Hopp til innhald

Studieplan - Bachelor i drama og anvend teater

Hausten 2024

Bachelor i drama og anvendt teater er ei brei utdanning der du spesialiserer deg som leiar, deltakar og tilretteleggar av eit spekter av drama- og anvendt teater-praksisar på varierte samfunnsarenaer. Oppbygginga av studieprogrammet baserer seg på forskings- og utviklingsarbeid, og vil bidra til utvikling av kunnskapar og ferdigheitstrening i det å møte og handtere det uforutsette. Vi lever i ei tid der kreativitet og nytenking vil vere sentrale kompetanseområder, og her har drama- og teaterfaget mykje å bidra med. Improvisasjon, refleksjon og samhandling er gjennomgåande i utdanninga. I eit berekraftig perspektiv bidrar denne utdanninga til å styrke di kompetanse i samhandling, kritisk tenking og det å vere løysingsorientert. Gjennom praksis og teori vektleggast fellesskapstenking, tilhøyrsle og empati.

Praksisen i studiet vil føregå på ulike samfunnsarenaer, til dømes omsorgsheim, fengsel, kulturskule, museum, festivalar, barnehage og skule, som del av eksterne kunstnariske produksjonar, og på arenaer med fokus på mangfald.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten

  • har brei kunnskap om fagteori og fagomgrep innan fagfeltet drama og anvendt teater
  • har kunnskap om fagtradisjon og fagdidaktikk
  • har kunnskap om fagets plass på ulike samfunnsarenaer, i kulturliv, barnehage og skule
  • har brei kunnskap som tilretteleggjar/fasilitator
  • har kunnskap om estetikk i ein dramafagleg samanheng
  • er bevisst på etiske problemstillingar i drama- og teaterfagleg arbeid
  • har kunnskap om kunstnariske forskingsformer, vitskapsteori og metode

Ferdigheiter

Studenten

  • meistrar forteljarkunst og iscenesetting av tekst, ved å vera ein trygg og poetisk formidlar
  • kan leie deltakarar i kreative prosessar
  • kan nytte dramapedagogiske metodar og konvensjonar
  • har ferdigheiter innanfor spel og improvisasjon
  • har ferdigheiter innanfor kreativ dans
  • kan skape eigne framsyningar
  • kan utvikle og gjennomføre eit teater-i-undervisningen-program
  • har grunnleggjande ferdigheiter innanfor dramaturgi
  • har grunnleggjande ferdigheiter innanfor regi- og produksjonsarbeid

Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggje og gjennomføre prosjekt ut frå gruppa sine føresetnader og premissar
  • kan gjere drama- og teaterfaglege analysar gjennom å lese, sjå og tolke
  • kan nytte fagterminologi både skriftleg og munnleg
  • kan samhandle med andre uavhengig av kontekst
  • kan handtere det uforutsette

Innhald

Studiet består av 13 emne, som alle har eit dramafagleg fokus. Innføringsemnet "Danning og akademisk handverk" gjev ein grunnleggjande innføring i det å vera student og i akademisk verksemd, med dramafaglege perspektiv. Vidare gjev ulike dramafaglege emne ein brei innføring i drama og anvendt teater, og fører fram til arbeidet med eit eige prosjekt og bacheloroppgåva i siste semester.

Praksis

Studieprogrammet har 39 dagar med obligatorisk praksis. I praksis nyttar studenten kunnskapar frå dei ulike studieemna gjennom planlegging, tilrettelegging og leiing av drama-/teaterarbeid.

Praksisen i studiet vil føregå på ulike samfunnsarenaer (til dømes omsorgsheim, fengsel, kulturskole, museum, arbeid med mangfald, festivalar, produksjonar, barnehage og skule).

Kvar studieår inneber praksis. Praksisformane varierer mellom periodepraksis og punktpraksis. Periodepraksis tyder sammenhengande praksis med ein og same gruppe i ei veke eller meir. Punktpraksis kan vera ein gong i veka med ein og same gruppe eller dagpraksis med ulike deltakar- og publikumsgrupper.

Arbeidsformer

Workshop, scenisk formidling, scenisk produksjon, publikumsoppleving, førelesing, praksis, rettleiing, kollokviearbeid, skriftleg oppgåve og FoU-arbeid.

Vurderingsformer

Skriftlege, munnlege og praktiske eksamensoppgåver, delvis individuelt og delvis i grupper.

Krav til studieprogresjon

Ingen

Internasjonalisering

Utveksling kan skje hovudsakleg i det andre studieåret. Vårsemesteret det første og andre året er opent for internasjonale studentar. Dramaseksjonen har utvekslingsavtalar på bachelor-nivå med følgjande institusjonar:

Shanghai Theatre Academy (STA), Kina; Griffith University, Brisbane, Australia; University of Victoria, Victoria BC, Canada; Universität der Künste, Berlin, Tyskland; Avdeling for dramaturgi, Universitetet i Århus, Danmark.

Organisering

1. semester (haust):

  • Inn i drama, 7,5 sp
  • Danning og akademisk handverk, 7,5 sp
  • Munnleg forteljing, 15 sp

2. semester (vår):

  • Dramapedagogikk, 15 sp
  • Teaterhistorie og teaterproduksjon, 15 sp

3. semester (haust):

  • Mellom sal og scene, 15 sp
  • Scenekunst i samtid, 15 sp

4. semester (vår):

  • Kreativ dans (internasjonalt emne), 10 sp
  • Theatre-in-Education (TIE) / Applied Theatre (internasjonalt emne), 20 sp

5. semester (haust):

  • Dramaturgi, 15 sp
  • Litteratur, lesing og formidling, 15 sp

6. semester (vår):

  • Regi: Eige prosjekt på ein vald samfunnsarena, 15 sp
  • Bacheloroppgåve, vitskapsteori og forskingsmetode, 15 sp

Valfritt emne for internasjonale studentar i 4. semester:

  • Innføring i prosessdrama, 5 sp