Gangvei og trær er oversvømt av en elv.

Berekraftig klimatilpassing i arealplanlegging

Vidareutdanning på masternivå

Arbeider du med arealplanlegging og har behov for meir kunnskap om klimatilpassing og korleis samfunnsmessige faktorar påverkar klimarisiko?

Sogndal

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Søknadskode i lokalt opptak

    6773

    Opptakskrav

    Alle tre krava må vere oppfylte:

    1. Bachelorgrad, eller tilsvarande, i naturvitskap, samfunnsvitskap, teknologi eller ingeniørfag med minimum 80 studiepoeng i:
      - Miljøvitskap
      - Politikk og forvalting
      - Grøn teknologi og omstilling
      - Geovitskap og naturfarar
      eller ein kombinasjon av desse
    2. Samla karakter på grunnutdanninga må vere C eller betre.
    3. To års arbeidserfaring (dokumentert med arbeidsattest)

    Søkere med utdanning fra land utenfor Norden må dokumentere engelsk jamfør § 2.1 (4) i forskrift om opptak til HVL.

    Om å søke opptak ved HVL

    Trykk knappen «Søk studieplass» eller gå inn via søknadsweb. Velg rad for «Videreutdanning og halvårsstudium». Etterpå velger du fra listen «Videreutdanning haust 2024». Velg emnet du vil søke, trykk "legg til" og send søknad. 

    Betalingsinformasjon 

    Om å søke opptak til HVL

    Kvifor studere berekraftig klimatilpassing i arealplanlegging?

    I denne vidareutdanninga kombinerer vi kunnskap om klimatilpassing med praktisk oppgåver knytt til arealplanlegging.

    Faktorar som befolkningsvekst, urbanisering, økonomisk utvikling og endringar i naturressursbruk har innverknad på klimaendringar. Ved å få meir kunnskap om dei ulike drivarane og dynamikk bak endringar i arealbruk, vil du betre forstå korleis klimaendringar påverkar desse samfunssmessige faktorane og omvendt. Dette vil vidare gi deg grunnlag for kritisk refleksjon over ulike klimatilpassingsstrategiar. 

    Kva lærer du?

    Ved å gjennomføre denne vidareutdanninga vil du mellom anna lære:

    • Å planlegge og gjennomføre analysar og prosessar med mål om å redusere klimarisiko.
    • Å utføre analysar av årsak-verknadskjeder for lokal klimarisiko.
    • Korleis utvikle berekraftige løysingar for klimatilpassing lokalt.
    • Å analysere og drøfte heilskaplege løysingar for lokal klimatilpassing i lys av gjeldande teoriar og forsking.

    Les meir i emneplanen om kva du lærer.

    Målgruppe

    Emnet er eigna for: 

    • Deg som arbeider arealplanlegging, og som ønskjer meir kunnskap om korleis du kan tenkje klimatilpassing inn i utviklinga.
    • Deg som arbeider med klimatilpassing, og som ønskjer å forstå korleis du kan gå fram for å lage konkrete planar for dette.
    • Deg som har bakgrunn i tilgrensande fag, og ønskjer ei innføring i arealplanlegging for klimatilpassing.

    Praktisk informasjon

    Undervisningsform

    Undervisninga vil ta form som: 

    • Arbeidsverkstader
    • Seminar og ekspertpanel
    • Gruppe- og plenumsdiskusjonar
    • Forelesingar
    • Ekskursjon/Feltdag
    • Oppgåveskriving og rettleiing

    Samlingar

    Kursintro (digitalt): torsdag 22. august

    1. samling (Sogndal): onsdag 28. - fredag 30. august
    2. samling (Sogndal): mandag 9. - onsdag 11. september
    3. samling (Sogndal): torsdag 19. - fredag 20. september

    Rettleiing og oppsummering (digitalt): veke 41/42

    Innlevering eksamen: 31. oktober

    Eksamensform

    Ei skriftleg oppgåve er avsluttande eksamen i emnet. 

    To obligatoriske aktivitetar må vere godkjent for at du skal få tilgang til å levere oppgåva:

    • Godkjent deltaking på 3 fysiske samlingar à 3 dagar.
    • 2 godkjende innleveringar med medstudentrespons.

    Dersom du er forhindra frå å delta på delar av dei obligatoriske samlingane, så kan du søkje om å få tilrettelagt for eit alternativ.

    Kvifor ta meir utdanning?

    Eit arbeidsliv i rask endring er ein viktig årsak til at mange skaffar seg meir fagleg tyngde. Her deler vi fleire fordelar som etter- og vidareutdanning kan gi:

    • Ny oppdatert fagleg kunnskap
    • Praktiske ferdigheiter innafor ditt fagområde eller et heilt nytt fagfelt
    • Personleg utvikling
    • Moglegheit for å byggje nettverk
    • Eit forhandlingskort i framtidas lønsforhandlingar
    • Moglegheit for opprykk i stillingskategori
    • Moglegheit for meir ansvar eller nye oppgåver på jobb

    Andre interessante studietilbod

    Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs