ID3-222 Førebyggande fysisk aktivitet
Emneplan for studieåret 2017/2018
Innhald og oppbygging
Tilnærming til aktivitet ¿ ¿SOAP¿-modellen Endring av vanar og motiverande intervju Labkurs i helseprofilvurdering Praksis
Læringsutbytte
Etter fullført emne skal studenten ha:
- kunnskap om aktuelle livsstilssjukdommar
- kunnskap om kommunikasjonsverktøy til gjennomføring av motiverande intervju
- kunnskap om korleis fysisk aktivitet kan brukast som primær, sekundær og tertiær førebygging for dei einskilde livsstilssjukdommane
- innsikt i forskinga som ligg til grunn for val av treningsmetodar, aktivitetstypar og dosering av aktivitet innanfor dei aktuelle sjukdommane
- kjennskap til praktisk gjennomføring av fysisk aktivitet for personar med livsstilssjukdommar
- erfaring med praktisk arbeid på institusjonar og erfaring med praksisevaluering
- kjenne til og kunne gjennomføre helseprofilvurdering
Krav til forkunnskapar
Fullført 1.år bachelor idrett eller tilsvarande
Undervisnings- og læringsformer
Forelesingar, diskusjonar, praktisk arbeid, labarbeid, gruppe- og individuelt arbeid. Studentane får framleggings- og innleveringsoppgåver gjennom emnet som skal stimulere til større eigenaktivitet og eigenlæring.
Obligatorisk læringsaktivitet
Før studentane kan framstille seg til eksamen må dei ha fått godkjent labkurs, praksis, praksisrapport og 80 % deltaking på den obligatoriske undervisninga.
Vurderingsform
Munnleg, individuell eksamen, med gradert karakter (A-F)