Landskap med fjell og fjord.

Climate Change Management

Master

Verda står overfor store klimautfordringar med meir ekstremver, flaum og skred. Master in Climate Change Management gir deg ein etterspurd og tverrfagleg kompetanse på korleis ein kan få til ei berekraftig omstilling og grønare åtferd.

Sogndal

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Alle tre krava må vere oppfylte:

    1. Bachelorgrad med relevant fordjuping innan naturvitskap, samfunnsvitskap, humaniora, teknologi eller ingeniørfag. Fordjupinga må vere relevant for klima- og miljøfeltet, som til dømes Energi- og miljøvitskap, Politikk og forvalting, Grøn teknologi og omstilling, Geovitskap og naturfarar, eller ein kombinasjon av fleire.


    2. Samla karakter på grunnutdanninga må vere C eller betre.


    3. Søkarar med utdanning frå land utanfor Norden må dokumentere engelsk jamfør § 2.1 (4) i forskrift om opptak til HVL.

    Søknadsfrist for søkarar utanfor EU/EØS: Ingen opptak i 2025
    Søknadsfrist for søkararfra EU/EØS: 1. mars 2025

    Slik søker du

      • Logg inn i SøknadsWeb.
      • Velg opptak "Master programmes for international students"
      • Velg studiet du vil søke på fra lista, søknadskoden for norske søkere er 3304.
      • Trykk på "Legg til" og "Send inn søknad".
      • Last opp dokumentasjon på at du dekker opptakskravet
      • Trykk "Neste" for å gjøre ferdig søknaden.

    Om å søke opptak til HVL

    Kvifor studere Climate Change Management?

    Velkomen til fantastiske Sogndal – det perfekte laboratoriet for å studere klimaendringar! Med kort veg til fjord, fjell, isbrear gir Sogndal deg ein unik moglegheit til å forstå klimaendringar på nært hold. Her møter du studentar frå heile verda og kan dele dine egne erfaringar med klimaendringar, samtidig som du blir ein del av eit internasjonalt forskingsmiljø med brei kompetanse innan klima, natur, energi og berekraft.

    På master i Climate change management lærer du om utfordringane knytt til klimaendringar. Vi utforskar løysingar gjennom ein heilskapleg tilnærming som vektlegg både naturvitskapelege og samfunnsvitskapelege perspektiv. I masteroppgåva di kan du spesialisere deg innan eit tema du interesserer deg spesielt for.

    Du lærer om

    • korleis klimaendringar påverkar samfunn og økosystem.
    • samfunnsomstilling, klimapolitikk, forbrukaråtferd og sirkulær økonomi.
    • klimamodellar og klimaframskrivingar for å analysere og vurdere ulike framtidsscenario.
    • omstilling av energiproduksjon, energiforbruk og energisystem i ein klimavennleg retning.
    • nødvendige omsyn i arealplanlegging, inkludert skred- og flaumrisiko.
    • positive og negative samspeleffektar mellom klimaendringar, klimatiltak, naturkrise og berekraftig utvikling.
    • naturbaserte løysingar på klimautfordringar.

    Ved å studere Climate Change Management kan du vere med å løyse ein av vår tids største utfordringar. Du utviklar ferdigheiter og innsikt som gjer deg attraktiv på arbeidsmarknaden, og sikrar deg ei meiningsfull karriere der du kan gjere ein forskjell! 

    Tor-Eirik på lab med jordprøvar og mikroskop.

     – Kombinasjonen av natur- og samfunnsvitenskapelige fag blir en stor fordel når jeg kommer ut i arbeidslivet og skal samarbeide med folk fra ulike fagfelt.

    Møt Tor-Eirik

    Korleis er undervisninga?

    Undervisninga varierer mellom forelesingar, ekskursjonar, feltarbeid, arbeid i laboratorium og prosjektarbeid. 

    Dette er ein internasjonal master med både norske og utanlandske studentar, noko som gir deg ein unik moglegheit for erfaringsutveksling. All undervisning er på engelsk, men du kan sjølv velje om du vil skrive masteroppgåva di på norsk/skandinavisk eller engelsk.

    Vi har blokkundervisning, det vil seie at vi jobbar med eit emne om gongen og avsluttar med eksamen, før vi begynner på neste emne.

    Kva kostar det å studere?

    Som student må du betale 850 kroner kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.

    Utveksling

    Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 2. semester. Her kan du fordjupe deg i eit emne du interesserer deg særleg for.

    Kor kan du reise?