Hopp til innhald

Studieplan - Barnehagelærarutdanning, deltid

Hausten 2024

Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ivareta barns behov for omsorg og leik, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barna skal få utfolde skaparglede, undring og utforskartrong. Dei skal lære å ta vare på seg sjølv, kvarandre og naturen. Barnehagen skal møte barna med tillit og respekt, og anerkjenne barndommens eigenverdi.

Barnehagelærarutdanninga skal vere profesjonsretta, samfunnsretta og byggje på forskingsbasert kunnskap, og skal utdanne ansvarlege, handlekraftige og reflekterte barnehagelærarar. Utdanninga skal ta omsyn til barnehagen si rolle i barns oppvekstmiljø og barns allsidige utvikling. Utdanninga legg vekt på det auka mangfaldet i barnehagen og på kor viktig det er med samarbeid, forståing og dialog med heimen til barna og andre instansar med ansvar for barns oppvekst.

Programplanen for bachelor i barnehagelærarutdanning byggjer på Forskrift om rammeplan for barnehagelærarutdanning fastsett av Kunnskapsdepartementet 04.06.2012 (revidert 30.06.2023), Nasjonale retningslinjer for barnehagelærarutdanning revidert 17.10.2018, lov om barnehagar fastsett av Kunnskapsdepartementet 17.06.2005, og nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring fastsett av Kunnskapsdepartementet 15.12.2011.

Generell informasjon

Studieplanen er eit sentralt informasjonsdokument for alle studentar som er tatt opp på barnehagelærarutdanninga, og studentane pliktar å gjere seg godt kjent med dokumentet. Vidare har studentane sjølv ansvar for å halde seg oppdatert på HVL sine nettsider, studentweb og læringsplattforma Canvas. Det blir òg forventa at studentane nyttar e-postadressa dei får som student.

Læringsutbytte

Etter fullført barnehagelærarutdanning skal kandidaten ha følgjande læringsutbytte definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse. Denne kunnskapen skal ligge som grunnlag for pedagogisk arbeid i barnehagen og vidare kompetanseutvikling og utdanning på mastergradsnivå.

Kunnskapar

Kandidaten

  • har kunnskap om barnehagar i Norge, inkludert barnehagens eigenart, historie, samfunnsmandat, lovgrunnlag og styringsdokument
  • har brei kunnskap i pedagogikk og i barnehagen sine fagområde, om leiing og tilrettelegging av pedagogisk arbeid og om barns leik og læringsprosessar
  • har brei kunnskap om korleis barns danning føregår, om moderne barndom, barnekultur, barns ulike oppvekstvilkår, bakgrunn og utvikling i eit samfunn prega av språkleg, sosialt, religiøst, livssyns- og kulturelt mangfald
  • har brei kunnskap om barns språkutvikling, fleirspråklegheit, barns sosiale, fysiske og skapande utvikling og gryande digitale-, lese-, skrive- og matematikkferdigheiter
  • har brei kunnskap om barn sine rettar og om kva som kjenneteiknar eit inkluderande, likestilt, helsefremmande og lærande barnehagemiljø
  • skal bidra til barnas trivsel, livsglede, mestring og følelse av eigenverd og førebygge krenkingar og mobbing
  • skal ha kunnskap om barn i vanskelege livssituasjonar, inkludert kunnskap om vold og seksuelle overgrep mot barn og korleis sette i gang nødvendige tiltak etter gjeldande lovverk
  • kjenner til nasjonalt og internasjonalt forskings- og utviklingsarbeid med relevans for barnehagelærarprofesjonen og kan oppdatere kunnskapen sin innan fagområdet

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan bruke faglegheita si og relevante resultat frå FoU til å leie og legge til rette for barns leik, undring, læring, og utvikling og til å grunngi sine val
  • kan vurdere, stimulere og støtte ulike barns allsidige utvikling i samarbeid med heimen og andre relevante instansar
  • kan bruke si faglegheit til improvisasjon i leik, læring og formidling
  • kan vurdere, stimulere og støtte barns ulike evner og ta omsyn til barns ulike bakgrunnar og føresetnader
  • kan fremje kreative prosessar og kultur- og naturopplevingar med fokus på barns skapande aktivitet, heilskapleg læring og oppleving av mestring
  • kan bruke relevante faglege verktøy, strategiar og uttrykksformer i eigne læringsprosessar, i pedagogisk arbeid, i samhandling med heimen og med relevante eksterne instansar
  • kan identifisera særskilte behov hjå enkeltbarn, inkludert å identifisera teikn på vold eller seksuelle overgrep. På bakgrunn av faglege vurderingar skal kandidaten kunne etablere samarbeid med aktuelle tverrfagleg og tverretatlege samarbeidspartnarar til barnets beste
  • kan leie og rettleie medarbeidarar, reflektere kritisk over eigen praksis og justere denne under rettleiing
  • kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og framstille det slik at ein får fram ei problemstilling

