanningar og nokre vidareutdanningar der det er krav om vitnemål frå ein bachelorgrad må heile vitnemålet lastast opp, inkludert karaktersida.

Arbeidspraksis dokumenterer du med attest frå arbeidsgivar. I arbeidsattesten skal det stå kor lenge du har jobba (frå dato - til dato) og kor mykje du har jobba (timar per veke, totalt timetal eller stillingsprosent). For at ekstravakter skal telle med, må timetalet per månad eller år komme fram på attesten.

Sjølvstendig næringsverksemd skal dokumenterast med attest frå Skatteetaten og Foretaksregisteret.

Korleis leverer eg dokumentasjonen?

Ved søknad til studium gjennom Samordna opptak lastar du opp dokumentasjonen i nettsøknaden din. 

Ved søknad til studium gjennom HVL sin SøknadsWeb lastar du opp dokumentasjonen elektronisk (som pdf eller bilde) dersom ikkje anna er oppgitt. Meir om dokumentasjon ved søknad i SøknadsWeb.

Skal eg laste opp originaldokument?

Alle dokument du sender inn skal vere kopiar, og dei treng ikkje vere attestert og stempla med rett kopi. Du er sjølv ansvarleg for at den leverte dokumentasjonen er av god kvalitet, og gyldig.

Eg rekk ikkje å levere dokumentasjon innan søknadsfristen

Nokre opptak har frist for ettersending. Det betyr at du som får vitnemål eller attestar etter søknadsfristen, framleis får vere med i opptaket dersom du sender inn dokumentasjon innan fristen for ettersending. Dersom du ønskjer å ettersende dokumentasjon, må du skrive dette i merknadsfeltet i SøknadsWeb samtidig som du registrerer søknaden. Ettersendt dokumentasjon som ikkje er varsla på denne måten, vil ikkje bli behandla. Dersom eit opptak har frist for ettersending, vil du sjå dette i SøknadsWeb når du har registrert søknaden. 

Eg har elektroniske resultat – treng eg levere noko meir?

Du må sjølv sjekke kva resultat som er tilgjengeleg. I Samordna opptak finn du det ved å gå til dokumentasjon og sjå under "høgare utdanning". I Søknadsweb kan du sjå resultata under fana "eksterne resultat". Resultat frå HVL, eller ein av dei tidlegare høgskulane, vil ikkje vere synleg her. Du kan sjå resultata ved å logge inn i vitnemålsportalen. Viss du har oppnådd ein grad må dette komme fram i Søknadsweb for å vere gyldig.

Det som ikkje ligg i portalen har vi ikkje tilgang til. Da må du laste opp dokumentasjon. 

Ver merksam på at nokre studium har fleire krav, som til dømes praksis. I desse tilfella må dette dokumenterast.

Eg har dokument på eit anna språk enn norsk

Dersom du har dokumentasjon på eit anna språk enn skandinavisk eller engelsk, må du få den oversett. Oversettinga må vere gjort av translatør eller tolketeneste. Du må levere kopi av både originalen og oversettinga. Dette må gjerast innan søknadsfristen.

Kontroll av dokumentasjon

Du er sjølv ansvarleg for at den innsendte dokumentasjonen er rett. All dokumentasjon blir kontrollert av saksbehandlarar, og i tvilstilfelle kan du bli bedt om å vise fram originalar. Ved studiestart blir 10 % av eit tilfeldig utval studentar bedt om å vise fram originale vitnemål og attestar. Uriktige eller misvisande opplysningar kan føre til at du mister retten til å fullføre eit studium. Falsk dokumentasjon blir ramma av straffelova § 166 og § 182, og blir alltid politianmeldt.