Opptakskrav og søknad
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse
Om å søkje opptak
Trykk knappen «Søk studieplass» eller gå inn via søknadsweb. Velg rad for «Videreutdanning og halvårsstudium». Etterpå velger du fra listen «Videreutdanning høst 2024». Så velger du emnet/emnene du vil søke, trykk "legg til" og send søknad.
Om å søke opptak til HVL
Innhaldet i dette studiet er praktisk retta og utvikla i dialog med havbruksnæringa. Du vil mellom anna lære om økonomistyring i havbruk, kvalitetsleiing og HMS, havbruksdrift og leiing og dessutan havbruksforvaltning i eit grønt skifte.
Kursserien består av emne på 15 studiepoeng. Du søkjer opptak til eitt og eitt kurs via vårt søknadsweb. Kursa vil være samlingsbaserte i Ryfylke kombinert med digital undervisning.
Kursserien er i perioden 2021-2027 finansiert av Kompetanse Norge, Ryfylkefondet og Ulla Førre fondet.
Kursserie
Hausten 2024
Miljøvitskap i havbruksnæringen
Innhald
I dette kurset på 15 studiepoeng lærer du om naturens kretsløp og ressursar som er viktig for havbruksnæringen. Som deltakar på kurset får du ein oversikt over korleis miljøparametere kan bidra til suksess i akvakulturindustrien. Sentrale tema i kurset vil være vatn, sedimenter, mikrobiologi og toksikologi. Du vil utvikle ferdigheitene til å identifisere miljøproblem, og lære om miljørisikovurdering av kjemikaliar og utsleppsløyve. Kurset vil også bestå av praktiske eksperiment som involverer mikroskopi, PCR og kjemisk toksisitesting.
Sjå emneplan «FØS8118 Miljøvitskap i havbruksnæringen» for meir informasjon.
Samlingsdatoar
Torsdag 29. – fredag 30. august
Torsdag 26. – fredag 27. september
Torsdag 24. – fredag 25. oktober
Torsdag 21. – fredag 22. november
Samlingsstad
Vi nyttar kurslokalet til "Smaken av Ryfylke" på Hjelmeland.
Fiskens anatomi, fysiologi og velferd
Innhald
Dette kurset på 15 studiepoeng er delt i to deler.
I første del får du detaljert innsikt i fiskens fysiologi og tilpassingsevne til miljøet. Du vil lære om generell anatomi og grunnleggjande tema som respirasjon og gassutveksling, bevegelse og oppdrift, osmoregulering, fordøying, sirkulasjon, reproduksjon, nervesystem og sanseorgan.
I del to vil fokus være på fiskesjukdom, immunrespons og fiskevelferd. Sentrale tema er velferdsindikatorar for oppdrettsfisk, førebuing og behandling av stress, og sjukdom og skader hos akvatiske organisme, med fokus på atlantisk laks.
Sjå emneplan «FØS8127 Fiskens anatomi, fysiologi og velferd» for meir informasjon.
Samlingsdatoar
Torsdag 15. – fredag 16. august
Torsdag 12. – fredag 13. september
Torsdag 17. – fredag 18. oktober
Torsdag 14. – fredag 15. november
Samlingsstad
Vi nyttar kurslokalet til "Smaken av Ryfylke" på Hjelmeland.
Havbrukshistorie frå Noreg til verda
Innhald
Dette emnet gir ei grundig gjennomgang av havbrukets historie, med særleg fokus på utviklinga i Noreg og påverknaden på globalt nivå. Vi startar med å utforske dei gamle metodane som blei brukt i tidlege sivilisasjonar som Kina og Egypt, og sporar havbrukets utvikling gjennom fleire nøkkelhistoriske periodar og regionar. Kurset omfattar ei undersøking av antikkens praksisar, der vi ser på dei tidlegaste formene for havbruk i sivilisasjonar som Kina, Egypt og Romarriket, og held fram med ei gjennomgang av havbrukspraksisar i mellomalderens Europa, inkludert ekspansjonen i klostergardar. Vi analyserer òg den industrielle revolusjonen si påverknad på fiskeoppdrett og byrjinga på moderne teknikkar, og går deretter over til ei detaljert studie av den moderne æraen av havbruk, med eit spesielt fokus på Noreg si rolle i lakseoppdrett og den globale spreiinga.
Sjå emneplan for meir informasjon.
Samlingsdatoar
Torsdag 3. – fredag 4. oktober
Onsdag 27. – fredag 29. november
Onsdag 15. – fredag 17. januar 2025
Torsdag 20. – fredag 21. februar 2025
Samlingsstad
Vi nyttar kurslokalet til "Smaken av Ryfylke" på Hjelmeland.