Generell kompetanse

Kandidaten:

  • har innsikt i profesjonsetiske problemstillingar særlig knytt til ansvar, respekt og maktperspektiv
  • kan planlegge, leie, gjennomføre, analysere, dokumentere og reflektere over pedagogisk arbeid knytt til barnehagens innhald og oppgåver i tråd med etiske krav og retningsliner og med utgangspunkt i forsking og erfarings-basert kunnskap
  • meistrar norsk språk, både bokmål og nynorsk, på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng
  • kan trekke globale, nasjonale, regionale, lokale og fleirkulturelle perspektiv, prega av respekt og toleranse, inn i barnehagens arbeid.
  • har endrings- og utviklingskompetanse, kan leie pedagogisk utviklingsarbeid og bidra til nytenking og i innovasjonsprosessar for framtidas barnehage
  • kan formidle sentralt fagstoff munnleg og skriftleg, kan delta i faglege diskusjonar innanfor dei ulike fagområda i utdanninga og dele kunnskapane og erfaringane sine med andre

Innhald

Ved HVL er det to campus som tilbyr barnehagelærarutdanning på deltid. For studieåret 2024/2025 vert det tilbudt deltidsutdanning både i Bergen og i Sogndal.

Utdanninga er bygd opp av seks tverrfaglege kunnskapsområde, bacheloroppgåve og ei fordjuping. Kunnskapsområda er delvis overlappande med fagområda i rammeplanen for barnehagen og skal spegle kvardagen i barnehagen. I HVL sin studiemodell er to av kunnskapsområda forsterka med 10 studiepoeng kvar; samfunnsfag, religion, livssyn og etikk (SRLE) og kunst, kultur og kreativitet (KKK). Alle kunnskapsområda i utdanninga skal vere profesjonsretta og forskingsbasert og ha høg relevans for barnehagelæraryrket og profesjonen. Kunnskapsområda blir organisert og vurdert som integrerte einingar der og praksis er integrert.

Pedagogikk og pedagogisk kunnskap er sentralt og samanbindande i utdanninga. Pedagogikk er tydeleg og har stor tyngde gjennom alle tre studieåra knytt til praksis, undervisning og felles profesjonsfaglege tema og periodar. Pedagogikkfaget har eit særlig ansvar for progresjon, profesjonsinnretting og praksistilknyting i utdanninga.

Gjennom heile studie vil desse tema i ulik grad vektleggjast:

Mangfald og likeverd

Urfolksperspektivet og samisk kultur

Barn med behov for særskilt omsorg og oppfølging

Barns livsmestring og helse

Profesjonsfagleg digital kompetanse, inkludert digital dømmekraft

Berekraft

Utdanninga ved HVL har stor grad av fagleg bredde og gir studentane høve til fagleg spesialisering gjennom emne av eit omfang på 45 studiepoeng i siste studieåret (bachelor- og fordjupingsemne).

Fordjupingsemna (30 sp) er knytt opp mot forskingsmiljø og fagmiljøet på den tilhøyrande campusen. Av den grunn vil det vere ulikt innhald og antal på fordjupingar ved dei ulike campusa.

Bacheloroppgåva (15 sp) er tematisk og fagleg knytt til den enkelte studenten si fordjuping, eller frå eit av kunnskapsområda. Studentane arbeider i grupper, og oppgåva skal vere relevant for barnehagelærarprofesjonen.

Oppbygging av barnehagelærarutdanning - deltid:

1. studieår

Barns utvikling, leik og læring (BULLD101) 20 sp

Språk, tekst og matematikk (STMD101) 20 sp

Praksis 30 dagar

2. studieår

Natur, helse og rørsle (NHRD201) 20 sp

Samfunn, religion, livssyn og etikk (SRLED201) 30 sp

Praksis 30 dagar

3. studieår

Kunst, kultur og kreativitet (KKKD301) 30 sp

Leiing, samarbeid og utviklingsarbeid (LSUD301) 15 sp

Praksis 30 dagar

4. studieår

Bacheloroppgåve (BACHD401) 15 sp

Fordjupingsemne 30 sp

Praksis 10 dagar

Praksis

Vi viser til Retningsliner for praksisopplæring i barnehagelærarutdanninga. Det vert kravd at samtlege studentar sett seg nøye inn i desse dokumenta.

