BVP5-106 Barn og unges kvardagsliv, oppvekst og utvikling
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Emnet inneheld faga psykologi, pedagogikk, drama og førebyggjande miljøarbeid i ulike kontekstar. Det inngår 2 veker praksis (i grupper) i barnehage i emnet. Studentane skal gjennom observasjon og deltaking få kunnskap om barn sin kvardag i barnehagen. Studentane skal ha kunnskapar som gjer det mogeleg for dei å reflektere over barn si utvikling og læring sett i lys av faga i emnet.
Læringsutbytte
Felles læringsutbytte for barnevern, sosialt arbeid og vernepleie
Etter gjennomført emne har/kan kandidaten
Kunnskap
- har kunnskap om, og kan gjere greie for generell psykologi, utviklingspsykologi og sosialpsykologi
- har kunnskap om, og kan gjere greie for tverrprofesjonelle bidrag for å sikra barn og unge sine levekår
Felles læringsutbytte barnevern og vernepleie
Etter gjennomført emne har/kan kandidaten
Kunnskap
- kunnskap om ulike teoriar om læring
- kunnskap om lovgrunnlaget og prosedyrane for spesialpedagogisk hjelp i skulen
- kunnskap om prinsippa til eit relasjonelt pedagogisk perspektiv
- anvende didaktiske prinsipp i pedagogisk læringsarbeid
Studiespesifikke læringsutbytte
Etter gjennomført emne har/kan kandidaten
Kunnskap
- kunnskap om folkehelse
- kunnskap om førebyggjande miljøarbeid og skulen som arena for barnevernet
- kunnskap om levekår til barn og unge med nedsett funksjonsevne
- kunnskap om systemteori og korleis systemteoretiske perspektiv vert brukt i arbeid med med barn, unge og deira familiar
- kunnskap om barn og ungdom i ein norsk migrasjonskontekst og om einslege mindreårige flyktningar sin situasjon
- kunnskap om dokument i klientarbeid, samt kunne anvende denne i bruk og utforming av dokumenta
Ferdigheiter
- anvende observasjonsmetodar for å forstå samspel mellom barn og samspel mellom barn og vaksne i barnehage og relatere erfaringar frå observasjonspraksis i barnehage til faglege perspektiv
- anvende dramafaglege aktivitetar i kontaktetablering og samhandling med barn
Generell kompetanse
- kan formidle kunnskap om barn og unge si utvikling i eit sosiokulturelt perspektiv.
- har innsikt i kva som kan vere barnevernet si rolle i samarbeid med barnehagen.
Krav til forkunnskapar
Studenten må ha opparbeidd seg eksamensrett i emnet BVP5-105 Sosialpedagogisk introduksjon
Tilrådde forkunnskapar
Opptakskravet
Undervisnings- og læringsformer
Seminar, førelesingar, arbeid i grupper, rettleiing, munnleg og skriftleg framstilling individuelt og i grupper, plenumsdiskusjonar, individuelt studium og ulike former for ferdigheitstrening
Obligatorisk læringsaktivitet
Deltaking i undervisning, gruppearbeid og ferdigheitstrening i drama og tverrprofesjonell samarbeidslæring.
Obligatorisk deltaking i undervisning og øvingar i bruk og utforming av klientdokument
Observasjonspraksis. (Sjå eige avsnitt om praksis).
Alle arbeidskrav må vere greidd før ein kan framstille seg til eksamen. Arbeidskrava er gyldig dei tre påfølgande semestra.
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen. 4 timar. Vekting 50%.
Mappeeksamen. Vekting 50%. Eksamensmappa inneheld to oppgåver der den eine oppgåva er praksisoppgåva.
Bokstavkarakter.
Studenten har rett på ei skriftleg tilbakemelding undervegs i arbeidet med kvar av mappeoppgåvene, og i tillegg ein time rettleiing klassevis på praksisoppgåva.
Ved ny mappevurdering på grunn av stryk skal omarbeidde tekstar leverast inn. Dersom kandidaten får karakter F ved andre forsøk skal det leverast ei ny oppgåve med ny problemstilling. Ved forsøk på forbetring av karakter skal heile emnet takast opp att.
Vurdering av praksis: Praksisen vert vurdert som greidd / ikkje greidd
I praksis vert studenten vurdert på grunnlag av:
1) Krav til nærvær på praksisplassen
Praksisperioden er obligatorisk og fråvær vert berre godteke i samband med sjukdom, maksimalt 2 dagar.
2) Normer og reglar i arbeidslivet
Studenten skal vise respekt for normer og reglar i arbeidslivet og opptre i samsvar med desse.
3) Faglege ferdigheiter
- kunne vise fleksibilitet i kommunikasjon og samhandling med barna og dei tilsette på praksisplassen
- kunne arbeide med fokus på barna sine behov og frå barna sitt perspektiv
- vise evne til å observere
- kunne analysere erfaringane sine med hjelp frå dei faglege perspektiva frå undervisninga i emnet
- kunne skilje mellom personlege og faglege verdiar, og utføre arbeidet på ein etisk forsvarleg måte
GODKJENNING Praksisrettleiar tilrår praksis godkjent/ikkje godkjent. Høgskulen vurderer arbeidskrav og avgjer endeleg godkjenning/ikkje godkjenning av praksis. Ved vurdering av praksis nyttast karakteren greidd/ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Lovlege hjelpemiddel:
skuleeksamen - lovsamling og ordliste
mappeeksamen - alle hjelpemiddel tillatt
Meir om hjelpemiddel