Opptakskrav og søknad
Trykk knappen «Søk studieplass» eller gå inn via søknadsweb. Velg rad for «Videreutdanning og halvårsstudium». Etterpå velger du fra listen «Videreutdanning høst 2024». Så velger du emnet du vil søke, trykk "legg til" og send søknad.
Opptakskrav
Om å søke opptak til HVL
Digitalisering, berekraft og innovasjon er eit fleksibelt deltidsstudium som passar mange ulike arbeidsgrupper.
Å auka kunnskap om berekraft og innovasjon på digitale flater er aktuelt for bedrifter som treng meir kunnskap for å kommunisere og skape verdi saman med kundar og leverandørar. Det er også relevant for kommunar som skal kommunisere med innbyggarar, eller skular som kommuniserer med elevar og føresette.
Bli med på eit lokalt kunnskapsløft og bygg kompetansen du treng for å styrke digitaliseringsarbeidet, bærekraftskunnskapen og innovasjonsevnen i verksemda du arbeidar i!
Samlingar
Studiet er samlingsbasert og samlingane vil føregå på Bardøla høyfjellshotell eller Vestlia Resort på Geilo. Undervisning mellom samlinger skjer digitalt. Du kan sjølv velje kor mange modular du du ønskjer å ta.
Vi tilbyr 7,5 – 15 studiepoeng kvart semester i perioden 2023 – 2026.
Kurspakken
Studiet består av fleire emne, og kursane rulles ut fortlaupande frå våren 2023.
Våren 2023 vert emnet Digitalisering og omstilling tilbydd. Du søkjer opptak til eitt og eitt kurs via vårt søknadsweb.
I pilotperioden 2023–2026 er kursa gratis for studentar. Kurspakken er finansiert av HK-dir (Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse).
Haust 2024
Digital innovasjon og entreprenørskap (7,5 sp)
Innhald
Dette emnet går nærare inn på tematikken digital innovasjon og entreprenørskap.
Studentane vil gjennom arbeid individuelt og gruppevis ha fokus på digital innovasjon og entreprenørskap med spesielt fokus på utvikling av nye digitale tjenester og produkter.
Sjå emneplan for meir informasjon.
Samlingsdatoar
To fysiske samlingar på Torpomoen, resten digitalt.
Samling 1 - 17.-18. september
Samling 2 – 19.-21. november
Haust 2023
Digital kommunikasjon (15 sp)
Innhald
Dette emnet har fokus på kunnskap om teoriene, informasjonen og vurderingene som ligger til grunn når organisasjoner utformer sine kommunikasjonsstrategier og har særskilt fokus på dei digitale kommunikasjonsstrategiene
Sjå emneplan for meir informasjon (emneplan kjem).
Samlingsdatoar
Fire fysiske samlingar på Bardøla Høyfjellshotell, resten digitalt.
Samling 1 - 27. – 28. oktober
Samling 2 – 22. - 24. november
Samling 3 - 25. og 26. januar
Samling 4 - 1. og 2. mars
Vår 2023
Digitalisering og omstilling (7,5 sp)
Innhald
Dette emnet tek føre seg digitalisering og omstilling ut frå eit heilheitsperspektiv.
Sjå emneplan for meir informasjon.
Samlingsdatoar
To fysiske samlingar, resten digitalt.
- samling: 18. 19. og 20. januar 2023, Bardøla høyfjellshotell
- samling: 15., 16. og 17.februar 2023, Vestlia resort
Digitalisering, lønsemd og berekraft (7,5 sp)
Innhald
Dette emnet tek føre seg digitalisering med fokus på lønsemd i ein berekraftsdimensjon.
Emnet gir ein introduksjon til FNs berekraftsmål og korleis lønsemd i verksemder er nautdsynt i eit langsiktig perspektiv.
Sjå emneplan for meir informasjon
Samlingsdatoar
To fysiske samlingar, resten digitalt.
1. samling: 22. 23. og 24. mars 2023, Bardøla høyfjellshotell
2. samling: 26., 27. og 28.april 2023, Vestlia resort
Organisering
Kurspakken på Geilo (Hallingdal) består av frittståande kurs à 7,5, 10 eller 15 studiepoeng.
Kvart kurs går på deltid over 1 semester og gjennomførast samlingsbasert i kombinasjon med nettundervisning.
Bakgrunn
Denne utdanninga er eit samarbeidsprosjekt mellom Høgskulen på Vestlandet, Utdanningssenteret på Geilo, Hol kommune og Viken fagskole. Prosjektet Geilo 100+ er finansiert av HK-dir i pilotperioden 2023 - 2026.