Opptakskrav og søknad
Opptakskrav
Fullført og bestått lærar- eller yrkesfaglærarutdanning som kvalifiserer for undervisning i grunnopplæring og/eller vidaregåande opplæring. Du må i tillegg oppfylle følgande krav avhengig av studieretning:
- Matematikk og naturfag: Minst 60 studiepoeng i matematikk eller naturfag
- Samfunnsfag og religion: Minst 60 studiepoeng i eit samfunnsvitskapleg fag, historie eller religion/KRLE
- Kroppsøving og mat og helse: Minst 60 studiepoeng i anten kroppsøving eller mat og helse
- Andre- og framandspråksdidaktikk: Minst 60 studiepoeng i anten norsk eller engelsk
- Yrkesdidaktikk: Yrkesfaglærarutdanning, eller PPU for yrkesfag med bakgrunn i anten fag-/svennebrev eller profesjonsretta bachelorgrad
Fordjupingskravet dannar grunnlaget for val av spesialisering i masterstudiet. I søknaden må du opplyse om kva for eit 60-poengsfag du vil arbeide vidare med i masterstudiet.
Poenggrense ved forrige opptak
-
Alle kvalifiserte
Om å søke opptak til HVL
Kvifor velje master i didaktiske praksisar?
Med master i didaktiske praksisar kan du som lærar styrke din faglege, pedagogiske og didaktiske tryggleik i møte med framtidas skule.
Studiet er tilrettelagt for lærarar og andre som jobbar med fag- eller yrkesopplæring, og som vil studere på deltid. Alle søkarar får tildelt studiestad Bergen, men det kan også vere samlingar på dei andre campusane ved Høgskulen på Vestlandet i løpet av studieprogrammet.
Utdanninga er profesjonsretta og tek utgangspunkt i arbeidsfeltet ditt som lærar og dei gjeldande læreplanane for skulen. Startar du våren 2025, kan du velje ei av desse studieretningane:
- Samfunnsfag og KRLE
- Kroppsøving, mat og helse
- Matematikk og naturfag
- Yrkesdidaktikk
- Andre- og framandspråksdidaktikk
Her blir praksiskunnskapar og -erfaringar knytt saman med teoretisk kunnskap, noko som gir eit godt grunnlag for forskingsbasert yrkesutøving og profesjonell utvikling.
Kva kan du jobbe med?
Med ein master i didaktiske praksisar kan du kome tilbake til jobben din med auka fagleg kompetanse. Masterstudiet kvalifiserer også til ein forskande praksis og til å initiere og gjennomføre utviklingsarbeid i skulen eller på arbeidsplassen.
Samlingsbasert og nettbasert
Masterstudiet har både samlingsbasert og nettbasert undervisning. Det er lagt opp til varierte arbeidsformer både når studentane er samla fysisk eller på nett og når studentane arbeider på eiga hand. Studiet stiller høge krav til sjølvstende og eigenaktivitet gjennom seminar, presentasjonar, skriving av tekstar og rettleiing, samt refleksjon og dialog om praksiserfaringar og eigen yrkesutøving.
Det blir lagt opp til at arbeidet med masteroppgåva skal starte tidleg i studiet. Presentasjon og diskusjon av eige masterprosjekt vil difor stå sentralt i studiet, samt respons til framlegg frå medstudentar. Arbeidskrav varier mellom dei ulike emna og er gjort greie for i dei enkelte emneplanane.
Ta studiet på heiltid?
Alle studentar i dette studiet får status som deltidsstudent med 4. år studierett, men det er mogleg å ta studiet med heiltidsprogresjon på 2 år.
Studiet er da lagt opp slik:
- semester vår: 501 og 503
- semester haust: 502 og 504
- semester vår: 505 og byrje masteroppgåva 550
- Fullføring og innlevering av masteroppgåva 550
I studieplanen finn du emnebeskrivingane til kvart emne, der det står meir informasjon om korleis undervisninga er bygd opp.
Det er inntil tre fysiske samlingar i kvart emne i tillegg til nettmøte. Dette gjeld alle emne, med unnatak av MDIP504 som er eit heildigitalt emne. Generelt vil det vera noko meir fysisk oppmøte første studieår, enn andre. Nesten 90% studentane våre er i jobb parallelt med studia, men i ulike stillingsstorleikar. Vi legg vekt på å vera føreseieleg, som betyr at du som student vil kunne finne informasjon om tidspunkt for undervisning allereie når studia opnar for søking.
Samlingsdatoar for våren 2025
Kroppsøving, mat og helse
MDIP501A Didaktiske praksisar retta mot undervisning i kroppsøving og mat og helse
Samlingsdatoar
05. - 07. februar. Bergen
09. - 11. april. Stord
Samfunnsfag og religion
MDIP501C Globalisering og utdanning
Samlingsdatoar: (Bergen campus)
22.-23. januar
23.-24. april
Nettundervisning:
20. februar (digital, halv dag) og 20. mars (digital, halv dag)
Andre- og framandspråk
MDIP501D Andre- og framandspråkslæring i norsk skule og opplæring
Samlingsdatoar (campus Bergen):
23.-24.januar
13.-14.mars
23.-25.april
Yrkesdidaktikk
MDIP501F Ledelse av yrkesdidaktiske arbeid i praksis
Samlingsdatoar (Bergen campus):
29.-30. januar
12.-13. mars
2.-3. april
Matematikk og naturfag
MDIP501G Matematikk- og naturfagdidaktikk i praksisfeltet
Samlingsdatoar (Bergen campus)
29. - 31. januar
19. - 21. mars
Nettundervisning
16. januar (fra kl. 15.00)
19. februar (fra kl. 15.00)
9. april (fra kl. 15.00)
Fellesfag MDIP503 (Heiltid)
Samlingsdatoar i Bergen
13.-15. januar
10.-12. februar (studentane skriv oppgåve)
31.mars-02. april
Det er mogleg å søkje støtte frå UDIR
Vil du studere meir?
Studiet kvalifiserer til opptak til doktorgradsutdanningar.