Hopp til innhald

BVP5-105 Sosialpedagogisk introduksjon

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

Studentane vil få innføring i sosialpedagogikk og lære om barnevernet, med vekt på historikk, sentrale omgrep, teoriar og metodar. Vidare vil studentane få kunnskap om korleis barnevernet er organisert og ansvarsdeling på ulike nivå, samt kva rammer og samfunnsoppdrag som er knytta til barnevernsarbeid. Det vert lagt vekt på FNs barnekonvensjonar som grunnlag for barn og unge si stilling som rettssubjekt i barnevernet og tema om barn, unge og foreldre som brukarar og deira rett til innverknad i eiga sak og eller tenesteutvikling blir presentert i lys av politiske dokument og omgrepa brukarmedverknad og Empowerment. Gjennom undervisning praktiske øvingar og refleksjon får studentane auka bevisstheit om eigen relasjonskompetanse. Det vert vektlagt at kunnskap om kva som kjenneteiknar barndom og oppvekst i eit sosiokulturelt perspektiv. I emnet er det lagt inn skrivekurs med vekt på akademisk skriving og bibliotektilsette underviser i litteratursøk og kjeldebruk. I emnet vil studentane arbeide tverrprofesjonelt med tema yrkesetikk.

Læringsutbytte

Etter gjennomført emne har/kan kandidaten:

Kunnskap

  • Har brei kunnskap om den norske velferdsstatens historie, dagens velferdsmodell og kunnskap om menneskerettane sin plass i velferdsstaten.
  • Kjenner til grunnleggjande etiske omgrep, har brei kunnskap om menneskerettane og yrkesetiske retningslinjene som gjeld for profesjonen.
  • Har brei kunnskap om forvaltninga, verdigrunnlaget forvaltninga byggjer på og oppgåvedeling mellom dei ulike nivåa. Kunnskap om det rettslege grunnlaget for offentleg forvaltning, regjeringa si instruksjonsmynde og organisering.
  • Har kunnskap om og kan gjera greie for grunnleggjande psykologiske omgrep og tenkemåtar.
  • Har kunnskap om, og kan gjere greie for grunnleggjande sosiologiske omgrep og forståingar.
  • Har kunnskap om og kan gjere greie for sentrale vitskapsteoretiske problem og vitskapsfilosofiske retningar, samt gjere greie for kjenneteikn ved forsking og vitskapelig kunnskap.

Ferdigheiter:

  • Kan anvende sin kunnskap om tverrfagleg samarbeid, gjennom arbeid i tverrprofesjonelle studentgrupper.
  • Kan anvende fagleg kunnskap frå dei ulike tema gjennom arbeid med ei teoretisk problemstilling.

Etter gjennomført emne har/kan kandidaten:

Kunnskap

  • Har kunnskap om barnevernet si historie og barnevernspedagogen sin kompetanse
  • Har kunnskap om sentrale teoretiske perspektiv og modellar for sosialpedagogisk arbeid med barn, unge og deira familiar
  • Har kunnskap om barnevernet si organisering, rammer og samfunnsoppdrag
  • Har kunnskap om kommunikasjon i sosialpedagogisk arbeid. skal det flyttast til ferdigheiter?
  • Har kunnskap om betydninga av kjønn i mellommenneskelig samhandling
  • Har kunnskap om etnisitetsomgrepet og ulike kulturomgrep, og om migrasjonsprosessar ved flukt og arbeidsinnvandring
  • Har kunnskap om barn og unge si inkludering og deltaking i ulike oppvekstarenaer som familie, skule, barnehage og fritid.

Ferdigheiter

  • kan reflektere over eiga samhandling i lag med medstudentar og lærarar
  • kan anvende fagleg kunnskap og artikulere dette både skriftleg og munnleg

Generell kompetanse

  • Har innsikt i den norske velferdsmodellen og kunnskap om barnevernspedagogen sin kompetanse i tenestetilbodet til barn, unge og familiar
  • Har innsikt i kjenneteikn ved barndom og oppvekst i Noreg i dag.

Tilrådde forkunnskapar

Opptakskravet

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, seminar, arbeid i gruppe, rettleiing, munnleg og skriftleg framstilling, individuelt arbeid, ferdigheitstrening, digitale verktøy.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Deltaking i undervisning, gruppearbeid og ferdigheitstrening i kommunikasjon og relasjonsarbeid.
  • Refleksjonsnotat i samband med kurs i kommunikasjon og relasjon.
  • Ei individuell skriftleg oppgåve. Studenten får skriftleg tilbakemelding på oppgåva.
  • Obligatorisk deltaking i skrivekurs og oppgåver knytt til undervisninga.
  • Tverrprofesjonelt samarbeid med munnleg framlegging (TPS).
  • Deltaking og etterarbeid i samband med forskingsdagane.
  • Arbeid med mappeoppgåve: Deltaking i tre timar rettleiing i grupper, samt innlevering av tekst i forkant av kvar rettleiing.
  • Alle arbeidskrav må vere greidd før studenten kan framstille seg til eksamen.

Vurderingsform

Skriftleg individuell mappeeksamen - vekting 60%

Skriftleg skuleeksamen, 4 timar - vekting 40%

Bokstavkarakterar