Lærarspesialistutdanning i profesjonsfagleg digital kompetanse 1, trinn 1 - 10

Etter- og vidareutdanning, hausten 2019

Er du utdanna lærar, og ønsker du deg ein faglig karriere innan utvikling og rettleiing ved eigen skule knytt til profesjonsfagleg digital kompetanse (PfDK)?

Utdanninga er eit tilbod innan Utdanningsdirektoratet si satsing "Lærarspesialist". Dette er ein ny karriereveg i skulen som gir deg som lærar moglegheit til fagleg vidareutvikling med eigen skule som utgangspunkt. Vidareutdanninga er på masternivå, og kvalifiserer til funksjonen lærarspesialist i norsk grunnskule og vidaregåande skule.

Før du kan søke på studiet, må du avklare med rektoren din om du kan delta. http://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/etter-og-videreutdanning/larere/#112953/

Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir.

Høgskulen på Vestland og Universitetet i Sørøst-Norge tilbyr denne vidareutdanninga saman. Studiet er på masternivå og kan gi innpass i ei seinare masterutdanning.

Gjennom studiet vil du utvikle IKT-faglig didaktisk kunnskap og kompetanse for integrering av digitale læringsressursar og læremidlar i undervisning. Det IKT-didaktiske faginnhaldet er i hovudsak basert på nasjonal og internasjonal forsking, og erfaringsbasert kunnskap gjennom aksjonsforsking og -læring.

Å undervise i ein digitalisert skule krev ein ny og annan kompetanse både for lærarar og andre som jobbar i og med opplæringa. Ein lærarspesialist innan PfDK skal bidra til fagleg utvikling hos lærarar, og sikre høg kvalitet på integrering og bruk av digitale læringsressursar i undervisninga.

Du vil utvikle kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse for integrering av digitale læringsressursar og læremiddel i undervisninga, samt kompetanse i rettleiing av kollegaer knytt til PfDK. Faginnhaldet er hovudsakleg henta frå nasjonal og internasjonal forsking, og erfaringsbasert kunnskap gjennom aksjonsforsking og -læring.

Viktige tema: bruk av digitale læringsressursar i faga, digitale læringsressursar og grunnleggjande ferdigheter, dialogbasert undervisning, aksjonsforsking, -læring og rettleiing, koding og algoritmisk tankegang for utvikling av læringsressursar, og undervisningsplanlegging i digitale læringsmiljø.

Emne:

  • Profesjonsfagleg digital kompetanse og vitskapleg arbeid (15 stp)
  • Didaktikk og digitale læringsressursar, aksjonslæring og -forsking (15 stp)
  • Rettleiingspedagogikk for lærarar si læring og PfDK (15 stp)
  • Skapande arbeid med IKT (15 stp)

Undervisningsmåtar

Utdanninga er samlingsbasert med samlingar på Stord første og siste semester. Andre og tredje semester i Drammen.

Deltaking på to obligatoriske samlingar (á tre dager) pr. semester. Mellom samlingane blir det nettundervisning.

Vurdering vil vere mappevurdering, munnleg eksamen og prosjekt (individuelt og/eller i grupper).

Arbeidskrav må vere vurdert som godkjent for å ha rett til å gå opp til eksamen.

Det vil bli behov for utstyr for å delta på synkron nettundervisning, samt noko programvare. Dette vil bli spesifisert ved oppstart av dei ulike emna.

Timeplan

Stord:

11 - 13. september (uke 37)

28 - 30. oktober (uke 44)

Nettmøter torsdager.

Drammen:

28- 30. januar (uke 5)

25- 27. mars (uke 13)

Nettmøter torsdager.

Med forbehold om endring.