Praksisstudiet skal bidra til kontinuitet, samanheng og progresjon. Studenten skal utvikle seg frå å vere student til å bli ein profesjonsutøvar med barnehagefagleg handlingskompetanse. Å bli ein barnehagelærar med alle dei roller og ulike oppgåver det medfører, er ein prosess som krev både fagleg kunnskap, analytisk refleksjon og praktisk erfaring. I praksis skal studenten øvast i å reflektere over både korleis teori og praksis samspelar og kva for etiske utfordringar barnehagekvardagen kan by på. Studenten skal oppmuntrast til sjølv å vere pådrivar for utvikling av eigen profesjonskompetanse. Det skal vere tydelege krav til gjennomføring av leiingsoppgåver i praksisperiodane, og i praksis på HVL skal det vere leiardagar kvart år.

Forskrifta fastset at praksisstudiet skal omfatte minst 100 dagar. Fem dagar skal ha fokus på overgang og samarbeid mellom barnehage, skule og SFO. Ved deltidsstudium skal dei 100 dagane fordelast med 90 dagar på dei tre første studieåra og 10 dagar på det fjerde året. Førebuing og etterarbeid til praksis skal ikkje reknast inn i dei 100 dagane.

Ved samlingsbasert deltidsutdanning (Sogndal) kan det etter søknad gjennomførast praksis i eigen barnehage i andre og fjerde år.

Det blir kravd 100 % deltaking i praksisstudiet for å bestå ein praksisperiode. Fråvere, uansett årsak, må takast igjen. Dette kan om nødvendig skje utanfor praksisperioden.

Så langt det er råd skal studentane ha bli gitt høve til kontakt med praksisfeltet ut over det obligatoriske, og ha ein praksislærer av same kjønn i løpet av studiet.

Ikkje greidd praksis

Ved vurderinga «ikkje greidd» i praksis får studenten høve til å ta opp igjen praksis. På campus med årleg opptak, må kandidaten gjennomføre ny praksis når praksis blir organisert ordinert, vanlegvis påfølgande studieår. På campus utan årleg opptak får studenten høve til å ta opp igjen praksis i mai/juni, eller neste haustsemester.

Utsett praksisperiode

Ved fødsel, militær verneplikt eller langvarig sjukdom kan studenten få forseinking i studieløpet. Studenten kan fullføre studieåret, men kan deretter ikkje gå vidare i studiet før praksisperioden er gjennomført og vurdert til bestått.

Progresjonskrav

Praksisopplæringa i første studieår må vere greidd før studenten kan ta praksis andre studieår, praksisopplæringa andre året må vere greidd før studenten kan fortsette til tredje året.

Praksisperiodane for studieåret er knytt til kunnskapsområda samla.

Progresjon i praksis

I dei enkelte kunnskapsområda er det innarbeidd læringsutbyttebeskrivingar i samsvar med modellen for progresjon i pedagogisk leiing og praksis. Modellen inneber tre hovudfokus for leiing gjennom dei fire studieåra.

Første studieår: Leiing av seg sjølv og barna

Studenten skal i løpet av første studieår få ei grunnleggjande forståing av pedagogisk leiing i barnehagen og tileigne seg kunnskap om vurderingskriterierbarnehagen som lærande organisasjon. Gjennom observasjon og refleksjon skal studenten få innsyn i arbeidet som barnehagelærar. Studenten skal òg ta del i kvardagslivet i barnehagen og delta aktivt i barns leik og formelle og uformelle samspels- og læringssituasjonar. Praksislærar skal i tillegg til å vere rettleiar, vere rollemodell. Studenten skal utvikle ulike sider ved barnehagelærarrolla, som å:

  • vise evne til leiing av seg sjølv i møte med praksisbarnehagen
  • planlegge og gjennomføre faglege aktivitetar med barnegruppa og kritisk vurdere eiga pedagogisk leiing og eigen praksis
  • ta i bruk observasjon som reiskap for refleksjon over barns veremåte og deira omsorgs-, leike- og læringsbehov
  • legge til rette for variert leik og utvikle gode samspelsmønster saman med barn
  • reflektere over kva pedagogisk leiing i møte med barn og barnegrupper inneber

Studenten skal ha tilsaman tre leiardagar (minimum) i praksis første studieår.

