Privatist
Ein privatist er ein person som får gå opp til eksamen i eit eller fleire emne (fag) utan å vere tatt opp som student ved det aktuelle studiet.
Emne du kan ta som privatist
Oversyn over alle emne ved Høgskulen på Vestlandet finn du i emneoversikten for det aktuelle studieprogrammet. Sjå oversyn over alle emne ved høgskulen.
For å kunne ta eksamen i eit emne som privatist, må du dekke opptakskravet til studieprogrammet som emnet høyrer til under og eventuelle forkunnskapskrav for emnet.
Privatistar kan berre ta eksamen i emne
- som ikkje har obligatoriske læringsaktivitetar eller dersom ein har bestått gjeldande læringsaktivitetar i emnet ved HVL tidlegare
- i studieprogram som ikkje har progresjonskrav
- der ein oppfyller forkunnskapskrav i emnet og kan dokumentere dette
Som privatist har du ingen rettar knytt til undervisning og rettleiing, men kan møte på opne forelesingar.
Ein må ta eksamen på campusen emnet blir tilbydd ved.
Vederlag
For å halde eksamen krev HVL følgjande vederlag pr. privatist:
- For eksamen i emne opp til og med 10 studiepoeng: kr 3000
- For eksamen i emne over 10 studiepoeng og opp til og med 15 studiepoeng: kr 4000
- For eksamen i emne over 15 studiepoeng: kr 5000
Vederlaget må være betalt innan fristen for oppmelding til eksamen i emnet som er 1. september i haustsemesteret og 1. februar i vårsemesteret.
Ein må også betale semesteravgift i samsvar med Forskrift for studentsamskipnader §17.
Ved nytt eksamensforsøk som følgje av stryk eller ugyldig fråvær må ein betale nytt vederlag.
Ved nytt eksamensforsøk som følgje av gyldig fråværsgrunn skal ein betale vederlag på kr 1000.