Matematikk 1- 5.-10. trinn, nettstudium

Etter- og vidareutdanning, hausten 2019

Dette er eit reint nettstudium, og rettar seg mot deg som underviser i matematikk på 5. til 10. trinn i grunnskulen.

Vidareutdanninga er eit tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir. Før du kan søke på studiet, må du avklare med rektor på skulen du er tilsett ved om du kan delta.

Du lærer om:

  • geometri, målingar, algebra, funksjonslære, kombinatorikk, sannsynslære og statistikk, med hovudvekt på mellom- og ungdomssteget
  • språk og kommunikasjon i matematikkfaget
  • digitale verktøy for matematikk
  • grunnleggjande ferdigheiter og arbeidsformer i matematikk

Undervisningsmåtar

Dette er eit reint nettstudium, med éi nettsamling á to timar måndagar 14-16:00 kvar veke. Det er obligatorisk deltaking på alle samlingane.

Slik foregår nettsamlingane

Studiet har 9 arbeidskrav. Arbeidskrava skal utførast i nettbaserte grupper. Du treng ikkje tilhøyra ei gruppe når du søker.

Timeplan

Samlingane vert måndagar klokka 14.00 - 16.00.

Det er obligatorisk oppmøte på samlingane, oppmøte vert registrert.

Det vert laga arbeidskrav med utgangspunkt i nettsamlinga.

Første samling er måndag 2. september 2019 klokka 14.00 - 16.00.