Andre studieår: Leiing av barn og medarbeidarar

Studenten skal i løpet av andre studieår få gjere seg erfaringar med samarbeid med både føresette, personale og samarbeidspartnarar, leie aktivitet med barn og øve seg i å leie medarbeidarar i barnehagen. Dette inneber blant anna å utvikle eigen rettleiarkompetanse og å reflektere over rettleiinga sin plass i barnehagen. Studenten skal òg tileigne seg større forståing for barnehagen som læringsmiljø og danningsarena og barnehagelærarens rolle og ansvar for å gje barn varierte erfaringar. Studenten skal utvikle ulike sider ved barnehagelærarrolla, som å:

  • ta i bruk observasjon som reiskap for refleksjon over seg sjølv
  • stå fram som ein reflektert barnehagelærar og fagperson
  • leie og rettleie barnehagepersonalet i formelle og uformelle aktivitetar med barnegrupper
  • vise relasjonskompetanse og kunne reflektere kritisk over eiga rolle i kommunikasjon og samarbeid med føresette og kollegaer
  • reflektere over barnehagen som leike-, lærings- og danningsarena

Studenten skal ha tilsaman fem leiardagar (minimum) i praksis andre studieår.

Tredje studieår: Leiing av barn og barnehagen

Studenten skal i tredje studieår utvikle evne til pedagogisk leiing og leiing av endrings- og utviklingsprosessar i barnehagen og vise at pedagogisk leiing inneber profesjonsetisk bevisstheit. Studenten skal fokusere både på eigen yrkesidentitet og barnehagen sitt samfunnsmandat og kunne reflektere over dette. Studenten skal utvikle ulike sider ved barnehagelærarrolla, som å:

  • stå fram som barnehagelærar og pedagogisk leiar
  • kritisk vurdere eiga pedagogisk leiing og eigen praksis
  • kunne reflektera rundt ulike sider ved profesjonsutøvinga generelt
  • auke si generelle pedagogiske leiarkompetanse
  • kunne legge til rette for eit miljø som fremmar og tek i vare på leik

Studenten skal ha tilsaman fem leiardagar (minimum) i praksis tredje studieår.

Fjerde studieår: Vidareutvikling av profesjonsretta kompetanse

  • kunne leie barnehagen som lærande organisasjon
  • stå fram som pedagogisk leiar og kunne reflektera rundt ulike sider ved profesjonsutøvinga knytt til fordjupinga spesielt

HVL og barnehagane er likeverdige læringsarenaer med eit felles ansvar for innhald, kvalitet, progresjon og vurdering i praksis. Avtale om praksisstudiet blir inngått mellom utdanningsinstitusjon og barnehageeigar. Partane skal etablere eit langsiktig og forpliktande samarbeid om praksisstudiet og innhaldet i utdanning. Det er utarbeidd utfyllande praksiskriterium på dei ulike campusane.

For meir informasjon om praksisavtale mellom HVL og barnehagar, sjå www.hvl.no.

Arbeidsformer

HVL har ansvar for at studentane møter varierte arbeids-, lærings- og vurderingsformer. Dei skal få praktisere både sjølvstendige arbeidsformer og samarbeid med andre. Gjennom studiet skal studentane få erfaringar med munnlege-, skriftlege- (bokmål og nynorsk) og samansette kommunikasjonsformer, der òg digitale verktøy inngår og bidrar til å fremme deira profesjonsfaglege digitale kompetanse. Oppgåver, vurderings- og dokumentasjonsformer skal integrere praktiske, didaktiske og teoretiske perspektiv for å oppnå heilskap, samanheng og relevans i utdanninga.

Studentane skal ha medansvar og medverknad i studiet. Eigenaktivitet og sjølvstendig innsats er nødvendig for å bli godt forberedt til samarbeid med barn, kollegar, foreldre og nærmiljøet både i studiet og i ein livslang læringsprosess. I tillegg til førelesingar og annan lærarstyrt aktivitet må studentane ta ansvar for å tileigne seg innhaldet i studiet gjennom eigenstudium og arbeid i basisgrupper med arbeidskrav og mappebidrag.

Arbeids- og læringsformer studentane vil møte er bl.a.:

  • Diskusjons- og refleksjonsoppgåver med munnleg presentasjon
  • Seminar, gruppeøvingar og førelesingar
  • Praktiske øvingar, verkstadarbeid og formidling
  • Lesing, skriving og presentasjon av fagtekstar og bacheloroppgåve
  • Observasjon
  • Feltstudium og prosjektarbeid
  • Rettleiing og sjølvstudium
  • Praktisk arbeid i barnehage og/eller i naturen
  • Ekskursjonar, overnattingsturar
  • Internett som kunnskapskjelde og kommunikasjonsmiddel
  • Bruk av digitale verktøy og nettbasert læringsplattform
  • Arbeid i grupper
  • Rettleia praksis

Den obligatoriske læringsaktiviteten skal ha ei fagleg grunngjeving forankra i emnet sitt læringsutbytte, og læringsaktiviteten skal ha krav om aktiv deltaking frå studenten i læringsprosessen.

