Datateknologi

Digitaliseringa i samfunnet skjer i rekordfart og behovet for arbeidskraft innan datateknologi er stort. Med ei IT-utdanning kan du vere med på å utvikle og digitalisere framtida!

Vi omgir oss med datateknologi kvar dag. Datasystem blir brukt på dei fleste områda i samfunnet, frå helse og omsorg, til finans og media, handel og energiforsyning.

Studerer du datateknologi vil du først og fremst lære programmering, både dei grunnleggande prinsippa, i tillegg til å programmere appar og utvikle store IT-system. Du lærer også om andre tema innan datateknologi, blant anna om databasar, algoritmer, nye teknologiar og trendar som for eksempel VR-teknologi, datagrafikk, kunstig intelligens og stordata.

Du får også moglegheit til å ha praksisperiode i ei lokal bedrift på slutten av studiene, noko som vil gi deg verdifull praktisk erfaring frå arbeidslivet.

Kva er forskjellen på dataingeniør og informasjonsteknologi? 

Dataingeniørutdanninga har dei same samfunns- og IT-faga som bachelorutdanninga i informasjonsteknologi, og den IT-faglege kompetansen i dei to studia er den same. Hovudskilnaden mellom dei ligg i nokre av matematikkfaga og i opptakskrava.

Bachelor

Ein bachelor er ei treårig utdanning.

Master

Ein mastergrad er ei toårig påbygging på bachelorgraden.

Ph.d.

Ph.d.-studiet er ei treårig forskarutdanning for deg som ønskjer å drive med vitskapleg arbeid på høgt internasjonalt nivå. 

 

Fem glade studenter står arm i arm utenfor campus Stord. De har alle på seg blå hettejakke med høgskolen sin logo. De er studentambassadører og står klare til å ta imot nye studenter.

Er du usikker på studievalget? Se hvordan du kan møte oss!