ID3-221 Folkehelsearbeid
Emneplan for studieåret 2017/2018
Innhald og oppbygging
Folkehelsearbeid Helseomgrepet Sosial ulikskap og helse Helsepolitikk og politiske planar Fysisk aktivitet i folkehelsearbeid Kosthald i folkehelsearbeid Folkehelsearbeid på ulike arenaer Instruktørrolla og treningsrettleiing Aktuelle praktiske aktivitetar: sal, sykkel, styrke- og basistrening
Læringsutbytte
Etter fullført emne skal studenten:
- kunne diskutere kva som ligg i omgrepa helse, folkehelse og fysisk aktivitet
- kunne gi generelle tilrådingar om fysisk aktivitet og kosthold for friske
- kunne greie ut om og analysere utviklinga av fysisk aktivitet og kosthold i den norske befolkninga
- ha brei kunnskap om folkehelsearbeid på nasjonalt, regionalt og lokalt plan
- ha brei kunnskap om folkehelsearbeid på ulike arenaer
- kunne drøfte sentrale faktorar som påverkar helsa vår, slik som livsstil og helseadferd, strukturelle faktorar og sosial ulikskap
- kunne gjennomføre ulike typar fysisk aktivitet for friske med fokus på instruktørrolla
Krav til forkunnskapar
Fullført 1. år bachelor idrett eller tilsvarande
Undervisnings- og læringsformer
Førelesningar, diskusjonar, praktisk arbeid, gruppe- og individuelt arbeid. Studentane får framleggings- og innleveringsoppgåver gjennom studiet som skal stimulere til større eigenaktivitet og eigenlæring.
Obligatorisk læringsaktivitet
Det er obligatorisk frammøte i timar med gruppeframlegging, eksterne føreleserar og praktiske timar Det er tre teoretiske arbeidskrav (eit individuelt og to i gruppe) og to praktiske arbeidskrav (sal/sykkel og styrketrening) som skal vera bestått for å få gå opp til eksamen
Vurderingsform
Individuell heimeeksamen.
Tid: 5 dagar
Graderte karakterar (A-F).