Undervisninga har obligatoriske læringsaktivitetar som er forankra i emna sine læringsutbytte, der læring blir utvikla gjennom samarbeid, utprøving og praktisk arbeid med medstudentar, barn og lærarar. Utdanninga føreset aktiv studentdeltaking og tydelege krav til studieinnsats. Studentane må rekne med å arbeide ca. 28 timar i veka med studia, inkludert førelesningar, sjølvstudium og praksis.

Det blir stilt eigne krav til frammøte for praksis.

Obligatoriske læringsaktivitetar

Studentane skal gjennomføre gitte obligatoriske læringsaktivitetar i dei ulike emna.

For å framstille seg til eksamen i eit emne, må studenten ha fått godkjent alle obligatoriske læringsaktivitetar. Tal på aktivitetane i eit emne er fastsett i emneplanen. Obligatoriske læringsaktivitetar vert vurdert til godkjend/ ikkje godkjend. Studenten har to forsøk på å få godkjent ein læringsaktivitet dersom ikkje anna er nemnt i emneplanen.

Vurderingsformer

Vurdering er eit viktig element i profesjonskvalifiseringa og vert knytt til arbeidskrav, eksamen og praksisopplæring. Studentane skal kunne prøvast i forhold til forventa læringsutbytte.

Gjennom studiet møter studentane ulike vurderingsformer. Studenten vil bli prøvd i både skriftlege, munnlege, digitale og praktiske vurderingsformer. Dei ulike vurderingsformene skal bidra til progresjon i utdanninga og ivareta studentar med ulik bakgrunn og ulike føresetninga og behov. Detaljerte beskrivingar av vurderingsformer går fram av den enkelte emneplanen.

Undervegsvurdering blir knytt til forventningar og mål gitt i emnet/kunnskapsområdet og er ein del av læreprosessen. Slike vurderingar kan vere munnlege og skriftlege, formelle og uformelle. Sluttvurdering måler og godkjenner oppnådd læringsutbytte og er knytt til eksamen og praksisopplæring.

Det er studentane sitt ansvar å gjere seg kjent med tidspunkt og eventuelle endringar for ulike eksamenar. Studenten er sjølv ansvarleg for å kontrollere at han eller ho er meldt opp til eksamen.

Skikkavurdering

Vurdering av om ein student er skikka for læraryrket skal gå føre seg gjennom heile studiet. Ein skil mellom løpande og særskild skikkavurdering. Den løpande skikkavurderinga skal gå føre seg gjennom heile studiet. På grunn av utdanninga og profesjonen sin eigenart, er studentane si deltaking og aktivitet av grunnleggjande avgjersle gjennom heile studiet, og vil vere ein del av grunnlaget for løpande skikkavurdering (jmf. Forskrifta § 3, punkt d, e, f og g).

Særskilt skikkavurdering begynner ved at det blir levert tvilsmelding. Dersom det er tvil om ein student er skikka for læraryrket, må den som er i tvil melde frå om tvilen til institusjonsansvarleg på eige skjema. Det formelle grunnlaget for skikkavurdering er nedfelt i lov om universitet og høgskular, § 4-10, og forskrift om skikkavurdering 30. juni 2006.

Krav til studieprogresjon

Progresjon for ein deltidsstudent er 40 studiepoeng første året, 50 studiepoeng andre året og 45 studiepoeng dei to andre åra.

HVL har følgjande progresjonskrav i studiet:

  • Studenten kan ikkje starte ein praksisperiode før føregåande praksisperiode er bestått
  • For å begynne på tredje studieår må studentene ha bestått minimum 60 studiepoeng

Dei ulike fordjupingane kan ha eigne opptakskrav.

Studentar som ikkje tilfredsstiller studieprogresjonskrava får eitt års opphald i ordinært studieløp for å ta opp manglande eksamenar/rettleia praksisopplæring.

Internasjonalisering

Studentane ved barnehagelærarutdanninga kan ta eit studieopphald (maks 30 sp) i utlandet ved ein av våre partnarinstitusjonar eller anna godkjent utdanningsinstitusjon i utlandet i løpet av fjerde studieår.