Våren 2024
Organisering og ledelse i havbruksnæringen
Innhald
Dette kurset på 15 studiepoeng skal gi deg kunnskap om organisering og leiing innan havbruksnæringa. Emnet gjer studentane ei innføring i grunnleggjande problemstillingar knytt til organisering, leiing og HR i verksemdder generelt og i havbruksnæringa spesielt. Emnet gjer studentane innsikt i omgrep og teoriar med vekt på praktiske utfordringar og dilemma.
Sjå emneplan «FØS8112 Organisering og ledelse i havbruksnæringen» for meir informasjon.
Samlingsdatoar
Torsdag 25.januar - fredag 26.januar
Onsdag 21.februar – fredag 23.februar
Onsdag 20.mars – fredag 22.mars
Torsdag 25.april – fredag 26.april
Samlingsstad
Vi nyttar kurslokalet til "Smaken av Ryfylke" på Hjelmeland.
Kommunikasjon i havbruksnæringen
Innhald
Dette kurset på 15 studiepoeng skal gi deg kunnskap om kommunikasjon i havbruksnæringen. Havbruksnæringen har vokst betydelig de siste tiårene og har blitt en viktig kilde til sjømatproduksjon over hele verden. Samtidig har kommunikasjon spilt en sentral rolle i å formidle informasjon om havbruk til publikum, interessenter, og myndigheter. Dette kurset gir en grundig forståelse av hvordan kommunikasjon påvirker havbruksnæringen.
Det utforsker grunnleggende prinsipper for kommunikasjon og PR, etikk og samfunnsansvar (CSR), krisekommunikasjon og omdømmebygging i konteksten av havbruksindustrien. Studentene vil lære å anvende disse prinsippene for å håndtere kommunikasjonsutfordringer og fremme en positiv oppfatning av næringen.
Sjå emneplan «FØS8119 Kommunikasjon i havbruksnæringen» for meir informasjon.
Samlingsdatoar
Torsdag 8.februar - fredag 9.februar
Onsdag 6.mars – fredag 8.mars
Onsdag 10.april – fredag 12.april
Torsdag 23.mai – fredag 24.mai
Samlingsstad
Vi nyttar kurslokalet til "Smaken av Ryfylke" på Hjelmeland.
Hausten 2023
Havbruksøkonomi
Innhald
Dette kurset på 15 studiepoeng skal gi deg kunnskap om lønnsemd og sirkulærøkonomi innan havbruksnæringa. Du lærar korleis du kan gjere økonomiske vurderingar og bruke økonomiske data og informasjon for å ta gode avgjerder med økonomisk konsekvens for havbruksnæringa og havbruksverksemder. Du skal og kunne kritisk reflektere over økonomiske utfordringar og moglegheiter for ei havbruksnæring som konkurrerer regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
Du finn meir informasjon i emneplanen for «FØS8111 Havbruksøkonomi».
Samlingsdatoar
Fredag 1. september - laurdag 2. september
Torsdag 28. september – laurdag 30. september
Torsdag 2. november – laurdag 4. november
Fredag 1. desember - lørdag 2. desember
Samlingsstad
Vi nyttar kurslokalet til «Smaken av Ryfylke» på Hjelmeland.
Oppstart
Oppstart 1. september kl 11:00 i 1.etasje på Smaken av Ryfylke.
Velkommen!
Miljøvitenskap i havbruksnæringa
Innhald
Dette kurset på 15 studiepoeng skal gi deg kunnskap og forståing for naturens kretsløp og ressursar. Du lærer å identifisere og analysere naturlege og menneskeskapte problem for det ytre miljøet med konsekvensar for havbruksnæringa og havbruksverksemder. Du skal kunne reflektere kritisk over korleis forslag til berekraftige løsninger skal vere begrunna i evidens-basert informasjon for ei havbruksnæring som konkurrerer regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
Du finn meir informasjon i emneplanen for «FØS8118 Miljøvitenskap i havbruksnæringen».
Samlingsdatoar
Fredag 18.august - laurdag 19. august
Torsdag 14. september – laurdag 16. september
Torsdag 19. oktober – laurdag 21. oktober
Fredag 16.november - lørdag 17. november
Samlingsstad
Vi nyttar kurslokalet til "Smaken av Ryfylke" på Hjelmeland.
Oppstart
Oppstart fredag 18. august kl 11:00 i 1.etasje på Smaken av Ryfylke. Velkommen!
Våren 2023
Kvalitetsleiing og HMS i havbruksnæringen
Dette emnet på 15 studiepoeng gjer studentane innføring i grunnleggjande problemstillingar knytta til kvalitetsleiing og HMS i verksemder generelt og særleg i havbruksnæringa. Emnet gjer studentene innsikt i begreper og teorier med vekt på praktiske utfordringar og dilemma. Emnet utgjer emne 4 av totalt 4 emner i prosjektet BLÅ ÅKER.
