Studieplan - Andrespråkspedagogikk
Hausten 2023
Andrespråkspedagogikk rettar seg mot lærarar i grunnskulen. Fokuset i studiet er på lærararbeid med elevar som ikkje har norsk som morsmål og som har hatt relativ kort skulegang til no i Noreg.
Innhald
Studiet dekker tema som
- tospråklegheit og andrespråkslæring, mellomspråk og mellomspråkutvikling
- fleirkulturell undervisning og skule
- lese- og skriveopplæring for minoritetselevar, grunnleggande ferdigheiter
- norsk språk i komparativt perspektiv
- arbeid med munnleg norsk og munnlege sjangrar når norsk er andrespråket
- utvikling av ordtilfang og lesing av fagtekstar
- litteraturundervisning og litterær samtale når norsk er andrespråket
Arbeidsformer
Studiet er nett- og samlingsbasert med tre obligatoriske samlingar per semester.Samlingene vil gå over 2-3 dagar.
Studiet er organisert som ei blanding av samlingar, sjølvstudium, arbeid i studiegruppe og arbeid på nettet.
Læringsplattforma er Canvas.
Vurderingsformer
- Emne 1: Skriftleg heimeeksamen på 6 timar
- Emne 2: Heimeeksamen på 10 dagar
Internasjonalisering
Nei