Studieplan - Bachelor i barnevern
Hausten 2024
Bachelorprogrammet ved HVL er eit fulltidsstudium og gir 180 studiepoeng over 3 år. Fullført utdanning kvalifiserer for ulike vidareutdanningar, masterprogram og seinare doktorgradsprogram ved HVL eller andre høgskular eller universitet.
Studieplanen for bachelor i barnevern byggjer på Forskrift om nasjonal retningslinje for barnevernspedagogutdanning, samt Forskrift for felles rammeplan for helse- og sosialfagutdanningane.
Føremålet med utdanninga er å kvalifisere profesjonsutøvarar som kan identifisere behov og gje rett hjelp til rett tid til barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar. Barnevernspedagogen har særskilt kompetanse til å løyse oppgåver innanfor barnevernet og på andre arenaer der barn og unge i ein utsett livssituasjon er.
Kjernekompetansen i utdanninga er knytt til barnevernsfagleg forskings- og praksisbasert kunnskap, og kunnskap frå barn, unge og deira føresette. Barnevernsfagleg arbeid tek utgangspunkt i barn og unge sin livssituasjon og rettar, og respekterer barns behov for tryggleik, omsorg, forståing og kjærleik. Kandidaten skal kunne førebygge og avdekke omsorgssvikt og bidra til forsvarlege tenester. Etter avslutta utdanning skal kandidaten vere etisk bevisst, reflektert og samarbeidsorientert.
Med utgangspunkt i barnevernets samfunnsmandat, skal kandidaten møte barn, unge og familiar i ein utsett livssituasjon med forståing, empati og respekt.
Kandidaten skal ha kunnskap og ferdigheiter til å sikre at barn, unge og familiar i ein utsett livssituasjon opplever tryggleik, inkludering, læring og meistring. Kandidaten skal òg ha kunnskap om å arbeide førebyggande på individ-, gruppe- og samfunnsnivå med utgangspunkt i barnets beste. Barnevernspedagogar skal kunne medverke i fag- og tenesteutvikling for utsette barn, unge og deira familiar.
Utdanninga skal òg sikre kompetanse og haldningar som dannar grunnlag for likeverdige tenestetilbod for alle grupper i samfunnet, mellom dei samar sin status som urfolk og deira rett til språkleg og kulturelt tilrettelagde tenester. I tillegg skal utdanninga sikre kompetanse om samiske barn sine rettar til eige språk og kultur.
Fullført utdanning kvalifiserer til yrkestittelen barnevernspedagog.
Skikkavurdering
Utdanninga har skikkavurdering. Formålet er å avgjere om studentar utgjer ein mogleg fare for dei sårbare gruppene dei kjem i kontakt med under utdanninga eller i framtidig yrkesutøving. Løpande skikkavurdering av alle studentar skjer gjennom heile studiet. Særskild skikkavurdering skal skje viss det er grunn til tvil om ein student er skikka. Ein student som ikkje er skikka kan bli utestengt frå utdanninga for inntil fem år, og kan ikkje få vitnemål.
Skikkavurdering er regulert av universitets- og høgskulelova § 12-3, og skikkaforskriften (forskrift om skikkethet i høyere utdanning). For meir informasjon, sjå høgskulen si nettside om skikkavurdering: Skikkavurdering.
Politiattest
Alle studentar må legge fram politiattest for å kunne delta i praksisopplæring, jf. Kapittel 6 i Forskrift om opptak til høgare utdanning. Attesten må ikkje vere eldre enn tre månadar.
Studentar som ikkje har levert politiattest kan ikkje starte i praksisstudiar. Praksisfeltet eller Høgskulen på Vestlandet kan fremje krav om ny politiattest i løpet av utdanninga.