Sjå emneplan FØS8114 Kvalitetsleiing og HMS i havbruksnæringen for meir informasjon
Samlingsdatoar
Veke 6 Fredag 10.02 og lørdag 11.02 (11:00 – 17:00 / 9:00 – 15:00)
Veke 10 Torsdag 09.03, fredag 10.03 og lørdag 11.03
Veke 15 Torsdag 13.04, fredag 14.04 og lørdag 15.04
Veke 19 Torsdag 11.05 og fredag 12.05
Samlingsstad
Samlingane vert lagt til Tau i Ryfylke. Nærare informasjon om lokale kjem i Canvas.
Hausten 2022
Bærekraftig havbruk for framtida
Innhald
Dette kurset på 15 studiepoeng gje studentane brei kunnskap om teoriar, informasjon og vurderingar som ligg til grunn for dagens forvaltningsmessige utfordringar for havbruksnæringa. Emnet har særskild fokus på berekraftsutfordringar knytta til fôr, lus og lokalitetar. Studentane skal lære å identifisere forvaltningsmessige vurderingar og bruke tilgjengelig data og informasjon for å ta gode beslutningar (med forvaltningsmessig konsekvens) i eigen organisasjon . Emnet har som mål å gjere studentane i stand til å kunne reflektere kritisk over både forvaltningsmessige og berekraftsmessige utfordringar og mogeligheiter i havbruksnæringa. Emnet utgjer emne 3 av totalt 4 emner i prosjektet BLÅ ÅKER.
Sjå emneplan «FØS8113 Bærekraftig havbruk for fremtida» for meir informasjon
Samlingsdatoar
- Veke 34 – Fredag 26.august og lørdag 27.august (11:00 – 17:00 / 9:00 – 15:00)
- Veke 38 – Torsdag 22.september – lørdag 24.september
- Veke 42 – Torsdag 20.oktober – lørdag 22.oktober
- Veke 47 – Fredag 25. og 26.november (muntlig eksamen)
Samlingsstad
Vi nyttar kurslokalet til "Smaken av Ryfylke" på Hjelmeland.
Våren 2022
Organisering og leiing i havbruksnæringen
Innhald
Dette kurset på 15 studiepoeng skal gi deg kunnskap om organisering og leiing innan havbruksnæringa. Emnet gjer studentane ei innføring i grunnleggjande problemstillingar knytt til organisering, leiing og HR i verksemdder generelt og i havbruksnæringa spesielt. Emnet gjer studentane innsikt i omgrep og teoriar med vekt på praktiske utfordringar og dilemma.
Sjå emneplan «FØS8112 Organisering og ledelse i havbruksnæringen» for meir informasjon.
Samlingsdatoar
- Fredag 25.februar - laurdag 26. februar
- Torsdag 24.mars – fredag 25. mars
- Fredag 29.april – laurdag 30. april
- Fredag 20.mai – laurdag 21.mai
Samlingsstad
Vi nyttar kurslokalet til "Smaken av Ryfylke" på Hjelmeland.
Hausten 2021
Havbruksøkonomi
Innhald
Dette kurset på 15 studiepoeng skal gi deg kunnskap om lønnsemd og sirkulærøkonomi innan havbruksnæringa. Du lærar korleis du kan gjere økonomiske vurderingar og bruke økonomiske data og informasjon for å ta gode avgjerder med økonomisk konsekvens for havbruksnæringa og havbruksverksemder. Du skal og kunne kritisk reflektere over økonomiske utfordringar og moglegheiter for ei havbruksnæring som konkurrerer regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
Sjå emneplan «FØS8111 Havbruksøkonomi» for meir informasjon.
Samlingsdatoar
- Fredag 22. oktober - laurdag 23. oktober
- Torsdag 18. november – laurdag 20. november
- Torsdag 9. desember – laurdag 11. desember
- Fredag 21. januar - lørdag 22. januar
Samlingsstad
Vi nyttar kurslokalet til "Smaken av Ryfylke" på Hjelmeland.
Organisering
Kursserien består av frittståande kurs à 15 studiepoeng.
Kvart kurs går på deltid over 1 semester og gjennomførast samlingsbasert i kombinasjon med nettundervisning.
Bakgrunn
Denne vidareutdanninga er eit samarbeidsprosjekt mellom Høgskulen på Vestlandet, Ryfylke IKS ved MOR-prosjektet (motivasjon, opplæring og rettleiing), Grieg Seafood ASA, Bremnes Seashore AS og Sterling White Halibut AS. Prosjektet var i perioden 2021 - 2023 finansiert av Kompetanse Norge og er i perioden 2023 - 2027 finansiert av Ryfylkefondet og Ulla Førre fondet.