BVP5-205 Kommunikasjonskompetanse, ungdom og marginalisering
Emneplan for studieåret 2017/2018
Innhald og oppbygging
Emnet er sett saman av faga miljøarbeid, kommunikasjon og relasjonsarbeid, rus, kriminalitetskunnskap og marginalisering/sosial integrasjon knytta mot ungdom. I faget miljøarbeid er det miljøterapeutisk arbeid med ungdom som er vektlagt. I emnet vil studentane få undervisning i kommunikasjon med barn, unge og familiar og det vil vere ferdigheitsøvingar knytta til denne undervisingen. Mellom anna vil studentane ha individuell oppgåve der dei gjennomfører samtale med eit barn dei ikkje kjenner.
Læringsutbytte
Etter gjennomført emne har/kan kandidaten
- kunnskap om straff, strafferett, straffeprosess, straffesystemet og alternative reaksjonsformer overfor unge lovbrytarar.
Etter gjennomført emne har/kan kandidaten
Kunnskap
- har kunnskap om ungdom, marginalisering og sosial inklusjon.
- kan vurdere kva som er eit godt miljøterapeutisk tiltak innanfor ein institusjon og vurdere bruk av makt og tvang overfor ungdom i forhold til autonomi og brukarmedverknad.
- har kunnskap om ungdom og ruskultur og kva som kan vere tenleg rusarbeid og behandling.
- har kunnskap om teoriar som forklarer korleis avvik/kriminalitet kan springe ut av samhandlingsprosessar og generelle samfunnsforhold
- har kunnskap om familierettslege problemstillingar
- har kunnskap om livsformsintervju som samtalemetodik
Ferdigheiter
- Kan anvende kunnskap om samanheng mellom det personlege og det profesjonelle i barnevernspedagogen sitt liv og anvende dette til å utvikle relasjonskompetanse.
- Kan anvende livsformsintervju i samtale med barn og unge
Generell kompetanse
- Har kunnskap om ungdom, marginalisering og sosial inklusjon og kunne vurdere kva som kan vere aktuelle tiltak for denne gruppa unge.
Krav til forkunnskapar
Alle emne frå første året i bachelorstudiet i barnevern må vere greidd før ein kan framstille seg til eksamen.
Undervisnings- og læringsformer
Det vert nytta ulike undervisnigs- og læringsformer i emnet: Førelesingar, seminar, arbeid i gruppe, rettleiing, munnleg og skriftleg framstilling, individuelt arbeid, ferdigheitstrening, digitale verktøy.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Obligatorisk deltaking i undervisning, gruppearbeid og ferdigheitstrening i kommunikasjons- og relasjonsarbeid
- Individuell oppgåve knytt til kommunikasjon med barn.
- Individuelt refleksjonsnotat i kommunikasjon og relasjonsarbeid.
Studentane får munnleg tilbakemelding i gruppe på individuell oppgåve knytt til kommunikasjon med barn.
Studentane får skriftleg tilbakemelding på individuelt refleksjonsnotat
Alle arbeidskrav må vere greidd før ein kan framstille seg til eksamen
Vurderingsform
Heimeeksamen 1 veke
Bokstavkarakter