Læringsutbytte
Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Kandidaten…
- har brei kunnskap om barnevernets samfunnsmandat, samarbeidspartar, oppgåve- og ansvarsfordeling i velferdsforvaltninga
- har brei kunnskap om gjeldande norsk og internasjonal rett som er relevant for barnevernsfeltet
- har brei kunnskap om barns oppvekst, barndom, sosialisering, læring, danning og utvikling, med særlig forståing for barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar
- har brei kunnskap om omsorgssvikt, overgrep og vold; moglege årsaksforhold, uttrykk og konsekvenser
- har brei kunnskap om vurdering og forståing av barns beste og barn og deira familiar sine rettar
- har brei kunnskap om familie- og nettverksarbeid, sampel og utviklingsstøttande omsorg
- har brei kunnskap om kommunikasjon, konflikthandtering og samarbeid i eit samfunn prega av mangfald
- har kunnskap om urfolk, etniske minoritetar og flyktningars livssituasjon og rettar
- kan oppdatere sin kunnskap om barns kvardagsliv og barnevern som fagområde
- har kunnskap om inkludering, ikkje-diskriminering og likestilling, uavhengig av kjønn, etnisitet, religion og livssyn, funksjonsnedsetting, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder, slik at kandidaten medverkar til å sikre likeverdige tenester for alle grupper i samfunnet
- har kunnskap om profesjonsetikk, etiske verdier, dilemma og problemstillinger i barnevernsfeltet
- har kunnskap om vitskapsteori og samfunnsvitskapleg metode, og korleis kunnskap utviklast og forståast
Ferdigheiter:
Kandidaten…
- kan bruke forskingskunnskap, erfaringskunnskap og kunnskap frå barn, unge og foreldre som grunnlag for ein kunnskapsbasert praksis og utøving av skjønn i møte med utsette barn, unge og deira familiar
- kan bruke fagleg kunnskap frå barn og unge som del av grunnlaget for å sikre deira deltaking og medveknad
- kan kommunisere og samarbeide med barn og foreldre og andre tenester ved innhenting av informasjon og vurdering av tiltak
- kan bruke forskings-, praksis- og erfaringsbasert kunnskap for å utrede barn og unges omsorgssituasjon og tilrettelegge for hensiktsmessige tiltak
- kan reflektere over maktforhold, profesjonalitet og eiga rolle som yrkesutøvar i møte med barn og familiar, og justere praksis under rettleiing
- kan bruke fagleg kunnskap om kulturelt mangfald og vise fleirkulturell forståing og kultursensitivitet i tenesteutøvinga
- kan bruke fagleg kunnskap og lovverk på ein metodisk og vitskapleg måte til fagutvikling, kvalitetsforbetring og tenesteinnovasjon
- meistrar førebyggande og helsefremjande arbeid på arenaer der barn og unge oppheld seg
Generell kompetanse:
Kandidaten…
- kan planlegge, gjennomføre, dokumentere, evaluere og grunngje tiltak og utforme tenester med utgangspunkt i barnets beste, sjølvstendig og saman med andre
- har innsikt i eigen forforståing, haldningar og verdiar og kva rolle relasjonskompetanse har i barnevernfagleg arbeid
- har innsikt i og kan ivareta barn, unge og familiar sine rettar og bidra til å sikre likeverdige tenester i eit samfunn prega av mangfald
- har innsikt i og kan handtere etiske problemstillinger på barnevernsfeltet og i eiga yrkesutøving
- kan møte barn, unge og familiar i ein utsett livssituasjon med forståing, empati og respekt
Innhald
Utdanningsløpet inneheld 11 utdanningsspesifikke emne som til saman dekker krava til læringsutbyte og fagleg progresjon som går fram av Forskrift om nasjonal retningslinje for barneverns-pedagogutdanning. Utdanninga har læringsutbyte på fire ulike kompetanseområder:
- Barnevernsfagleg kompetanse
- Oppvekst og familieliv
- Yrkesrolle, etikk og samarbeid til barnets beste
- Innovasjon, kritisk tenkning og kunnskapsbasert praksis.
Utdanninga er organisert etter ein integrert studiemodell og har ei gjennomgåande profesjonsretting, der forskingsforankring og integrering av teori og praksis står sentralt. Emna i studiet fordeler seg på seks semester. Kvart emne vert omtala i studieplanen sine emneplanar og gjev ei meir detaljert skildring av læringsutbytte, innhald, obligatoriske læringsaktivitetar og vurderingsform.
Emnet danning og akademisk handverk er felles for alle bachelorutdanningane ved HVL og er plassert i første semester. Alle emna i studiet byggjer på kvarandre, og det vert gradvis stilt høgare krav til kandidaten sin kompetanse, sjølvstende og evne til refleksjon over eigen fagkunnskap.
Praksis
Praksis er ein sentral del av barnevernspedagogdanninga, og skal medverke til at studentane aukar si forståing for samanhengen mellom forsking, teori og praktisk arbeid. Praksis skjer i autentiske yrkessituasjonar som i direkte arbeid med utsette barn, unge og / eller deira familiar. I praksisstudiane skal studentane få erfaring med å etablere kontakt med barn og familiar, samt utgreie / undersøke, vurdere og fatte slutningar i barnevernssaker. Studentane skal delta i samarbeidsmøte og få kjennskap til tverrfagleg samarbeid på individ- og systemnivå. Studiet er lagt til rette slik at studentane har to praksisperiodar.
Første praksisperiode er i 1. studieår. Studentane har enten 4 veker praksis i andre semester i skule eller barnehage, eller Nattergal praksis som går gjennom første og andre semester og som står av minimum 20 møter med eit barn med minoritetsbakgrunn. I begge desse praksisane får studentane erfaring med å etablere kontakt med barn, og bruk av aktivitetar for å fremje leik, læring, inkludering, meistring og deltaking er sentralt.
Andre praksisperiode er i 2. studieår og er på 16 veker i fjerde semester. Praksisen går føre seg innanfor kommunalt barnevern eller statleg barnevern. Hovudfokuset er å praktisere barnevernsfagleg arbeid, samarbeide og samhandle med brukarar av barnevernstenester og andre samarbeidspartnarar.
