Hopp til innhald

Studieplan - Master i barnehagekunnskap, samlingsbasert

Hausten 2023

Studiet master i barnehagekunnskap styrker kompetansen til å vere pådrivar for fagleg utvikling i barnehagen på eit forskingsbasert grunnlag. Gjennom utdanninga vil ein kunne påverke framtidas barnehage og kunnskapsutvikling i barnehagen. Master i barnehagekunnskap byggjer på kunnskap og kompetanse frå praksis og forsking. I utdanninga inngår og didaktisk og analytisk kompetanse, samt prosessleiing.

Utdanninga setter søkjelys på innhald og oppgåver til barnehagen knytt til Rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver og nasjonale føringar frå Kunnskapsdepartementet. Master i barnehagekunnskap vil kvalifisere deg til å møte dei særlege utfordringane som barnehagesektoren står overfor i dag i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv.

Utdanninga er ei samlingsbasert deltidsutdanning. Dato og stad for samlingene vil vere opplyst om på nettsida. 

Opptakskrav

  • Bachelorgrad i barnehage- eller førskolelærerutdanning
  • Karaktersnitt på minst C

Læringsutbytte

Ein kandidat skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskaper

Kandidaten

  • har avansert kunnskap om barnehagens tradisjon og samfunnsmandat i fortid og nåtid, og barnehagen som lærings- og danningsarena
  • har forskingsbasert kunnskap om barndomsforståing og kulturelt mangfold
  • har forskingsbasert kunnskap om ulik forståing av kvalitet og kvalitetsutvikling av barnehagen
  • har kunnskap om vitenskapsteori, forskingsmetode, forskingsetiske retningslinjer og profesjonsetikk

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan planlegge, leie og kritisk vurdere forskingsbasert og praksisutforskande utviklingsarbeid i barnehagen
  • kan analysera faglege problemstillingar i lys av ny kunnskap om kvalitetsutvikling av barnehagen
  • kan analysera og gjennomføre ei sjølvstendig vurdering av etiske aspekt ved allereie gjennomførte og eksisterande forskings- og utviklingsprosjekt i barnehagefeltet
  • kan utvise avansert profesjons-etisk kompetanse i barnehagefeltet

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan kritisk og sjølvstendig reflektera og analysera over læreplanarbeid og politiske dokumenter som har relevans for barnehagesektoren
  • kan identifisera og drøfte tydinga av nasjonalt og internasjonalt forskings- og utviklingsarbeid for den norske barnehagekonteksten
  • kan på ein kritisk og sjølvstendig måte vurdere etiske dilemma i utvikling av kvaliteten i barnehagen
  • kan kommunisera om faglege problemstillingar, analyser, og konklusjoner innanfor fagområdet, både med spesialistar og med allmennheiten
  • kan bidra til nytenking og innovasjonsprosessar

Innhald

Studiet master i barnehagekunnskap omfattar kunnskap om barn, om barnehagen som institusjon og om barnehagelæraren som profesjonell, relasjonell og kulturell aktør. I studiet inngår og fagdidaktiske kunnskapar og erfaringar frå ei rekke fagdisiplinar, tilpassa barn i barnehagens kontekst.

Studiet er knytt opp til BARNkunne - Senter for barnehageforsking ved HVL (https://www.hvl.no/om/barnkunne/).

Studiet setter søkelys på innhald og oppgåver til barnehagen, og du får kunnskap til å møte dei særlege utfordringane som barnehagesektoren står overfor i dag. Det primære fokuset i masterstudiet er barnehagens innhold, arbeidsformer, og kontekst som kjem fram i rammeplanen for barnehagens innhald og oppgåver, og offentlege styringsdokumenter. Ei bærebjelke i utdanninga er utvikling av eit kritisk og granskande perspektiv på den kunnskapen som vert presentert, på vitenskapeleg praksis i seg sjølv, og på ulike aktørar sin bruk av den kunnskapen som er kome fram.

Kandidaten har stor grad av friheit når det gjeld val av tema for masteroppgåva. Tema kan gå på tvers av fagdisiplinar eller knyttast meir spesifikt mot ein fagdisiplin, det kan vere relatert til eit kunnskapsområde i barnehagelærarutdanninga eller til eit fagområde i rammeplanen for barnehagens innhald og oppgåver.

Masterutdanninga inneheld fem obligatoriske emner, i tillegg til arbeidet med masteroppgåva. Dei fire første emna er lagt til første og andre år. 

1. semester: MBA511 (15 sp)

2. semester: MBA513 (15 sp)

3. semester: MBA512 (15 sp)

4. semester: MBA514 (15 sp)

5. semester: MBA515 (15 sp)

6. semester: MBA516 (15 av 45 sp)

7. og 8. semester: MBA516 (30 av 45 sp)

Arbeidsformer

Undervisinga er organisert som forelesingar og seminar der det vert lagt stor vekt på forpliktande deltaking i form av workshops, innlegg, presentasjonar og tilbakemeldingar på andres arbeid. Arbeidet i undervisinga er basert på at studentane har gjort eit omfattande sjølvstendig arbeid med norsk og internasjonal pensumlitteratur i forkant. Det leggast til rette for studentars deltaking på nasjonale og internasjonale konferansar, fortrinnsvis på HVL. Studentars deltaking i forskingsgrupper inneber og at ein kan få erfaring med internasjonalt forskingssamarbeid. 

Vurderingsformer

Emna nyttar ulike vurderingsformer. Programmet som heilheit nyttar følgjande vurderingsformer: semesteroppgåve, heimeeksamen, mappe og masteroppgåve.

Krav til studieprogresjon

Emna MBA511, MBA512, MBA513 og MBA514 må være bestått før ein byrjar på MBA515 og MBA516.