Hopp til innhald

BVP5-105 Sosialpedagogisk introduksjon

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Studentane vil få innføring i sosialpedagogikk og lære om barnevernet, med vekt på historikk, sentrale omgrep, teoriar og metodar. Vidare vil studentane få kunnskap om korleis barnevernet er organisert og ansvarsdeling på ulike nivå, samt kva rammer og samfunnsoppdrag som er knytta til barnevernsarbeid. Det vert lagt vekt på FNs barnekonvensjon om grunnlag for barn og unge si stilling som rettssubjekt i barnevernet og tema om barn, unge og foreldre som brukarar og deira rett til innverknad i eiga sak og eller tenesteutvikling blir presentert i lys av politiske dokument og omgrepa brukarmedverknad og Empowerment. Gjennom undervisning praktiske øvingar og refleksjon får studentane auka bevisstheit om eigen relasjonskompetanse. Det vert vektlagt at kunnskap om kva som kjenneteiknar barndom og oppvekst i eit sosiokulturelt perspektiv. I emnet er det lagt inn skrivekurs med vekt på akademisk skriving og bibliotektilsette underviser i litteratursøk og kjeldebruk. I emnet vil studentane arbeide tverrprofesjonelt med tema yrkesetikk.

Læringsutbytte

Felles læringsutbytte for barnevern, sosialt arbeid og vernepleie

Kunnskap

Kandidaten..

  • Har brei kunnskap om den norske velferdsstatens historie, dagens velferdsmodell og kunnskap om menneskerettane sin plass i velferdsstaten.
  • Kjenner til grunnleggjande etiske omgrep, har brei kunnskap om menneskerettane og yrkesetiske retningslinjene som gjeld for profesjonen.
  • Har brei kunnskap om forvaltninga, verdigrunnlaget forvaltninga byggjer på og oppgåvedeling mellom dei ulike nivåa. Kunnskap om det rettslege grunnlaget for offentleg forvaltning, regjeringa si instruksjonsmynde og organisering.
  • Har kunnskap om og kan gjera greie for grunnleggjande psykologiske omgrep og tenkemåtar.
  • Har kunnskap om, og kan gjere greie for grunnleggjande sosiologiske omgrep og forståingar.
  • Har kunnskap om og kan gjere greie for sentrale vitskapsteoretiske problem og vitskapsfilosofiske retningar, samt gjere greie for kjenneteikn ved forsking og vitskapelig kunnskap.

Ferdigheiter

Kandidaten..

  • Kan anvende sin kunnskap om tverrfagleg samarbeid, gjennom arbeid i tverrprofesjonelle studentgrupper.
  • Kan anvende fagleg kunnskap frå dei ulike tema gjennom arbeid med ei teoretisk problemstilling.

Studiespesifikke læringsutbytte

Etter gjennomført emne har/kan kandidaten:

Kunnskap

Kandidaten..

  • Har kunnskap om barnevernet si historie og barnevernspedagogen sin kompetanse
  • Har kunnskap om sentrale teoretiske perspektiv og modellar for sosialpedagogisk arbeid med barn, unge og deira familiar
  • Har kunnskap om barnevernet si organisering, rammer og samfunnsoppdrag
  • Har kunnskap om kommunikasjon i sosialpedagogisk arbeid.
  • Har kunnskap om betydninga av kjønn i mellommenneskelig samhandling
  • Har kunnskap om etnisitetsomgrepet og ulike kulturomgrep, og om migrasjonsprosessar ved flukt og arbeidsinnvandring
  • Har kunnskap om barn og unge si inkludering og deltaking i ulike oppvekstarenaer som familie, skule, barnehage og fritid.

Ferdigheiter

Kandidaten..

  • kan reflektere over eiga samhandling i lag med medstudentar og lærarar
  • kan anvende fagleg kunnskap og artikulere dette både skriftleg og munnleg

Generell kompetanse

Kandidaten..

  • Har innsikt i den norske velferdsmodellen og kunnskap om barnevernspedagogen sin kompetanse i tenestetilbodet til barn, unge og familiar
  • Har innsikt i kjenneteikn ved barndom og oppvekst i Noreg i dag.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Generell studiekompetanse

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, seminar, arbeid i gruppe, rettleiing, munnleg og skriftleg framstilling, individuelt arbeid, ferdigheitstrening, digitale verktøy.

Obligatorisk læringsaktivitet

Arbeidskravet er gyldig dei tre påfølgjande semester. Arbeidskrav må vere godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen i emnet.

  • Deltaking i undervisning, gruppearbeid og ferdigheitstrening i kommunikasjon og relasjonsarbeid.
  • Refleksjonsnotat i samband med kurs i kommunikasjon og relasjon.
  • Deltaking i oppgåveseminar i arbeidet med mappeoppgåve.
  • Deltaking i skrivekurs og oppgåver knytt til undervisninga.
  • Fleirfagleg arbeid med munnleg framlegging (TPS).
  • Deltaking og etterarbeid i samband med forskingsdagane.  

Vurderingsform

Heimeeksamen. Individuell. 1 veke. Vekting 60%

Mappeeksamen. Individuell. Vekting 40%.Eksamensmappa inneheld to oppgåver. Studenten har rett på ei skriftleg tilbakemelding undervegs i arbeidet med kvar av mappeoppgåvene.

Bokstavkarakter.

Begge oppgåver må være greidd for å få greidd eksamen. Dersom kandidaten får karakteren F på mappeeksamen, kan han/ho levere revidert utgåve av same oppgåve ved eit nytt eksamensforsøk.  Dersom kandidaten får karakteren F ved andre forsøk skal det leverast ei ny oppgåve med ny problemstilling.

Hjelpemiddel ved eksamen

Lovlege hjelpemiddel - alle

Meir om hjelpemiddel