Hopp til innhald

BVP5-106 Barn og unges kvardagsliv, oppvekst og utvikling

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

Emnet inneheld faga psykologi, pedagogikk, drama og førebyggjande miljøarbeid i ulike kontekstar. Det inngår 2 veker praksis (i grupper) i barnehage i emnet. Studentane skal gjennom observasjon og deltaking få kunnskap om barn sin kvardag i barnehagen. Studentane skal ha kunnskapar som gjer det mogeleg for dei å reflektere over barn si utvikling og læring sett i lys av faga i emnet.

Læringsutbytte

Etter gjennomført emne har/kan kandidaten

  • har kunnskap om, og kan gjere greie for generell psykologi, utviklingspsykologi og sosialpsykologi
  • har kunnskap om, og kan gjere greie for tverrprofesjonelle bidrag for å sikra barn og unge sine levekår

Etter gjennomført emne har/kan kandidaten

  • kunnskap om ulike teoriar om læring
  • kunnskap om lovgrunnlaget og prosedyrane for spesialpedagogisk hjelp i skulen
  • kunnskap om prinsippa til eit relasjonelt pedagogisk perspektiv
  • anvende didaktiske prinsipp i pedagogisk læringsarbeid

Etter gjennomført emne har/kan kandidaten

  • kunnskap om folkehelse
  • kunnskap om førebyggjande miljøarbeid og skulen som arena for barnevernet
  • kunnskap om levekår til barn og unge med nedsett funksjonsevne
  • kunnskap om systemteori og korleis systemteoretiske perspektiv vert brukt i arbeid med med barn, unge og deira familiar
  • kunnskap om barn og ungdom i ein norsk migrasjonskontekst og om einslege mindreårige flyktningar sin situasjon
  • juridisk og barnevernsfagleg kunnskap om dokument i klientarbeid, samt kunne anvende denne i bruk og utforming av dokumenta

  • anvende observasjonsmetodar for å forstå samspel mellom barn og samspel mellom barn og vaksne i barnehage og relatere erfaringar frå observasjonspraksis i barnehage til faglege perspektiv
  • anvende dramafaglege aktivitetar i kontaktetablering og samhandling med barn

  • Kan formidle kunnskap om barn og unge si utvikling i eit sosiokulturelt perspektiv.
  • Har innsikt i kva som kan vere barnevernet si rolle i samarbeid med barnehagen.

Krav til forkunnskapar

Studenten må ha opparbeidd seg eksamensrett i emnet BVP5-105 Sosialpedagogisk introduksjon

Tilrådde forkunnskapar

Opptakskravet

Undervisnings- og læringsformer

Seminar, førelesingar, arbeid i grupper, rettleiing, munnleg og skriftleg framstilling individuelt og i grupper, plenumsdiskusjonar, individuelt studium og ulike former for ferdigheitstrening

Obligatorisk læringsaktivitet

Deltaking i undervisning, gruppearbeid og ferdigheitstrening i drama.

Obligatorisk deltaking i undervisning og øvingar i bruk og utforming av klientdokument

Observasjonspraksis. (Sjå eige avsnitt om praksis).

Alle arbeidskrav må vere greidd før ein kan framstille seg til eksamen

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen 6 timer, vekting 50%.

Mappeeksamen, vekting 50%. Eksamensmappa inneheld to oppgåver der den eine oppgåva er praksisoppgåva.

Bokstavkarakter.

Studenten har rett på ei skriftleg tilbakemelding undervegs i arbeidet med kvar av mappeoppgåvene, og i tillegg ein time rettleiing klassevis på praksisoppgåva.

Ved ny mappevurdering på grunn av stryk skal omarbeidde tekstar leverast inn. Ved forsøk på forbetring av karakter skal heile emnet takast opp att.

Vurdering av praksis: Praksisen vert vurdert som greidd / ikkje greidd

I praksis vert studenten vurdert på grunnlag av:

1) Krav til nærvær på praksisplassen
Praksisperioden er obligatorisk og fråvær vert berre godteke i samband med sjukdom, maksimalt 2 dagar.

2) Normer og reglar i arbeidslivet
Studenten skal vise respekt for normer og reglar i arbeidslivet og opptre i samsvar med desse.

3) Faglege ferdigheiter

  • kunne vise fleksibilitet i kommunikasjon og samhandling med barna og dei tilsette på praksisplassen
  • kunne arbeide med fokus på barna sine behov og frå barna sitt perspektiv
  • vise evne til å observere
  • kunne analysere erfaringane sine med hjelp frå dei faglege perspektiva frå undervisninga i emnet
  • kunne skilje mellom personlege og faglege verdiar, og utføre arbeidet på ein etisk forsvarleg måte

GODKJENNING
Praksisrettleiar tilrår praksis godkjent/ikkje godkjent. Høgskulen vurderer arbeidskrav og avgjer endeleg godkjenning/ikkje godkjenning av praksis. Ved vurdering av praksis nyttast karakteren greidd/ikkje greidd.