Barnevernspedagogutdanninga nytter praksisplassar i Vestland. Høgskulen skaffar praksisplassar. Studentar kan søke om tilrettelegging av praksis i tråd med Forskift om studium og eksamen ved HVL, jf § 7-6 Tilrettelegging av praksis.
Studentane må sjølv skaffe seg hybel og dekke utgifter til reise i praksisperioden. Deler av utgiftene vert dekka etter gjeldande reglement.
Praksisstudie er obligatorisk. Det er krav om 90 % frammøte i før - og etterpraksisseminara. Det er krav om
90 % frammøte i praksisstudie, og krav til oppmøte kan ikkje fråvikast på grunn av sjukdom. jf.Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet
Ein kan lese meir om praksis her: https://www.hvl.no/student/praksis/helseogsosial/barnevern/
Arbeidsformer
Det vert nytta ulike studentaktive undervisnings- og arbeidsformer gjennom studiet. Hovudformene er plenumsførelesingar, samtalebasert seminarundervisning, ferdigheitstrening i gruppe med rollespel og video, gruppeundervisning der studentar øver på munnleg og skriftleg presentasjon og tilbakemelding. Integrering av teori og praksis er i fokus under heile studiet. Val av arbeidsform er tilpassa føremålet med dei ulike delane av studiet og skal gjere studentane i stand til å handtere dei ulike krava arbeidsfeltet stiller.
Det vert lagt vekt på at studentane skal arbeide både individuelt og i grupper, og at studentane vert stimulert til både eigenaktivitet og samhandling. Ansvar for eiga læring står sentralt i utdanninga. Digitale læreformer og læreverktøy blir også brukt, og enkelte undervisningar kan verte strøyma.
I studiet får studentar rettleiing både individuelt og i gruppe, mellom anna i samband med ferdigheitstrening, i praksisstudia, i prosjektarbeid og under arbeidet med bacheloroppgåva og andre skriftlege arbeid. Studentane vert delte inn i basisgrupper, og studentane skal arbeide i basisgrupper med og utan faglærar.
Delar av undervisninga er obligatorisk, og det går fram av emneplanen kva delar som er obligatoriske. Ved obligatorisk undervisning er det krav om 80 % frammøte, og i praksis er det krav om 90% frammøte.
Vurderingsformer
Vurdering og sensur skjer i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet
Obligatoriske læringsaktivitetar
Obligatorisk læringsaktivitet er all form for prøving som er sett som vilkår for å ha rett til å gå opp til eksamen, gå ut i praksisstudium eller halde fram med normal studieprogresjon. Døme på læringsaktivitetar i studie er; deltaking i undervisning knytt til ferdigheitstrening, skriftleg innleveringsarbeid, ferdigheitstrening og prosjektarbeid. Det går fram av skildringa under kvart emne kva som er obligatorisk læringsaktivitet, og vert vurdert som godkjent / ikkje godkjent.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjent før studenten kan framstille seg til eksamen eller gå ut i praksisstudiar.
Vurderingsformer
Vurderingsformer er i tråd med Forskrift om studium og eksamen ved HVL (nettlenke). Kvart emne har avsluttande eksamen. Det vert nytta ulike formar for sluttvurdering i studie: skriftleg skuleeksamen, individuell skriftleg heimeeksamen, munnleg eksamen (individuelt og i gruppe), individuell oppgåveskriving over ein lengre periode, individuell vurdering av praksis og individuell bacheloroppgåve. Det går fram av skildringa under kvart emne kva som er gjeldande vurderingsform.
Som vurderingsuttrykk blir det brukt ein gradert skala med fem trinn frå A til E for greidd og F for ikkje-greidd, eller vurderingsuttrykket "Greidd/ Ikkje greidd".
Krav til studieprogresjon
- alle emne første semester og BARNP1 må vere greidd for å starte i andre studieår
- alle emne første studieår må vere greidd, og studenten må ha eksamensrett i BARN200 og BARN210, for å starte i fjerde semester (vår 2. studier)
- alle emne første studieår og andre studieår må vere greidd for å starte i femte semester (høst 3. studieår)
- alle emne første og andre studieår må vere greidd og studenten må ha eksamensrett i BARN300, BARN310 for å starte i sjette semester (vår 3. studieår)
Sjå emneplanar for meir informasjon om forkunnskapskrav til det enkelte emne.
Studentar som ikkje fyller krav til progresjon, vert flytta ned eit kull og får justert utdanningsplanen for å hente inn manglande progresjon. Ved overgang til nytt kull vil fagplan for det nye kullet vere gjeldande.
Internasjonalisering
Studentane på bachelor i barnevern kan søkje utveksling i 5. semester ved ein utdanningsinstitusjon i utlandet, som inkluderer teori. Studenten må då ta emne som samsvarar med BARN300 og BARN310
For meir informasjon, sjå Reglement for utveksling.