ID3-223 Fysisk aktivitet i eit livsløpsperspektiv
Emneplan for studieåret 2017/2018
Innhald og oppbygging
Vekst, utvikling og fysisk yteevne hjå barn og unge Tidleg spesialisering eller allsidig fysisk aktivitet/trening for barn og unge? Alderdomsprosessar hjå eldre Fysisk aktivitet og helse hjå barn, unge og eldre Fysisk aktivitet som førebyggande for barn, unge og eldre si helse Tilrådingar om fysisk aktivitetsnivå og fysisk yteevne hjå barn, unge og eldre Fysisk aktivitet og risikofaktorar for hjarte- og karsjukdommar hjå barn, unge og eldre Tiltak for å auke fysisk aktivitet hjå barn, unge og eldre, med spesiell fokus på intervensjonar Entreprenørskap
Læringsutbytte
Etter emnet skal studenten:
- ha kunnskap om korleis fysisk aktivitet påverkar og kan tilpassast barn, unge og eldre i eit førebyggande og helsefremmande perspektiv
- ha kunnskap om korleis teste barn, unge og eldre i ulike former for fysisk aktivitet som uthald og styrke, samt ha kunnskap om korleis evaluere fysisk aktivitet hjå barn, unge og eldre
- ha kunnskap om korleis planlegge, gjennomføre og evaluere ein intervensjon med fysisk aktivitet for barn, unge og eldre
- ha kjennskap til entreprenørskap retta mot eige fagområde
Krav til forkunnskapar
Årseining idrett eller 1. år bacehelor i idrett- eller friluftsliv, eller anna relevant utdanning
Undervisnings- og læringsformer
Undervisninga vil gjennomførast som førelesningar, gruppearbeid og studentpresentasjonar. Det vil også vere praktiske økter. Det er delvis lagt opp til førelesingar som blir avslutta med oppgåver som studentane presenterar i plenum. Undervisningsopplegget føreset at studentane førebur seg til undervisning og arbeidar med stoffet mellom førelesingane.
Obligatorisk læringsaktivitet
Obligatorisk oppmøte (80 %) under studentframføringar som inkluderar at studenten presenterar (i grupper) faglege oppgåver gitt av faglærar, samt obligatorisk oppmøte i praktiske økter. Innlevering av to skriftlege arbeidskrav, eitt individuelt arbeid og eitt gruppearbeid, som må vere godkjent.
Vurderingsform
Individuell heimeeksamen.
Tid: 5 dagar
Gradert karakter (A-F)