Smilende ung dame

Tolking i offentleg sektor

Halvtårsstudium

Har du lyst til å bli tolk? Jobbar du som tolk, men vil ha formell kompetanse? Då er dette studiet noko for deg!

Bergen

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Tilleggskrav

    • Godkjent statsautorisasjon som tolk
    • eller tilfredsstillande resultat på Tospråktesten

    Informasjon for studieåret 2025/26 kommer i løpet av høsten 2024


    Om å søke opptak til HVL

    Kvifor studere tolking i offentleg sektor?

    Tolking i offentleg sektor er eit deltidsstudium som går over eit år og består av to emne. Emna fokuserer på profesjonskunnskap, yrkesetikk og tolking i praksis. Studiet er retta mot deg som vil jobbe som tolk, eller deg som allereie jobbar som tolk, men manglar formell kompetanse/tolkeutdanning.

    Du kan studere tolking i offentleg sektor ved campus Bergen.

    Studiet er eit samarbeid med Universitetet i Bergen, og skal førebu studentane på tolking av institusjonelle samtaler i norsk offentleg sektor. 

    Kva lærer du?

    I løpet av studiet skal du tileigne deg grunnleggande kunnskap om tolkeprofesjonen og yrkesetiske aspekt ved tolkerolla. Du skal også tileigne deg kontekstuell kunnskap og kompetanse innan utvalde fagområde innanfor offentleg sektor og tilhøyrande terminologi både på norsk og på tolkespråket, samt ferdigheiter i tolketeknikk og tolkemetodar.

    Studiet krev mykje praktisk språktrening og ein stor eigeninnsats mellom samlingane. Oppgåver vil bli gitt. Det er føresett aktiv bruk av tilvist materiale ved sjølvstudium.

    Språk for hausten 2025 kommer.

    For hausten 2024 kan du søkja opptak i desse språka:

    • Arabisk
    • Oromo
    • Russisk
    • Somali
    • Tigrinja
    • Ukrainsk

    Det er 30 studieplassar på studiet og det vil bli tatt opp studentar i dei fire språka med flest kvalifiserte søkarar.

    Eit nett- og samlingsbasert studium 

    Tolking i offentleg sektor er eit nett- og samlingsbasert studium, med tre samlingar på to dagar per semester. Samlingane har fysisk oppmøte og føregår på HVL sin campus Bergen på Kronstad. I tillegg til samlingane blir det åtte nettmøte haust og 10 nettmøte vår. Det er krav om 80% tilstedeværelse.

    Tidspunkt for samlingar og nettundervisning 2024-2025. 

    Studiet startar opp 30. august 2024.

    Det vil bli gjennomført samlingar i følgande veker hausten 2024: 35, 38 og 44. Våren 2025 blir det samlingar i vekene 2, 7 og 13.

    Samlingane går over to dagar:
    Fredag kl 11.15 – 17
    Laurdag kl 09 – 15

    Det vil bli nettundervisning (ein til to timar i tidsrommet mellom kl 18-20 på tysdagar) i følgande veker:

    Hausten 2024: Veke 36, 37, 38, 39, 42, 43, 44 og 45

    Våren 2025: Veke 3, 4, 5, 6, 7, 10, 11, 14,  15, og 17

    Vurderingsformer

    • Emne 1 avsluttast med ein individuell skriftleg eksamen i slutten av haustsemesteret.
    • Emne 2 avsluttast med ein praktisk eksamen i slutten av vårsemesteret.

    Langsiktig språkplan

    Høgskulen på Vestlandet har i samarbeid med OsloMet utvikla ein langsiktig språkplan for dei ulike kvalifiseringstilboda for tolkar. Her finner du langsiktig språkplan.