Rusproblematikk og rusarbeid

Etter- og vidareutdanning, hausten 2019

Vil du vidareutvikle eigen profesjonalitet i arbeid med menneske med rusvanskar, eller er du leiar for slike tenester? Eller er du politikar eller sakshandsamar og ønskjer auka kunnskap om fagområdet? Då er dette ei aktuell vidareutdanning for deg!

Vidareutdanninga er sett saman av to emna à 7,5 studiepoeng og tre emne à 15 studiepoeng som tilsaman utgjer vidareutdanninga Rusproblematikk og rusarbeid (60 studiepoeng). 

  • Rusproblematikk - samansette utfordringar (haust 2019)
  • Rusproblematikk - rusarbeid og behandling (vår 2020)
  • Fagleg grunnlag for psykisk helsearbeid og rusproblematikk* (haust 2020)
  • Vitskapsteori, metode og etikk* (haust 2020)
  • Rusproblematikk - ulike perspektiv i forståinga av rus (vår 2021)

* Inngår også i vidareutdanninga Psykisk helsearbeid, med samlingar i Førde.

I studiet lærer du:

  • Om ulike problemstillingar og perspektiv på rusrelaterte vanskar
  • Om samansette utfordringar for brukar og hjelpeapparat
  • Teoriar og metodar som er sentrale i arbeid med rusrelaterte utfordringar
  • Å analysere hjelpebehov i eit heilskapsperspektiv
  • Om samhandling på tvers av faggrupper og tenestenivå
  • Å kunne reflektere kritisk over utforminga av hjelpetilbod

Undervisningsmåtar

Undervisninga er på deltid og blir organisert som vekesamlingar.

Undervisninga vil variere mellom forelesingar, diskusjonar, skriftleg arbeid, munnleg presentasjon, refleksjonsseminar og sjølvstudium.

Kva kan du jobbe med?

Du kan jobbe innan

  • barne- og ungdomsinstitusjonar, barnevernstenesta og utekontakten
  • barnehage og skule
  • NAV
  • kommunal rusteneste
  • psykisk helsevern
  • tverrfagleg spesialisert rusbehandling

Vil du studere meir?

Du kan bygge vidareutdanninga med Master i psykisk helse- og rusarbeidved Campus Bergen Du vil etter søknad kunne få godskrive første del (60 studiepoeng) av masterstudiet.

Utdanninga i rusproblematikk kan inngå som valemne i Samhandling innen helse- og sosialtjenester.

Timeplan

Det blir tre samlingar á fire dagar i kvart semester (tysdag-fredag):

Samlingar haustsemesteret 2019 er i veke 36, 40 og 44.